Milliondoen på Sognefjellet står klar

Trengd på veg over Sognefjellet? No kan du ta i bruk den nye milliondoen på den populære rasteplassen på Oscarshaug.

Oscarshaug toalett

ENDELEG KLAR: Mange vel å stoppe på Oscarshaug for å ta ein pause.

Foto: Malin Hannesdatter Sunde

Har du lagt bilferien over Sognefjellet i år?

I så fall kan du vere trygg på at til og med toalettbesøket blir ei oppleving.

Det var nemleg duka for opning med pomp og prakt på Sognefjellet i dag då det heilt spesielle toalettet på rasteplassen Oscarshaug sto fram i ei heilt ny drakt.

Åpning Oscarshaug

SPEKTAKULÆR UTSIKT: Frå Oscarshaug får ein storslått utsikt mot fjella Hurrungane.

Foto: Elise Kvien

Prestisjeprosjekt

Ei drakt som har kosta 1,1 millionar.

– Dette er eit restaureringsprosjekt som blei litt meir enn det vi har håpa på. I staden for å rive den gamle doen, fann vi ut at vi skulle setje ei stålhette over den gamle. Så bytta vi ut innmaten, seier strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Sognefjellet, Werner Harstad til NRK.

Form, funksjon og moderne arkitektur har stått sentralt i utviklinga av den spesielle stålkonstruksjonen.

– Nasjonale turistvegar er eit prestisjeprosjekt for oss, og vi ynska å komme med noko nytt og spennande, sier Harstad.

Oscarshaugen

ILLUSTRASJON: Slik så illustrasjonen til milliondoen ut før den blei bygd.

Foto: Frid-Jorunn Stabell / Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Moden for eit løft

Den snart 30 år gamle rasteplassen på Oscarshaug var moden for ny energi og identitet.

Rasteplassen er ein del av dei Nasjonale turistvegane og er ein godt besøkt rasteplass.

– Det var omtrent to og eit halvt år sidan vi begynte å få klager på praktiske ting ved toalettet. Det er ganske hard bruk på slike doar på fjellet, fordi det er mange turistar som køyrer opp hit. Då er det viktig at dofasilitetane er gode, sier Werner Harstad.

Det var Jensen og Skodvin arkitektkontor som fekk oppdraget med å gi rasteplassen ein ny identitet.

– Vi ville lage noko som ikkje var eit hus, og vi ville heller ikkje lage noko som var eit landskap. Så då blei det noko midt i mellom, som kanskje er eit dyr, seier arkitekt Øystein Skorstad spørjande.

Milliondoen

VIL FÅ FOLK TIL Å UNDRAST: Kva trur du arkitektane har blitt inspirert av?

Foto: Malin Hannesdatter Sunde

Vakker rasteplass

– Eg skal vere varsam med å rangere rasteplassar i Noreg, men det er knapt nok eit vakrare bakteppe til ein rasteplass enn du finn på her Oscarshaug, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen, til NRK.

Det er ikkje berre utsikta som kjem til godt med det nye toalettet.

– Det er voldsomt greitt å ha eit toalettbygg der ein slepp å tenkje på at ein må opp å måke snø, for denne her toler sikkert mange meterst med snø, seier Kvalen.

Den spesielle takkonstruksjonen på toalettet veg nemleg 16 tonn, og skal verne doen for vêr og vind.

– Folk som er opptatt av litt nye ting og ny arkitektur kan glede seg til å oppleve dette, seier Kvalen.

Ordfører Ivar Kvalen

NØGD ORDFØRAR: Ordførar i Luster Ivar Kvalen smilte bredt under dagens opning.

Foto: Elise Kvien

Eit av fleire prosjekt

Rasteplassen på Sognefjellet er berre eit av fleire prosjekt Nasjonale turistvegar planlegg å ferdigstille i 2021.

Mortensnes i Varangerfjorden er ein av dei stadane langs Nasjonale Turistvegar som snart skal stå ferdig oppgradert, ifølgje Nasjonale turistvegars pressekontakt Per Ritzler.

Her ligg eit av dei rikaste og mest særprega kulturminneområda i Skandinavia.

Statens vegvesen har blant anna fornya parkeringsplassen og tilkomsten til museet, og oppgradert kulturstiar i landskapet.

– Vi bidreg til å styrke Noreg sitt omdøme internasjonalt med den bruken av moderne arkitektur i storslegen natur, har Per Ritzler fortalt NRK.

Mortensnes, Nasjonale turistvegar. Ceavccageađgi

STRAKS KLAR: Oppgraderingen på Mortensnes planlegges å vere klar tidleg i haust.

Foto: Hugo Fagermo / Nasjonale turistvegar