Hopp til innhold

Snart kan du gå på den nye milliondoen på Sognefjellet

Med utsikt til nokre av dei høgste fjella i Noreg kan du frå i sommar av gjere frå deg under ein takkonstruksjon som veg 16 tonn.

Oscarshaug på Sognefjellet.

NYTT OG GAMALT: På rasteplassen på Oscarshaug ser ein rett mot ville og vakre Hurrungane i Jotunheimen.

Foto: Frid-Jorunn Stabell / Statens vegvesen

Nytt tak på toalettet på Oscarshaug på Sognefjellet er berre ein av fleire nye attraksjonar langs dei nasjonale turistvegane i Noreg i 2021.

Rasteplassen og haugen fekk namnet fordi kong Oscar II rei over Sognefjellet i 1860.

– Framfor å bytte panel og tak på toalettbygget, er det heist og sveisa på plass ei 16 tonn hette i stål over det eksisterande bygget som vern for vêr og vind, fortel Per Ritzler.

Har brukt milliardar

Planlegging og fornying av rasteplassen på Oscarshaug har kosta 3,5 millionar kroner.

– Det som er gjort av fornying av Oscarshaug, planlegging og gjennomføring har kosta om lag 3,5 millionar kroner, fortel Ritzler.

Hittil har satsinga på nasjonale turistvegar i Noreg kosta i overkant av 4,2 milliardar kroner – og tidvis har det kome mykje kritikk mot pengebruken. Som til dømes mot «gulldassen» på Senja.

Men Statens vegvesen er overtydde om at denne satsinga vil gje langt meir igjen i kroner og øre for reiselivsbedriftene langs vegane og reiselivet generelt.

Dei siste åra har dei gjort grundige økonomiske analysar og hatt tett kontakt med næringa langs dei 18 vegane.

– I dei seinare åra har turisttrafikken auka, men det viktigaste er at staten gjennom denne turistvegsatsinga bidreg til auka lønsemd blant bedriftene langs strekningane, fortel Ritzler.

Viktig for turistverksemdene

Ei av bedriftene som stadig gler seg over satsinga er Flatheim gard i Viksdalen i Sunnfjord. Dei ligg strategisk plassert langs turistvegen over Gaularfjellet.

– Vi har eit veldig godt samarbeid med dei og vi er nok avhengige av den statusen vegen her har fått, seier Sigurd Årskaug.

Saman med sambuar Heidi Vallestad satsar dei stort på å nå akkurat dei turistane som vel å oppsøke turistvegen.

– Men Nasjonale turistvegar er nok ganske avhengig av slike som oss som satsar langs vegen, seier Årskaug.

Mortensnes, Nasjonale turistvegar. Ceavccageađgi

KULTURHISTORIE: På Mortensnes / Ceavccageađgi i Nesseby kommune har dei blant anna fornya parkeringsplassen og tilkomsten til museet i området.

Foto: Hugo Fagermo / Nasjonale turistvegar

Prisvinnande prosjekt

I løpet av eit par år vil det vere over 200 installasjonar langs dei 18 turistvegane, alt frå utkikkspunkt til toalett.

– Vi bidrar også til å styrke Noreg sitt omdøme internasjonalt med det bruken av moderne arkitektur i storslegen natur, meiner Per Ritzler.

Gjennom dei 30 åra satsinga har vart, har Nasjonale turistvegar fått ei rekke prisar og utmerkingar.

– Dette er også viktig for å bygge omdømet til Noreg, seier Ritzler.

Tyrvefjøra, Nasjonale turistvegar.

KLAR I 2022: I ei lita bukt utanfor Ålvik langs Hardangerfjorden skal rasteplassen Tyrvefjøra utstyrast med eit toalett ingen har sett maken til.

Illustrasjon: Arkitekt Helen & Hard / Statens vegvesen