Hopp til innhold

Då dei kom tilbake til denne øya, var nesten all mikroplasten borte

Forskarane sjekka effekten av plastrydding. Svaret dei fekk overraska.

Rune Gaasø og Kenneth Bruvik

SKREKKØY: Litle Lyngøyane i Øygarden har blitt kalla for plastøya. No har øya blitt eit forskingsprosjekt.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Å rydda havet tomt for plast kan verka som ei umogleg oppgåve.

Folk i heile landet har rydda plast langs fjordar og sjøen i stor stil dei siste åra.

Spesielt etter at ein kval i 2017 vart funnen med magen full av plast utanfor Sotra, har det vore hopetal av aksjonar med ivrige plastryddarar.

«Plastkvalen» fekk faktisk ein av fire til å plukka plast same år. Samtidig er omfanget av plast i havet enormt.

Men hjelper det?

No har ei gruppe forskarar funne svaret. Og det dei fann ut overraskar svært positivt.

Strandrydding på Lisle Lyngøy

Det vart samla enorme mengder med plast og avfall frå Litle Lyngøyane utanfor Øygarden.

Foto: Pandora Film

Skrekkøya med plast

I havgapet utanfor Øygarden ligg Litle Lyngøyane.

Då forskarar for første gong kom til øya for nokre år sidan, låg plastbitar, tauverk og enorme mengder anna søppel og duppa i det skitne vatnet.

Prøvar frå jorda viste at det var plast ned til halvannan meter under overflata.

I 2020 og 2021 var forskarar på øya for å gjera undersøkingar for å finna ut kva plastsøppelet gjer med naturen, og ikkje minst om rydding av plast faktisk fungerer.

Det er på denne øya forskarane har studert nøye for å finna ut effekten av plastrydding.

Fasit: Rydding av plast kan redusera massen av mikroplast eit år seinare med heile 99,5 prosent.

PLASTDUGNAD HARDANGERFJORDEN

RYDDEDUGNAD: I fjor vart det samla inn rundt 20 tonn med plast og søppel under den store aksjonen Rein Hardangerfjord. På Ringøy i Ullensvang fann dei lokale mykje søppel i fjæra.

Foto: Tale Hauso / NRK

99,5 prosent av mikroplast borte

Forskarane frå Norce har nyleg publisert svara. Rapporten deira slår fast at det nyttar å rydda plast, og i mykje større positivt omfang enn venta.

– Eit av dei viktigaste funna er at rydding av plast reduserer mengda av mikroplast året etter, seier Gunhild Bødtker, seniorforskar i Norce.

– Denne forskinga her vil løfta engasjementet og forplikta regjeringane rundt om i verda om at dette må det brukast ressursar på, seier Kenneth Bruvik, styreleiar i Framtidshavet.

Stor forskjell frå i fjor og i år

Det er gode nyheiter for plastryddarar ein annan plass på Vestlandet.

I fjor vart det sett i gong ein storstilt aksjon for å rydda verdas femte lengste fjord, Hardangerfjorden. Over 2300 frivillige deltok og rydda 20 tonn plast og søppel.

I år var det igjen klart for ryddeaksjon med over 800 deltakarar på 63 aksjonar.

Og ein ting utmerka seg. Under årets aksjon kunne ein sjå at fleire stader som vart rydda i fjor såg mykje betre ut i år. Totalt vart det rydda 11 tonn plast.

Rein Hardangerfjord 2022 i ei vik i Ølve i Kvinnherad.

Rydding av vik i Ølve i Kvinnherad under Rein Hardangerfjord i 2022.

Rydding av vik i Ølve i Kvinnherad under Rein Hardangerfjord i 2023

Rydding av vik i Ølve i Kvinnherad under Rein Hardangerfjord i 2023.

Eit ryddeteam på rundt 20 personar frå sjømatnæringa hadde i fjor ansvaret for å rydda ei gøymd vik i Ølve i Kvinnherad. På berre nokre timar rydda dei over 1,4 tonn plast og avfall.

I vika låg det store ting som kanner, blåser og utemøblar. Under torva var det lag på lag med plast som hadde lege der i mange år.

– Det var heilt sjokkerande å sjå. Det gjorde veldig inntrykk over kor ille det var, seier Henrik Horjen i Sjømat Noreg.

Men i år var gjengen tilbake til same vik. No kunne dei sjå at det var lite søppel og plast der.

– Det er veldig tryggande å sjå at det nyttar, seier Horjen.

PLASTDUGNAD HARDANGERFJORDEN

Under plastdugnaden har dei frivillige funne alt frå kanner til utemøblar.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Må unngå at plast hamnar i havet

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner rapporten er gode nyheiter.

– Det er veldig gledeleg, seier han.

Men han understrekar at plastforsøpling framleis er eit problem.

– Som Kenneth Bruvik seier «kor kan vi stenge kranen?». Vi må no unngå at søppel og plast hamnar i havet, seier statsministeren.

Statsminister Jonas Gahr Støre og Kenneth Bruvik.

Statsministeren møtte Kenneth Bruvik på Møvik kai i Øygarden. Bruvik fortalde om arbeidet med rydding av plast i havet.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Global plastavtale?

Men no kan det kanskje koma ei løysing på lang sikt.

Nordisk ministerråd presenterte denne veka ein ny rapport i FN som viser at plastforureining kan bli redusert med 90 prosent innan 2040 om det kjem ein global plastavtale på plass.

Avtalen forpliktar FN sine medlemsland til å ta grep for å redusera plastforureining og plastforbruk, i tillegg til å etablera ein sirkulær plastøkonomi.

– No har vi moglegheit til å få på plass ein effektiv plastavtale, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Kjem landa til å bli einige om ein felles plastavtale?