Hopp til innhold

«Plastkvalen» fekk ein av fire til å plukke plast

Etter at den sjeldne gåsenebbkvalen vart funnen med magen full av plast på Sotra, har 25 prosent av befolkninga plukka plast. – Imponerande, seier forskar.

Store mengder søppel på Landro utenfor Sotra

RYDDA STRENDER: «Plastkvalen» sette forureining på dagsordenen. I tida etter vart fleire strender rydda for søppel som var skylt i land.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Den stranda gåsenebbkvalen som vart funnen med magen full av plast på Sotra for eitt år sidan vekka stort engasjement. Kvalen fekk medieomtale i over 50 land, og her heime tok ei rekke frivillige opp kampen mot forsøpling.

– Plastkvalen skal ikkje ha døydd forgjeves, sa Kenneth Bruvik i Norges jeger og fiskeforbund, like etter at den sjuke kvalen vart skoten.

No har Universitetet i Bergen undersøkt kor mange som faktisk tok opp kampen mot plastforsøpling i ettertid.

Ei fersk undersøking viser at ein fjerdedel av eit representativt utval av Noregs befolkning har samla plast dei siste tolv månadane, enten på eiga hand eller organisert.

– Det er eit relativt høgt tal. Plastkvalen verkar å ha skapt mykje folkeleg engasjement, seier forskar Endre Tvinnereim ved Uni Research Rokkansenteret.

– Mange bryt saman

Bruvik overvelda av engasjementet til det norske folk.

– Det er fint å sjå at folk reagerer på dette og ønskjer å hjelpe. Vi kjem til å minnast denne kvalen kvart einaste år framover.

Undersøkinga, som er gjennomført av Norsk medborgerpanel, viser at det siste året har:

  • 3 prosent plukka plast organisert
  • 22 prosent plukka plast på eiga hand
  • 24 prosent har ikkje plukka plast, men ønskjer å vere med på det
  • 51 prosent ikkje har plukka plast

– Plast generelt er eit aukande miljøproblem, og det er imponerande at såpass mange no har samla plast. Vi tenker å fortsetje med å gjere denne undersøkinga ein gong i året, for å sjå korleis det utviklar seg vidare, seier Tvinnereim.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

FULL AV PLAST: Då zoologane opna magen til kvalen som stranda utanfor Sotra, vart det funne rundt 30 plastposar i tillegg til ein del småplast.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Bruvik fortel at fleire av dei han har plukka plast saman med reagerer på det store omfanget.

– Det er mange som bryt saman når dei ser kor mykje plast det faktisk er snakk om. Dei får auga opp, det er difor det er så viktig at alle må ut og gjere seg bevisst.

Fleire eldre enn unge

Resultata syner at Sørlandet er den regionen der størst del av dei spurde, 34 prosent, har delteke i aksjonar for å samle plast.

I Oslo/Akershus svarte 19 prosent ja, på Austlandet var talet 29 prosent, på Vestlandet 29 prosent, i Trøndelag 30 prosent og i Nord-Norge 29 prosent.

Plukking av avfall i sjøkanten på Sotra

PLASTPLUKKING: Kenneth Bruvik og resten av Norges Jeger- og Fiskeforbund er nokon av mange som har plukka plast og avfall langs kysten.

Foto: Per Vidar Raunholm

Generelt er det fleire eldre enn unge som har deltatt i plukkinga. Av dei spurte har 33 prosent over 60 år plukka plast det siste året, medan i aldersgruppa 18–29 år er det 13 prosent.

– Ein skulle tru at yngre folk er meir opptekne av miljøet, men akkurat her ser det ikkje slik ut, seier Tvinnereim.

Vil fylgje med framover

Forskarane vil no jobbe vidare med undersøkinga, og gjere fleire analysar av svara dei har samla inn.

– Det mest interessante blir nok å sjå korleis tala er om nokre år. No har vi planta eit spørjemål som vi skal fylgje opp, seier Tvinnereim.

Bruvik på si side er overbevist om at vi kjem til å få sjå at engasjementet held fram.

– Kvalen har gjort noko med oss. Det er noko som skjer når eit enormt stort pattedyr kjem inntil land og lir fordi vi menneske forbruker plast på feil måte. Derfor trur eg engasjementet vil fortsetje i mange år framover, seier Bruvik.

Gåsenebbhval måtte avlives og slaktes på Sotra i Hordaland

AVLIVA: Kvalen, som bar preg av å vere sjuk då han fleire gongar sette seg fast på Vindenes på Sotra, vart til slutt skoten.

Foto: NRK