Hopp til innhold

Derfor er det viktig å snakke om bedragar­syndromet

Anniken tenkte lenge ho ikkje var god nok til å søke på draumestudiet. Så fann ho ut at det var bedragar­syndromet som heldt ho tilbake.

Anniken er ute på terassen. Ho smilar til kamera.

NORMAL FØLELSE: Det blei lettare for Anniken Bævre då ho fann ut at ho ikkje er aleine om å ha «imposter syndrome».

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

NORMAL FØLELSE: Det blei lettare for Anniken Bævre då ho fann ut at ho ikkje er aleine om å ha «imposter syndrome».

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

I mange år har Anniken Bævre (23) slite med låg sjølvfølelse.

Aldri kjent seg god nok.

Har ho fått til noko bra, har ho som oftast skulda på alt anna og ikkje tatt æra for det sjølv.

Det same tenkte ho då ho blei valt ut som deltakar i «Bakemesterskapet».

«Har dei valt feil? Er det flaks?»

«Tok dei meg fordi eg er ung?»

«Når finn dei ut at eg ikkje er god?»

Anniken er i baketeltet til Bakemestersakept. Hun har brunt hår og stram hestehale. På seg har hun en rosa topp og brunt forkle med Bakemesterskapet logo. Hun holder en sjokoladekakebunn i ene hånda, og smører krem på kakefatet.

BAKEMESTERSKAPET: Anniken tvila lenge på sine eigne bakekunnskapar. No har ho kome over halvvegs i konkurransen.

Foto: Per Olav Sølvberg / NRK

I ettertid har ho funne ut at det meste ligg i hovudet hennar.

Følelsen av å vere ein bedragar

Anniken har bedragarsyndromet.

Eller kanskje betre kjent som imposter syndrome.

Det er ikkje eigentleg eit syndrom, men ei skildring av ein følelse.

Redsla for å bli avslørt i å ikkje vere så god som folk trur at du er.

Trass i at det ofte er lite som tyder på at det stemmer.

Personar som slit med dette er ofte dyktige og flinke i det dei gjer, og får positive tilbakemeldingar frå andre.

Ofte klarar dei ikkje å ta inn over seg og akseptere sin eigen suksess, og kan skulde på flaks framfor evner.

Billie Eilish
SUZANNE CORDEIRO / AFP

Artist og låtskrivar Billie Eilish

Den verdenskjende sangaren har gjennom heile karrieren følt på bedragersyndromet, fortalte ho til musikkmagasinet NME i 2022.

«Kvifor valde dei meg?» har ho fleire gongar tenkt når ho har vore hovudartisten på festivalar.

P3aksjonen 2018

Standupkomikar Jonis Josef

Tidleg i karrieren fekk komikaren kommentarar om at han var heldig som kunne spele på sin eigen hudfarge, sa han til NRK i 2022.

– Eg følte at alt eg fekk til som komikar skjedde fordi eg var mørk i huda, og eg tenkte sånn: «Trur folk at eg er heldig fordi eg er svart?»

Emilie Enger Mehl i Bagn Valdres

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl

Ho blei folkevalt som 24-åring, og følte seg som «bedragaren» på Stortinget, sa ho til NRK i 2020.

Sjølv om det utvendig kunne sjå ut som ho hadde stålkontroll, kunne ho kjenne på ein uro i kroppen og tvil på eigne evner.

– Eg tenkte, «klarer eg dette?».

Ingeborg Senneset

Journalist og forfattar Ingeborg Senneset

I 2019 skreiv ho eit personleg innlegg i A-magasinet om den konstante klumpen i magen i. Følelsen av å vente på å bli avslørt.

– Eg føler meg ofte dum og alltid dårlegare enn alle andre. Eg ventar på at verda skal sjå det same, oppdage at eg ikkje er den de trur eg er, skreiv ho.

Mange har bedragarsyndromet

Forsking tyder på at over 70 prosent av oss har slike tankar i løpet av livet.

Har du kjent på bedragarsyndromet?

– Eg trur det er viktig at vi normaliserer dette ved å snakke om det.

Det seier Gro Mjeldheim Sandal.

Ho er psykolog og professor ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen.

Mange kan prøve å skjule at dei er redde for å bli avslørt ved å jobbe hardt, overprestere og forberede seg unødvendig mykje.

En dame med blondt hår smiler til kamera. Hun har på seg hvit t-skjorte og blazer.

OPENHEIT: Det er viktig å normalisere bedragarsyndromet, meiner Gro Mjeldheim Sandal.

Foto: Privat

Noko som kan føre til at ein blir utbrent, presterer dårlegare på jobb og får mindre livsglede.

Psykologen meiner derimot at det kan vere mogleg å styre tankane sine på rett spor sjølv.

Stoppa draumen

Mange som kjenner på dette til ein viss grad, klarar fint å leve med det.

Bedragarsyndromet blir først eit større problem når det hindrar deg i å gjere ting, ifølge professoren.

Det fekk Anniken merke då ho var ferdig på vidaregåande.

Anniken smiler samtidig som ho går ut frå eit grupperom. Ho har skuleveska og mobilen i handa.

NORMALISERE: Anniken håper ho kan hjelpe andre som kjenner på det same ved å vere open om det.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Sjølv om ho visste kva ho ville studere, heldt ho seg sjølv tilbake frå å søke på studiet.

Anniken elskar å fotografere, filme og redigere.

Draumen har alltid vore å jobbe med dette, men ho torde ikkje å søke fordi ho var redd ho ikkje var god nok.

I staden tok ho eit anna årsstudium og nokre deltidsjobbar.

Samanlikna seg med ferdig utdanna

Ein av jobbane var i ein klesbutikk.

For å bevise at ho var flink i jobben, kunne ho rydde butikken i ein time etter ho hadde stempla ut.

Ho måtte vere sikker på at alle kleda hang perfekt og at alle buksene hadde brettekantar før ho forlet butikken.

Anniken står på eit kvitt kjøkken og bakar. Ho heller smør frå eit litermål inn i ei bakebolle.

BAKEGLEDE: Anniken elskar å bake, og drøymer om ein jobb der ho kan kombinere hobbyen sin med å jobbe i mediebransjen.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Også då ho jobba i eit bakeri, hadde ho alt for høge krav til seg sjølv.

Anniken samanlikna det ho gjorde med dei utdanna bakarane.

Trass i at ho ikkje har utdanning.

Det tok nokre år før ho klarte å innsjå at ho er god nok.

Til slutt våga ho også å søke på studiet som ho no går på: PR, kommunikasjon og medier.

Anniken held i eit speilreflekskamera og tar bilde av ei pavlovakake ho har laga. Ho har lagt fatet på eit bord med med marmorbakgrunn.

STUDIO: PR-studenten har laga til eit eige fotostudio heime, der ho tar bilete og videoar av baksten sin til sosiale medium.

Foto: Privat

Det er ho glad for at ho gjorde.

Sjølv om ho ennå kjenner på følelsen av å vere ein bedragar av og til, gjer ho det mykje sjeldnare enn før.

For henne hjelpte det å finne ut at ho har bedragarsyndromet, og å vite at ho ikkje er aleine om å ha desse tankane.

Og det er der nøkkelen ligg, ifølge psykologen.

Slik kan ein bli kvitt bedragarsyndromet

Sandal meiner det er viktig å snakke høgt om kva ein kjenner på.

Nettopp fordi det er tabu.

Ho trur at mange ikkje tør å innrømme at dei kjenner seg som ein bedragar.

– Så lenge dette er tabubelagt, så trur ein at ein sjølv er veldig spesiell og at det er noko gale med meg.

Anniken bruker ei ause til å ta kakerøre frå bakebolla til muffinsformene.

SJØLVFØLELSE: Anniken har til tider slite med å tru at ho er god nok til å vere med i «Bakemesterskapet».

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Dersom ein veit at dette er normalt, er det enklare å innsjå at tankane berre er tull, meiner psykologen.

Bedragarsyndromet heng ofte saman med låg sjølvtillit og dårleg sjølvbilde.

Derfor meiner ho det viktig å ha tenkt igjennom korleis ein snakkar til seg sjølv.

Ein kan også søke støtte frå personar som ein veit kjem med ærlege tilbakemeldingar.

Her er nokre råd frå NHI til korleis ein kan jobba med å bli kvitt bedragarsyndromet:

Anerkjenn eigne prestasjonar

Husk at du har gjort deg fortent til plassen din i det akademiske eller profesjonelle miljøet.

Fokuser på deg sjølv

Ikkje samanlikn deg med andre.

En jente med mørkt, langt hår og hvit skjorte sitter på lesesalen og studerer.

BETRE: Sjølv om ho ennå kjenner seg som ein bedragar nokre gongar, gjer ho det mykje sjeldnare enn før.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Del tankar med nokon du stoler på

Det treng ikkje å vere nokon i det profesjonelle miljøet.

Ikkje sikt mot det perfekte

Husk at godt nok, er godt nok.

Ta vare på kompliment

Lagre e-postar og liknande der du har fått ros for arbeidet ditt. Sjå på dette når du kjenner deg som ein bedragar.

En jente med brunt hår i en hestehale smiler mens hun snakker inn i kamera. Hun holder opp en hvit liten lapp der det står: «Gå ut og kick ass. Du er rå»

«DU ER RÅ»: I innspelinga av «Bakemesterskapet» hadde Anniken med seg motiverande lappar frå ei venninne. Denne gangen var det: «Gå ut og kick ass. Du er rå».

Foto: NRK

Forstå at du ikkje er ein bedragar

Det er viktig å forstå at dei som faktisk er bedragarar ikkje har bedragarsyndromet.