Hopp til innhold

Miguel har vore singel nesten heile livet – har aldri sakna å ha ein kjæraste

Aldri før har så mange nordmenn budd aleine som nå. Miguel ser på singellivet som noko positivt.

Miguel-Angel Fernandez smiler. Han har på seg en grønn t-skjorte der det står "Be a nice human". Han står foran en bokhylle og ved siden av en grønn plante

LYKKELEG SINGEL: – Eg har masse kjærleik i livet mitt, seier Miguel-Angel Fernandez frå «Bakemesterskapet».

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

LYKKELEG SINGEL: – Eg har masse kjærleik i livet mitt, seier Miguel-Angel Fernandez frå «Bakemesterskapet».

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Eg kan heilt ærleg seie at eg aldri i mitt liv har følt meg einsam. Aldri.

Miguel-Angel Fernandez (44) sit i leilegheita si.

Ein liten, men koseleg eittroms i Oslo sentrum.

Her har han plass til det han treng.

Seng, sofa, hylle med bakeutstyr og keyboard.

Miguel spiller på keyboardet i stuen. Det står strategisk plassert i den lille leiligheten, mellom sofaen og en bokhylle.

Mellom sofaen og bokhylla får Miguel plass til keyboardet sitt.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK
Miguel henter ned en tube med konditorfarge fra en hylle i stuen. Hyllen er en typisk CD-hylle, der alle CD-ene er byttet ut med bakeutstyr.

Under pandemien begynte Miguel å bake. Da ble CD-ene i hylla bytta ut til fordel for bakeutstyr.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK
Miguel henter fram kjøkkenmaskinen på det lille kjøkkenet hans.

Kjøkkenkroken er ikkje akkurat stor, men stor nok.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Sjølv om han bur aleine, føler han seg ikkje aleine.

Ein viktig forskjell.

– Eg er singel, men ikkje aleine.

Det seier Miguel, som for tida er å sjå i «Bakemesterskapet».

Musikalartisten og koreografen bruker mykje tid på det han synest er viktig:

Familie og venner.

Alle dei gode menneska han har rundt seg gir han den kjærleiken han har behov for, sett bort frå det intime i eit forhold.

Mange single i Noreg

Miguel er ikkje aleine om å leve utan ein partnar.

Miguel tøyer baksiden av foten. Han har den opp på barren foran speilet i dansesalen. Ansiktet er fokusert og blikket er retta mot foten.

Koreografen er open for å vere i eit forhold dersom han treff den rette.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Det har aldri før vore så mange nordmenn som bur aleine.

I 2023 var det 1,05 millionar personar, ifølge SSB. For ti år sidan budde rundt 864.000 aleine.

Den viktigaste årsaka er befolkningsvekst og at fleire blir eldre.

– Ei anna årsak kan vere at fleire unge ventar lenger med å etablere seg i parforhold, seier seniorrådgivar i SSB Espen Andersen.

Fordeler ved å vere singel

Nokre bur aleine frivillig, nokre ufrivillig.

– Har ein tette band med familie og venner, kan ein føle eit mindre behov for ein partnar.

Det seier samlivsekspert Frode Thuen.

En mann med grått går og skjegg smiler. Han er utendørs og har på seg svarte briller.

Frode Thuen er psykolog og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Han har spesialisert seg på familierelasjonar og samliv.

Foto: Privat

Han fortel at mange opplever det å vere singel som noko fint.

Enten ein aktivt har valt det eller ein ikkje har funne nokon enda.

– I staden for å sjå på singellivet som ein uønskt situasjon, vel mange å sjå på gledene og fordelane.

Opplever fordommar

Trass i at det er meir normalt å vere singel, får Miguel i blant spørsmål om kvifor han ikkje har ein partnar.

«Du som er ein så likandes fyr, du bør ha ein kjærast»

– Kvifor må eg det? Eg forstår ikkje heilt kvifor det er så sinnssjukt viktig.

Han føler iblant det ligg ei forventning om å vere i eit forhold, og at nokre ikkje forstår at ein kan ha eit lykkeleg liv utan ein partnar.

Miguel står ved musikkanlegget i dansesalen. Han bytter sang på mobilen sin.

Miguel får den omsorga og kjærleiken han treng frå venner og familie.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Thuen fortel at det ligg i kulturen vår.

Sjølv om det nå er meir normalt å vere singel i heile eller delar av livet, eksisterer fordommane enda.

– Vi følger ein oppskrift. Når ein blir vaksen skal ein finne ein partnar og få barn. Det å vere sjølvvalt singel bryt med norma, seier samlivseksperten.

Alltid plass til meir kjærleik ❤️️

Sjølv om Miguel ikkje aktivt søker etter ein partnar, er han open for å få seg ein kjærast i framtida.

Miguel har eit stort smil. Han sitter fornøyd i sofaen i ettromsleiligheten hans.

Miguel har vore singel heile livet, med unntak av nokre kortvarige forhold.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Først må han treffe den rette.

– Eg har allereie masse kjærleik i livet mitt, men eg har plass til litt til.