Hopp til innhold

Her er favoritt­kaka til vinnaren av Bakemester­skapet

Tonje Johnsen er Noregs beste hobbybakar! Nå deler ho oppskrifta på si aller beste kake.

– Herregud. Eg vann eg. Eg vann!

Tonje Johnsen (34) frå Trondheim er vinnaren av første sesong av «Bakemesterskapet» i 2024.

– Eg skal aldri seie at eg ikkje kan bake. For veit du kva, det kan eg! seier ho i finalen.

To kvinner og en mann smiler fornøyd til kamera. De står i teltet til Bakemesterskapet og har alle forkle på seg og holder hver sin blomsterbukett.

FINALISTAR: Anniken Bævre, Tonje Johnsen og Lukasz Mojkowski kjempa om tittelen «Noregs beste hobbybakar».

Foto: Anders Myhr Nielsen / NRK

Tonje er den deltakaren som har vore mest kritisk til seg sjølv gjennom heile sesongen, ifølge dommar Marthe Kilen.

Det trur Tonje har vore ein forsvarsmekanisme.

– Jo høgare tankar eg har om meg sjølv, desto større er fallhøgda, seier Tonje.

En kvinne med brunt hår, prikkete genser og brunt forkle pynter en bryllupskake.

FINALEKAKA: Tonje imponerte dommarane med ei bryllaupskake på tre etasjar i finalen.

Foto: Anders Myhr Nielsen / NRK

Gjennom serien har ho blitt flinkare til å ta til seg dei positive tilbakemeldingane.

Likevel hadde ho aldri sett for seg at ho kom til å vinne heile konkurransen.

– Då eg kom til Bergen kjente eg på låg sjølvtillit. Eg tenkte at det her kjem aldri i verda til å gå. Eg ryk først, det er eg sikker på.

Nå er Tonje kåra til Noregs beste hobbybakar.

Finale
  • I slutten av saka kan du legge igjen ein gratulasjon til vinnaren.

Tonje si beste oppskrift!

Nyleg blei Kvæfjordkaka stemt fram som Noregs favorittkake i ei NRK-kåring.

Bakemesterskapet-vinnaren har ei anna kake på førsteplass.

– Denne står alltid på kakebordet hos oss, seier Tonje.

En høy sjokoladekake med sjokoladekrem, bringebær og jordbær på toppen.

ALLSIDIG: Tonje meiner kaka passar til alle anledningar: barnebursdag, vaksenbursdag, helgekosen eller til å ha med på skule eller jobb.

Foto: KAROLINE GABRIELSEN LI / Privat

Favorittkaka er ei lys sjokoladekake som er mild, barnevennleg og har masse smak.

– Alle liker denne, frå barn til oldeforeldre.

Kaka er lett å lage og mogleg for sjølv uerfarne å få til, ifølge Tonje.

En kvinne med brunt langt hår smiler og ser på en sjokoladekake med sjokoladekrem og bær på toppen.

FAVORITTKAKA: – Den er ikkje altfor søt, så ein får heller ikkje dårleg samvit av å ta seg eit stykke.

Foto: KAROLINE GABRIELSEN LI / Privat

Vinnaren har eit spesielt forhold til denne kaka.

Det var nemleg den første kaka ho laga då ho starta å bake for ti år sidan.

– Eg har brukt mange år på å perfeksjonere oppskrifta.

Her er oppskrifta på Tonje si favorittkake:

Legg igjen ein gratulasjon til vinnaren her: