Hopp til innhold

Protest mot fellingsløyve på raudlista skarv som tar oppdrettsfisk

Oppdrettsselskapet er lei av at smarte fuglar kjem gjennom nettet på fiskemerdane. Birdlife Norge klagar på at kommunen har gitt fellingsløyve på den nær utryddingstruga skarven.

Skarv i flukt

SMARTINGAR: Oppdrettaren har fått fellingsløyve på skarv som forsyner seg i fiskemerdane.

Foto: Arvid Henriksen

Korrigering 3. februar kl 1135. I ein tidlegare versjon stod det i tittel og tekst at skarvane stuper som kamikaze-flygarar gjennom fuglenettet. Dette var ei misforståing, og er ikkje riktig.

Medan sjøfuglar flest lar seg stoppa av fuglenetta over norske fiskeoppdrettsanlegg, har ein del storskarvar funne ein smart metode.

Dei landet på fuglenettet over merdane, faldar vengene elegant saman og smyg seg gjennom nettingen.

Så er dei midt i matfatet, og kan plukka fisk heilt til dei er mette eller oppdrettaren kjem og jagar dei ut att.

Tilbake ligg gjerne nokre såra fisk som døyr av biteskadar, medan tusenvis av andre svømmer stressa og skremde rundt.

Skarv og oppdrett
Oppdrettsanlegga er freistande matfat som lokkar til seg skarv.
Oppdrett
Standard fuglenett over fiskemerdane, om lag slik bønder har nett over bæråkrane, stoppar ikkje all skarv.
Skarv
Nokre storskarvar har funne ein måte smyga seg gjennom fuglenettet på oppdrettsanlegg.

– Skadar og stressar fisken

Dagleg leiar Svein Eivind Gilje i Engesund fiskeoppdrett seier skarv som kjem seg inn i merdane har blitt eit aukande problem for anlegg med smolt.

– Me har ei relativt stor utfordring med skarv som klarer å komma seg inn mellom maskene på fuglenettet over fiskemerdane. Dei skadar og skremmer fisken. Og stressa fisk mistrivst i merden, seier Gilje.

Han har ikkje sett at skarv også får med seg fisk ut att.

Ignorerer luftkanonane

– Nokre av skarvane ignorerer luftkanonane som sender ut skremmeskot på tilfeldige tidspunkt, sier Gilje.

Derfor har selskapet søkt om, og fått, fellingsløyve på fem skarv på anlegget ved Laberget i Masfjorden, skriv avisa Nordhordland.

Skarv
– Med det fiskekrokforma nebbet bit skarvane over fisken og stikk hol på skinnet slik at den dauar,
Smolt skadd av skarv
– Eller klarer å eta fisken der og då, seier oppdrettaren.

I tillegg til skadd og stressa fisk, er selskapet redd at fuglane flyg mellom anlegg og eventuelt kan spreia sjukdomssmitte.

Det seier Masfjorden-ordførar Karsten Totland (H).

– Må sikra anlegget sitt

Generalsekretær Kjetil Aadne Solbakken i Birdlife Norge (tidlegare Norsk ornitologisk forening) meiner oppdrettsselskap ikkje må få skyta skarv som står på raudlista i kategorien «nær truga».

Storskarven er jo ein raudlista dyreart, og sjøfuglar som gruppe er i veldig stor tilbakegang i Noreg.

Han meiner oppdrettaren har dårlege argument.

Det held ikkje å seia at fuglane kjem seg gjennom nettet. Då har dei fått for dårleg beskjed om å sikra anlegget sitt slik at sjøfugl blir halde vekke.

Kjetil Aadne Solbakken, generalsekretær i Norsk ornitologisk forening
– Det er fortvilande tragisk at dei får fellingsløyve, meiner generalsekretæren i Birdlife Norge.

Men kor alvorleg er det for bestanden viss det blir skote fem skarvar i Masfjorden?

Det har kanskje ikkje stor betydning, men er prinsipielt heilt feil.

Han viser til at oppdrettsanlegg trekker fuglar til seg.

Det er som ein fôringsplass for fugl. Så viss ein ikkje sikrar anlegget, kan ein halda på og skyta skarv til evig tid.

I pakt med naturen

Ordføraren er einig.

På sikt kan me ikkje fortsetta å gi fellingsløyve på noko som er raudlista og utryddingstruga. Dei må finna metodar som gjer at dei kan leva i pakt med fuglelivet me har her i Masfjorden, seier Totland.

Men i år får dei likevel skyta fem?

– Eg oppfattar at det var akutt naudsynt. Løyvet er vedtatt administrativt, ikkje politisk.

– Aller siste utveg

Dersom kommunen avviser klager på fellingsløyvet, skal Statsforvaltaren i Vestland avgjera om oppdrettsselskapet får lov eller ikkje.

Storskarv
– Å skyta slike fuglar er aller siste utveg, seier Hermund Mjelstad, viltforvaltar hjå Statsforvaltaren i Vestland.
Skarv i flukt
Generelt er utgangspunktet er at selskapa må unngå slike skader med førebyggande tiltak.
Skarv på sjømerke
– Ein skal prøva med til dømes betre eller nye fuglenett, eller skremming med lyd eller lys.

– Vil de derfor støtta ei klage på fellingsløyvet?

– Det kan me ikkje seia på førehand. Me må sjå på kvar anlegget ligg, og korleis det står til med storskarvbestanden der.

– Er skarv eit vanleg problem på oppdrettsanlegg?

– Mange har besøk av skarv, hegre, oter.

Skarv i uvær i Vesterålen

MATKØ: Engesund Fiskeoppdrett har berre fått fellingsløyve på nokre av skarvane som har lært seg å kmma gjennom nettet, men håpar det vil skremma vekk dei andre.

Foto: Kristiansen Line / Kristiansen Line

– Dei fleste vilt vil søka mot område der dei kan skaffa seg næring, men det betyr jo ikkje at dei skal skytast, seier viltforvaltaren.

Milliardindustri

Engesund fiskeoppdrett vurderer tettare nett som held skarvane ute.

På sikt får me sjå på andre tiltak, som å investera i meir finmaska fuglenett. Det blir i samband med neste utsetjing av fisk, altså hausten 2023, seier Gilje.

Det er verken noko å nøla på eller venta med, meiner Solbakken i Birdlife Norge.

Lakseoppdrett er ein milliardindustri. Mange av dei rikaste folka i landet har formuane sine frå denne næringa. Det må bli sett skikkelege miljøkrav.

– Dette er noko me må ta oss råd til viss dette held fram, svarar Gilje.

Karstein Totland, ordførar i Masfjorden for Høgre

JA MEN NEI: – Me kan ikkje halda fram med å skyta utryddingstruga skarv, seier ordførar Karstein Totland.

Foto: Sølve Rydland / NRK