Hopp til innhold

Fekk 5.000 kroner i bot for å ha brote køyre- og kviletida

Ein utanlandsk sjåfør vart onsdag kveld stoppa av kontrollørar for Statens vegvesen. Kontrollen synte av mannen ikkje hadde halde køyre- og kviletida. Det resulterte i 5.000 kroner i bot.

Storkontroll av vogntog
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

– Det var nok ikkje eit ekstremt tilfelle, men det var eit alvorleg brot på døgnkvilen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Vogntoget vart stoppa under ein rutinekontroll på E39 ved Kronborg der Statens vegvesen held til i Førde.

– Sjåføren vart også pålagd døgnkvil. Han fekk køyre vidare då han hadde betalt førelegget, seier Vereide.

Tok to sjåførar førre veke

For ei veke sidan vart to utanlandske sjåførar stoppa ved Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal. Kontrollen synte store manglar på døgnkvile og pausar, samt lange dagar med mykje kontinuerleg køyring.

Dei to sjåførane fekk høvesvis 35.000 og 25.000 kroner i bot. Dei fekk også forbod mot å køyre i Norge dei neste 11 og ni månadene.