Hopp til innhold

Dyrt å ikkje stanse for kontroll

Ein tysk langtransportsjåfør angrar nok på at han ikkje brydde seg om skiltet som varsla om kontroll på Håbakken på E16 i Lærdal tysdag.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STANSA IKKJE HER: Kontrollstasjonen på Håbakken.

Foto: Statens vegvesen

For kontrollørane frå Statens vegvesen la seg på hjul, fortel seksjonsleiar Tormod Gausdal.

– Vi har ikkje blålys og rett til å bryte fartsgrensene, men semitraileren tok av på riksveg 5 i rundkøyringa på Håbakken, så då var det berre å fylgje etter, og vi nådde han att på ferjekaia på Fodnes.

Dermed måtte den tyske sjåføren i 30-åra snu doningen si og køyre tilbake til kontrollstasjonen på Håbakken. Der viste det seg at han hadde brote reglane om køyre- og kviletid.

Må ut med 15.000

Han må betale eit førelegg på 15.000 kroner, i tillegg vart førarkortet hans teke i forvaring, og han fekk forbod mot å køyre i Norge dei komande åtte månadene.

Gausdal meiner skiltinga om kontroll er så tydeleg at ingen sjåførar, om dei er norske eller utanlandske, kan unngå å sjå det.

– I så fall ser dei så dårleg at dei ikkje bør køyre bil.

Ein estisk sjåfør fekk i same kontrollen eit førelegg på 7000 kroner, også det for brot på reglane om køyre- og kviletid.