Hopp til innhold

Fekk 8.000 kroner i bot på sin første - og siste - tur til Norge

Trafikkstasjonen på Håbakken fann manglar på manglar då dei onsdag kveld stogga ein tyrkisk semitrailer på veg til bergensområdet med to gigantiske vinsjar.

Tyrkisk semitrailer stogga på Håbakken

ALDRI MEIR: Tyrkaren var lite kjent med norsk regelverk og var klar på at han aldri meir skal tilbake til Norge.

Foto: Statens vegvesen

Det første dei avdekka var ein for tungt lasta semitrailer. Deretter balla det berre på seg.

Funna vart så graverande at både førar og firma vart ansvarleggjorde.

– Han hadde ikkje dispensasjon til å køyre med tung last i Norge, og ville heller ikkje fått det sidan lasta var to kolli. Så var det ganske mykje defekt på bremsene. Tre hjul mangla totalbrems, ABS'en til tilhengaren var defekt og han hadde sommardekk på tilhengar og styrande hjul, fortel ingeniør Dag Rykkje ved Statens vegvesen.

Dårleg tryggleik

Tyrkisk semitrailer stogga på Håbakken

STYREHJUL: Semitraileren hadde hovudsakleg sommardekk.

Foto: Statens vegvesen

Føraren fekk 8.000 kroner i bot for overlasta, medan firmaet får 59.500 kroner i gebyr for det same.

På aksellast var han 12,1 tonn for tung, medan totalvekta var 8,5 tonn for høg.

– Bilen var konstruert slik at ein ved dispensasjon, ville fått køyre med så mykje last dersom den bestod av ein kolli, fortel Rykkje og legg til at trafikktryggleiken til vogntoget summa summarum var for dårleg på norske vintervegar.

– Kan gå i skrens

– Spesielt når tilhengar har sommardekk og ABS ikkje verkar, då ville han fått låsing på hjula allereie ved svak oppbremsing og hengaren kan gå ut i skrens sidevegs, seier Rykkje og legg til at tyrkaren også mangla fem kjettingar.

Dag Rykkje

INGENIØR: Dag Rykkje.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Vegvesenet ser alvorleg på funna dei gjorde på Håbakken. Heilskapen av funna gjorde at vogntoget fekk mellombels køyreforbod. Lasta må over på to semitrailerar, og tyrkaren må køyre tom ut av landet.

– Det er veldig lite som skal til før hengaren kan gå i skrens. Det kan vere nok med litt helling, held ingeniøren fram.

Aldri tilbake

Tyrkaren brukte to dagar frå Gol til Lærdal, ein tur som vanlegvis tek kring to timar. Det er for Rykkje ukjent kvifor han brukte så langt tid, men andre yrkessjåførar meinte det var ganske godt føre over Hemsedalsfjellet onsdag.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

STOGGA: Tyrkaren kom skulle til bergensområdet, men vart stogga på Håbakken.

Foto: May Lene Steinheim Lunden

Turen frå Aust over Hemsedalsfjellet til bergensområdet var hans første i Norge – og truleg hans siste.

– Kva sa han sjølv då de stogga han?

– Han var uforståande, og kjende tydelegvis ikkje til regelverket i Norge om kva som gjeld for tung last. Det hadde han inga meining om. Men han sa han aldri skulle tilbake hit.

Alvorlege manglar

Kontrollstasjonen i Lærdal har siste tida avdekka fleire alvorlege brot på køyre- og kviletida. Dei har også avdekka fleire alvorlege manglar ved køyretya dei har kontrollert.

Rykkje kjenner ikkje til at det har blitt skrive ut så høge gebyr for overlass.

– Vi har først og fremst skrive ut vektgebyr til bileigar, som var firmaet. Førar blir også meld for overlast, samt at vi skriv rapport på dei tekniske manglane på vogntoget, seier han.