– Det er kanskje litt rart å seie dette, men det kan bli for mange bablete rikspolitikarar i valkampen, seier programleiar Ingunn Solheim for NRK-programmet Debatten.
Dei neste fire vekene skal ho vise fram det som rører seg på den politiske arenaen, og blant folk flest.
– Vi skal la Høgre sin representant møte dei som meiner politireforma er på ville vegar, og vi skal la Trygve Slagsvold Vedum møte dei som er for kommunesamanslåing i fylket vårt.
I ein valkamp som handlar mykje om distrikt, reiser Solheim heim til Sogn og Fjordane for å sende frå Hoven. Ho gler seg til å utfordre politikarane på heimebane.
FLOTT UTSIKT: Solheim gler seg til å sende frå Hoven.
Foto: Ole André Rekkedal / NRK– Det finst ingen vakrare plass å vere enn ved kanten av Jostedalsbreen, seier ho.
Det har dei andre i redaksjonen lagt merke til.
– «Har du blitt korrupt, Ingunn», spør dei meg. Men eg kjem til å seie at dette er den vakraste plassen på jord til evig tid. Det står eg for.
Vil samle folket til ein firevekers festival
– For oss spesielt interesserte er jo valkampen ein festival, men vonleg blir det ein periode der folket samlar seg og følgjer med på politikk, seier Solheim.
På måndag blir det partileiardebatt frå Arendal, og ho har begynt å kjenne på alvoret. Telefonar frå politikarar og rådgjevarar har begynt å tetne til, og alle er spente.
STARTSTREKEN: Debatten sparkar valkampen i gong med partileiardebatt på måndag. Her frå debatt i 2015.
Foto: NRK– Det skal vere kjekt, men det er også veldig viktig. Vi prøver å gjere dette til noko som alle synest det er verdt å følgje med på i fire veker.
Redaksjonen er no i siste innspurten av planlegginga av landbruksdebatt, ulvedebatt og turismedebatt.
– Eg prøvde å få gjennom at jerv er meir aktuelt enn ulv i Sogn og Fjordane, men jervedebatten er vel ikkje så heit for tida, seier ho.
– La oss ikkje sløse med tid og energi
Solheim seier at ho håpar folk vil prøve å tolke kvarandre i beste meining, slik at ikkje ordskiftet eskalerer i sosiale medium.
– Er ikkje det litt blåøygd å håpe på i ein valkamp?
– Mellom politiske motstandarar er det sjølvsagt greitt å vri den andre litt. Men på Twitter og Facebook meiner eg det er for tøffe tak for tida.
DUO: Jarle Roheim Håkonsen og Ingunn Solheim er klare for valhausten.
Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRKHo ser at folk omtalar person i staden for sak, og ho ser folk som vil nøre opp under aggresjon og motsetnader.
– Det er sløsing av tid og energi. Vi kjem ingen veg på den måten.
Solheim får også kritikk, men ikkje noko som har vore så gale at det har gått inn på henne.
– Dersom eg avbryt Erna Solberg eller Audun Lysbakken, kan tilhengarane deira bli sinte. Men slik er det å ha den jobben eg har, dette må vi tole.