Hopp til innhold

Politikarane lova å hjelpa Bheki – gløymde å senda støttebrevet

Bystyret i Bergen kravde på uvanleg vis at den politiske flyktningen Bheki Dlamini skulle få asyl i Noreg. Men støttebrevet blei aldri sendt.

Bheki Dlamini i Bergen

FLYKTNING: Den swazilandske demokratiforkjemparen hevdar han er på flukt frå regimet i det afrikanske kongedømmet, og skaffa seg difor falsk ID frå Sør-Afrika. Dei falske papira blir no brukt mot han. Bystyret i Bergen ville påverka det, men bodskapen nådde aldri fram.

Foto: Even Norheim Johansen

Bhekumusa «Bheki» Dlamini blei i 2015 invitert til Bergen gjennom studentprogrammet Students at risk.

Bakgrunnen var at han året før rømde frå heimlandet Swaziland, det siste eineveldige monarkiet i Afrika.

Men i desember i fjor fekk 36-åringen varsel om utkasting. Han måtte forlata landet innan nyttår.

Utlendingsnemnda (UNE) tok nemleg utgangspunkt i det sørafrikanske passet han skaffa seg då han i 2014 flykta frå landet på sørspissen av det afrikanske kontinentet.

Dermed meinte dei han trygt kunne returnera.

Kravde at UNE gir han politisk asyl

I januar kom politikarane på banen. Ordførar, byrådsleiar, skulebyråd og fleire framståande politikarar på venstresida stod i kø for å visa si støtte til 36-åringen.

Bystyregruppe til Høgre sikra fleirtal for det som blei eit uvanleg sterkt signal frå dei folkevalde i byen:

  • «(...) Bergen bystyre slår ring om Bheki og krever at UNE anerkjenner at han er statsborgar av Swaziland, samt gir han politisk asyl. Bergen kommune skal også følge opp saken og legge press på at saken blir behandlet grundig, med alle fakta på bordet».
Eira Garrido, SV, Bergen

OVERRASKA: Forslagsstillar Eira Garrido frå SV er overraska over rutinesvikten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Svært overraskande

Støttebrevet skulle sendast til Utlendingsnemnda og Justisdepartementet. Problemet er at brevet aldri blei sendt.

Bystyredirektør Roar Kristiansen bekreftar fredag overfor NRK at «ein menneskeleg feil» gjorde at vedtaket aldri blei følgt opp.

– Det er sjølvsagt beklageleg, og me skal prøva å retta opp det som kan rettast. Så vil me gå gjennom alle våre rutinar, seier Kristiansen.

Han forklarar at saka blei fremja under «eventuelt» til bystyret, og ikkje som sak. Det gjorde at rutinane for oppfølging av politiske vedtak glapp.

– Det er både veldig synd og svært overraskande. Forslaget fekk brei politisk semje. Det viser også at det hadde gitt eit tydeleg signal til dei som styrer landet og sit med saka i UNE, seier Eira Garrido (SV), som stod bak forslaget i bystyret.

Bystyredirektør i Bergen kommune, Roar Kristiansen

BYSTYREDIREKTØR: Roar Kristiansen beklagar at bystyrekontoret enno ikkje har følgt opp vedtaket frå januar.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Bheki: – Overraska og skuffa

I vinter beslutta UNE å ta saka opp på nytt.

Og der står saka no.

Yngve Træland, ein av støttespelarane til Bheki, ville vita om kommunen hadde forsøkt å påverka den lange sakhandsaminga.

Difor kontakta han bystyrekontoret denne veka.

– Det er tragisk at sånne rutinar sviktar. I ei sak som dette, der ein mann ventar på å få koma vidare i livet, er det sørgjeleg at det viktige vedtaket i Bergen har blitt gløymd, seier Træland.

– Eg er overraska og skuffa på same tid. Det positive er at det ikkje er fatta noko avgjerd hjå UNE, seier Dlamini til NRK.

36-åringen var sjølv i salen då vedtaket blei fatta og var trygg på at han hadde den formelle politiske støtta i ryggen.

– Eg har framleis eit håp om at eit sterkt politisk signal som dette kan påverka saka i mi retning, fortel han.

Demokratiforkjemper Bheki Dlamini i Bergen
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ordførar: – Vil følgja opp

Ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) lovar no å følgja opp saka. Ho kallar saka «underleg» og understrekar at vedtaket i januar likevel gir ei sterk og tverrpolitisk støtte til Bheki.

– Eg vil oppfordra statlege styresmakter til å gripa inn og gi Bheki ei rettferdig behandling slik at han får bli, seier Persen til NRK.

Ifølge Dlamini sin advokat Brynjulf Risnæs har UNE signalisert at saka skal behandlast før jul. Difor har ikkje forgløyimga på rådhuset i Bergen hatt den store betydninga.

– Men det er viktig at alle som har ei meining i ei sak uttrykker ho før det er for seint. Eg er glad for at dei oppdaga det og vil senda brevet no, seier Risnæs.