Bheki skulle kastast ut fordi han har to pass. No har han fått ein ny sjanse

Den sørafrikanske ambassaden har bestemt seg for å granska passet til Bheki Dlamini (36). UNE vil difor sjå på saka hans på nytt.

Demokratiforkjemper Bheki Dlamini fra Swaziland/eSwatini

DEMOKRATIFORKJEMPAR: Bheki Dlamini blei fengsla og tiltalt for terrorverksemd i heimlandet Swaziland. Som politisk engasjert flykta han til nabolandet Sør-Afrika og enda opp i Noreg som forfølgd student.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Som NRK første omtalte i romjula, fekk 36-årige Bhekumusa «Bheki» Dlamini i starten av desember beskjed om å forlata Noreg innan nyttårsaftan.

Då hadde Utlendingsnemnda (UNE) konkludert med avslag på hans søknad om politisk asyl etter eitt og eit halvt år.

Regjeringsadvokaten kontakta ambassaden

Årsaka var at UNE tok utgangspunkt i Dlamini sitt sørafrikanske statsborgarskap. Det fekk han ved hjelp av falske fødselspapir då han rømde frå heimlandet Swaziland.

Men no kan den sørafrikanske ambassaden enda opp med å annullera statsborgarskapet til demokratiforkjemparen.

– Etter at me tok ut stemning mot UNE, tok Regjeringsadvokaten kontakt med den sørafrikanske ambassaden. Dei ønsker no å undersøka opplysingane rundt Bheki sin fødselsattest, seier advokat Brynjulf Risnes til NRK.

Inndraginga av passet kan vera redninga for mannen som rømde frå heimlandet Swaziland, og kom til Bergen gjennom eit studentprogram i 2015.

For UNE sitt utkastingsvedtak baserte seg på at demokratiforkjemparen skulle returnerast til nettopp Sør-Afrika. Dersom statsborgarskapet no blir annullert, er ikkje advokaten i tvil om at saka må vurderast på nytt.

– Me håpar UNE no tar konsekvensen av dette og gjer om vedtaket.

Avdelingsleiar i UNE, Georg Magne Rønnevig, bekreftar at dei vil sjå på saka på nytt.

– Me har mottatt eit omgjeringsoppmoding i saka. Me gjer som vanleg dei nødvendige undersøkingane for få saka så godt opplyst som mogleg før me kjem med ein ny avgjering, skriv avdelingsleiar Georg Magne Rønnevig ei ein e-post til NRK.

Brynjulf Risnes

ADVOKAT: Brynjulf Risnes representerer Bheki Dlamini.

Foto: Morten Jentoft / NRK

Letta

Dlamini er letta over at ambassaden undersøker fødselspapira hans.

– Eg har heile vegen sagt at det berre er det swazilandske passet som er ekte. No kan forhåpentlegvis ikkje UNE lenger lena seg på det sørafrikanske statsborgarskapet i vurderinga av min søknad, seier han til NRK.

Kongedømet Swaziland det siste absolutte monarkiet i Afrika. I 2018 endra den einveldige kongen Mswai II formelt namn på kongeriket til Eswatini.

I heimlandet var Bheki fengsla utan dom i fleire år før han blei frikjend og flykta. Likevel fryktar Dlamini for represaliar og arrestasjon om han blir sendt tilbake.

Sidan UNE tok utgangspunkt i hans sørafrikanske pass, meinte dei det ikkje var fare for at masterstudenten skulle bli forfølgd når han blei sendt ut av landet.

På grunn av det falske passet og utleveringsavtalen mellom nabolanda, meiner Dlamini faren er stor for at han blir deportert ved ein retur til Sør-Afrika.

– Landa utvekslar etterretning og opplysingar, og eg ville ikkje vore trygg.

Bheki Dlamini

PAPIR: I romjula førebudde Bheki Dlamini seg på å bli sendt ut, men håpa i det lengste at saka ville snu. 31. januar fekk han utvida opphald til etter rettssaka mot UNE.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Får bli ei stund til

Demokratiforkjemparen, som kom til Noreg gjennom studentprogrammet Students at risk, har fått brei politisk støtte.

SV har tatt opp saka med justisministeren og sentrale byrådspolitikarar i Bergen har gitt han si støtte.

Gjennom fødselsattestar, dommar og ein dansk-norsk tv-dokumentar er Dlamini si tilknyting til Swaziland godt dokumentert.

Advokat Risnes seier den planlagde rettssaka er sett på vent. Bheki får bli til UNE har vurdert saka på nytt.

– Me vil ikkje gje frå oss moglegheita til ei rettssak sånn utan vidare. Det var naudsynt å få nokre forsikringar på vegen. No kjenner me oss sikre på at dette var den rette løysinga og at det tener Bheki sine interesser, seier advokat Risnes.