Hopp til innhold

Noreg har allereie for få F-35-teknikarar – trur det vil ta årevis å få nok folk til å drifta flya

Forsvaret har ikkje nok folk til å drifta kampflya som me får fleire av fram mot 2025. Høgre viser til ein skjerpa sikkerheitspolitisk situasjon og etterlyser tiltak frå regjeringa.

Tesli i grønn uniform står oppreist over to lærlingar i grøn kamuflasje-uniform. Dei sit på huk og kne på flyvinga

MANGEL: Flystasjonssjef og oberst Martin Tesli saman med to flytekniske lærlingar på eit F-16-fly. I dag blir avdanka F-16-fly brukte som øvingsobjekt for lærlingane på grunn av personellmangelen.

Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

– Me har i lang tid vore tydelege på at me manglar personell, seier oberst Martin Tesli.

Han er sjef på Ørland flystasjon i Trøndelag, der Noreg sine F-35-kampfly har base.

I hovudsak er det teknikarar dei manglar. Tesli kallar dagens situasjon, litt sett på spissen, for ei «kriseløysing».

Dei manglar over 100 teknikarar som kan jobba med F-35-flya. Han trur det vil ta mange år før dei har nok personell på plass.

Dette er ein del av personellmangelen i Forsvaret. NRK har tidlegare skrive om at det i 2023 slutta nesten 700 tilsette i Forsvaret.

Høgre meiner at regjeringa bør henta fram ein rapport frå 2020 og auka det militær-sivile samarbeidet for å få utdanna fleire teknikarar.

Men regjeringa seier nok personell er ei høgt prioritert oppgåve for dei og at dei allereie har sett i verk ei rekke tiltak.

Sjå heile svaret frå forsvarsminister Bjørn Arild Gram lenger nede i saka.

Leiger inn teknikarar frå USA

På Ørland flystasjon har dei hatt F-35 sidan 2017. F-35 er Noreg sine kampfly som erstattar dei tidlegare F-16.

Noreg har så langt motteke 40 av dei 52 planlagde F-35-flya. 36 har base på Ørland, seks er i USA. Fram mot 2025 skal resten av flya koma.

Martin Tesli framfor stort, grått F-35 fly

Flystasjonsjef Martin Tesli framfor eit F-35-fly på Island tidlegare i år.

Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

– Me flyr ikkje så mykje som me burde. Me skal fly meir og me skal få fleire fly. Etter kvart som me får fleire fly, så må me ha fleire teknikarar. Men det tek fleire år å få på plass desse teknikarane, seier Tesli.

Den samla innkjøpsprisen på flya er 90,2 milliardar kroner, skriv Forsvarets forum.

Dagens «kriseløysing» inneber innleige av teknikarar, både frå USA og Kongsberg Gruppen.

Det er ikkje fordi dette er løysinga for Forsvaret i framtida, men for å sørga for at me har nok fly som kan driftast og vera i lufta.

Martin Tesli Oberst

Han peikar på at om dei ikkje får fly, så får ikkje personellet trent.

– Det er ikkje berre teknikarar som skal skru på det her. Me har ein del flygarar som er nøydde til å vera fulloperative. For at dei skal vera det er me nøydde til å finna løysingar for å i det heile tatt få flya i lufta.

Martin Tesli i grønn uniform ser inn i ein flykropp som er nokså tom

Tesli forklarar at noko av bakgrunnen for utfordringa med teknikarmangel er at ein i utgangspunktet trudde at F-35 var mindre vedlikehaldskrevjande enn det er. – Det gjorde at når ein sette opp organisasjonen, så blei han sett opp altfor tynt bemanna, seier han.

Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

Høgre: – Ein alvorleg situasjon

– Det er ein alvorleg situasjon, for tilstrekkeleg personell er avgjerande for å gjennomføra ei styrking av Forsvaret, seier forsvarspolitisk talsperson i Høgre, Hårek Elvenes.

Han meiner nok personell er ein hovudføresetnad for å styrka Forsvaret slik som er planlagt. Regjeringa har varsla ein langtidsplan som sikrar den største løyvinga til Forsvaret sidan andre verdskrig.

Nok personell er fundamentale faktorar som må vera på plass for at me skal klara å styrka vårt eige forsvar.

Hårek Elvenes Forsvarspolitisk talsperson i Høgre

I Høgre sitt alternative statsbudsjett har dei sett av 320 millionar kroner til «personellstimulerande tiltak». 70 millionar er øyremerkte til Luftforsvaret for å rekruttera fleire teknikarar.

Med slike tiltak viser han til lønsvilkår, pensjonsrettar, moglegheiter for vidareutdanning og buforhold. Elvenes meiner det er meir å gå på i den «personalpolitiske verktøykassa» og peikar på moglegheiter i å utnytta eit militært-sivilt samarbeid i utdanningssektoren.

– For eksempel på Bardufoss kan ein med enkle grep utvida kapasiteten for utdanning av flyteknikarar.

Hårek Elvenes

Hårek Elvenes (H) er forsvarspolitisk talsperson i Høgre og sit i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget. Han kallar F-35 for hovudkampsystemet i Forsvaret.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Elvenes viser til Svendsen-utvalet som såg nærare på eit slikt samarbeid.

– Dei kjem med mange gode anbefalingar. Eg forventar at regjeringa tek fram den rapporten frå skuffa og set i verk tiltaka.

I eit skriftleg svar seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram at regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å rekruttera og behalda folk, at personellmangel har vore ei utfordring i lengre tid og at den førre regjeringa ikkje gjorde nok for å rekruttera flyteknikarar til Forsvaret.

– Det krev både tid og ressursar å betra situasjonen, og det er eit langsiktig arbeid å bygga opp den naudsynte kompetansen som skal til for å løysa kampflyvåpenet sine spesialiserte oppgåver, og derfor har denne regjeringa raskt gripe tak i situasjonen, skriv Gram.

Han viser til at det er behov for meir personell enn det som opphavleg var planen.

– Derfor gjer regjeringa ei rekkje tiltak for å avhjelpa situasjonen både på kort og lang sikt, skriv han, og viser til fleire konkrete prosjekt dei har starta saman med mellom andre NTNU og fleire vidaregåande skular.

– Må venda alle steinar

Men problema med personellflukt i Forsvaret har ikkje starta denne regjeringsperioden. Også då Høgre sat i regjering var problemet aktuelt.

Kva tiltak gjorde Høgre då de var i regjering for å motverka denne flukta?

– Dette har bygd seg opp over tid. Høgre følgde det fagmilitære rådet med omsyn til kor mange teknikarar du burde ha per F-35. Når ein no har teke flya i bruk, så ser ein jo eit større behov og då må ein ta det derfrå.

Han kallar situasjonen ein skjerpa sikkerheitspolitisk situasjon.

– Me står overfor eit farleg og uføreseieleg Russland, som må leggast til grunn for vår forsvars- og sikkerheitspolitikk. Det er også årsaka til at ein byggjer opp Forsvaret.

Han meiner det er heilt sentralt at flya blir fullt operative, slik som planlagt.

– Blir dei ikkje det, så blir vår eiga forsvarsevne redusert. Derfor må ein no venda alle steinar med tanke på å rekruttera og behalda personellet betre.

Eirik Østby

Unge tilsette rømmer frå Forsvaret: For Eirik (31) er ikkje arbeidsplassen lenger attraktiv