Hopp til innhold

Unge tilsette rømmer frå Forsvaret: For Eirik (31) er ikkje arbeidsplassen lenger attraktiv

Eirik Østby (31) meiner Forsvaret ikkje er konkurransedyktige og sluttar i jobben sin. Han er ein del av ein trend som uroar både Forsvaret og fagforeining.

Eirik Østby

Eirik Østby har vore i Forsvaret sidan han starta på Sjøkrigsskulen i 2015. No vil han ikkje meir, og han er ikkje den einaste som sluttar lenge før pensjonsalder.

Foto: Agnieszka Iwanska

– Eg har ikkje hatt ein kvardag sidan eg var 15 år, seier Eirik Østby. No er han 31 år gamal og sluttar i jobben sin i Forsvaret.

Det er han ikkje åleine om. I 2023 slutta 695 tilsette i Forsvaret for å finna seg ein annan jobb. Det viser tal som Offiserbladet har henta frå Forsvarets personell- og vernepliktssenter.

Det er ikkje første gong statistikken viser at mange sluttar i jobben sin i det norske Forsvaret. I 2022 forlét 826 personar jobbane sine.

Dei fleste av dei som sluttar er yngre enn 36 år.

Det uroar både fagforeininga BFO og Forsvaret sjølve.

Samtidig har det no vore krig i Europa i to år, og før helga lova regjeringa ekstra milliardar til opptrapping av Forsvaret. Og det trengst pengar dersom Forsvaret skal klara å snu slutte-trenden, trur fagforeininga.

Pendling, pensjon og fritid

Østby starta på Sjøkrigsskulen i 2015 og har vore i Forsvaret sidan. I dag er han klarert vaktsjef, mellombels nestkommanderande på eit fartøy og har både personalansvar og opplæringsansvar.

No peikar han på fire faktorar som er avgjerande for at han sluttar i jobben sin:

Pendling

Østby bur i Sandefjord, men jobbpendlar til Bergen. Han trur det hadde vore meir overkommeleg om han jobba ein «vanleg» turnus.

– Om eg framleis jobbar på sjøen og er tre veker ute, så ønskjer eg tre veker heime i andre enden, eller noko i den gata.

Lite fritid i kvardagen

Fordi Marinen og Sjøforsvarets krigsflåte er unntatt frå nokre paragrafar i arbeidsmiljølova, fungerer ikkje deira turnus likt som for mange andre sjøtilsette.

– Viss eg seglar i ei firedagarsveke, så tener eg åtte timar til avspasering, som er éin arbeidsdag. Den totale tida du må segla for å tena inn fritid blir ganske høg.

Sjøforsvaret Bergen

Ein stor del av løna til mange i Forsvaret er tillegg. Utan desse blir løna for låg, meiner Østby. På biletet patruljerer Sjøforsvaret på Vestlandet.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Dårlege pensjonsordningar

Østby meiner pensjonsordninga i Forsvaret er for dårleg. Han viser til at han tener pensjon på mellom 40 og 60 prosent av inntekta si, litt avhengig av kor mykje han seglar.

Grunnen er at det er grunnlønna som er pensjonsgivande, ikkje tillegg han får når han er til havs. Østby meiner grunnlønna er låg samanlikna med andre yrke. Han opplever det som at han ikkje sparar pensjon på det som er primærjobben hans.

Les også Trenger man å tenke på pensjon i tjueåra? Her er ekspertenes råd

Studenter på biblioteket

Krav om nivåhevande utdanning for å kunna gå vidare

– No sit eg i eit mellomsjikt der det for meg er påkravd ein del nivåhevande utdanning for at eg skal kunna gå vidare. Vilkåra for å gjennomføra gjer det ganske uaktuelt for meg, seier Østby.

Konkret er det snakk om eit år på skulebenken som inneber ingen segling, og dermed ingen tillegg i lønna.

– Utfordringa med opplegget er at du halverer løna di frå den du sit på i dag. Fleire av mine kollegaer som skal starta på kurset er faktisk, i desse dyrtidene me er inne i, skeptiske til om det kjem til å gå rundt reint økonomisk.

I tillegg meiner han ein får lite att for å gå vidare i systemet: Ein får mykje meir ansvar, utan at løna stig spesielt mykje. Han viser til ulukka med KNM Helge Ingstad, der vaktsjefen på fregatten åleine er dømd.

Er det ein ting me har lært av tragedien med Helge Ingstad, så er det nettopp kor åleine ein står som vaktsjef.

Eirik Østby
Eirik Østby

Eirik Østby er klar for jobb i ein ny bransje.

Foto: Agnieszka Iwanska

Fagforeining: – Ingen tvil om at eg er bekymra

Østby trur ikkje pengar og økonomi er det som mest frustrerer dei som sluttar i Sjøforsvaret.

– Det er denne balansen mellom kor mykje ein er ute, samanlikna med kor mykje tid ein har heime som tærer på folk.

Også Dag Stutlien i Befalets Fellesorganisasjon (BFO) peikar på at årsakene til at mange sluttar er komplekse.

Dag Stutlien BFO

Dag Stutlien i BFO viser til at dei jobbar med å få til ein ny og betre pensjonsavtale for tilsette i Forsvaret.

Foto: Øyvind Førland Olsen

– Forskarar på Forsvarets forskningsinstitutt har sett på dette, og det som går igjen er løn og insentiv, manglande karrieremoglegheiter, pendling og balansen mellom arbeid og fritid.

I tillegg har det dei seinare åra dukka opp ei ny årsak: Mange oppgir at dei har mista trua på systemet.

Han ser med uro på den auka avgangen blant unge.

Me klarar å rekruttera godt til Forsvaret, men me evnar ikkje å halda på dei tilsette. Det er ingen tvil om at eg er bekymra for situasjonen.

Dag Stutlien Leder av Befalets Fellesorganisasjon (BFO)

Stutlien peikar på at Forsvaret skil seg frå andre arbeidsplassar på fleire måtar. Ein av dei er eigenproduksjonen av kompetanse.

– Når ein 35-åring sluttar, så har me gjerne brukt 15 år på å bygga vedkomande sin kompetanse. Når den kompetansen sluttar, så kan me ikkje like enkelt som andre rekruttera med ei annonse på Finn for eksempel.

Øvelse med luftvernbataljonen på Tjeldbergodden i Aure

Forsvaret brukar tid på å utdanna dei tilsette. Biletet er frå ei øving med luftvernbataljonen på Tjeldbergodden i Aure, ved eit av anlegga til Equinor.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Forsvaret: – Kan få operative konsekvensar

Også sjefen for Forsvarsstaben, generalløytnant Ingrid Gjerde, seier ho er uroa for sluttala.

– Me er spesielt bekymra for enkelte kategoriar som gjer at me får nokre hol i organisasjonen som kan få operative konsekvensar. Dei hola er me opptekne av å fylla.

Gjerde samanliknar med andre arbeidsplassar og seier Forsvaret framleis har god stabilitet på arbeidskrafta, men at det er fleire som sluttar enn tidlegare.

Ingrid Gjerde Forsvaret

Ingrid Gjerde viser til at Forsvaret jobbar med tiltak for å halda på dei tilsette.

Foto: Torgeir Haugaard / Forsvaret

Ho viser til at Forsvaret har problemet høgt på agendaen og at dei har sett i verk tiltak for å behalda personell.

Tiltaka inneber mellom anna auke av utdanningskvotar, eit pågåande løns- og insentivprosjekt og arbeid for re-rekruttering, altså å få dei som tidlegare har jobba i Forsvaret til å koma tilbake til arbeidsplassen.

Dette inkluderer at dei vurderer endringar når det gjeld løn og pensjon, arbeidstider og pendlemoglegheiter, slik Østby etterlyser.

– Å få ein betre balanse mellom inntekt og pensjon er ei sak som dette prosjektet ser på, seier Gjerde.

Ho peikar på at dei har undersøkingar som viser at dei fleste som sluttar i Forsvaret godt kan tenkja seg å koma tilbake, og at medarbeidarane generelt trivs veldig godt.

Me tek på høgaste alvor at nokon oppgir som ei av fleire sluttårsaker at dei har mista trua på Forsvaret.

Ingrid Gjerde Sjef for Forsvarsstaben

Les også Lover tosifret milliardsum ekstra til Forsvaret – kan nå Nato-mål neste år

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen (t.v.) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum under et besøk på det nye sykehuset i Narvik torsdag.

Tek med seg erfaringane vidare

Østby trur at det er fleire ting som har endra seg dei siste tiåra som gjer at færre blir i forsvarsjobbane sine.

– Eg trur det også handlar om den moderne familien. Det er større forventing til at ein har tid heime, uavhengig kva kjønn ein er. At ein har tid til å vera med familien, og at tida ein eventuelt er borte frå den kvardagen blir kompensert på ein god måte.

Sjølv om Østby er klar på kva han håpar blir betre i sin neste jobb, vil han også ta med seg noko frå Forsvaret.

Eirik Østby

Østby vil ta med seg erfaringa frå Forsvaret til sin neste jobb.

Foto: Agnieszka Iwanska

– Ein av tinga som gjer at eg trivst i Forsvaret og som eg trur mange kjenner på, er at ein yter ei samfunnsteneste og har eit viktig kjerneoppdrag.

Det vil han gjerne ta med seg vidare i ein ny jobb.

Hei!

Eg er ein av journalistane som har jobba med denne saka. Takk for at du har lese saka vår! Har du respons på det som kjem fram her eller tankar om andre viktige saker? Ta gjerne kontakt!

Les også Kokkekrise i Forsvaret – trenger flere som Henrik (18)

Kokkelærling Henrik Myrabakk steker pytt i panne.