Hopp til innhold

Per Børge går i «nordsjøturnus» som prest

Prestar som kjem to veker i slengen, men elles bur andre stader. Spesialturnus kan vere berginga mot prestemangel i Utkant-Noreg.

Per Børge Hillestad er sokneprest i Gulen.

GOD ORDNING: Per Børge Hillestad går i «Nordsjø-turnus» som prest. Han meiner fleire bør sjå til Gulen og få slike ordningar som kan fylle tomme prestestillingar.

Foto: Helge Dyrkolbotn

Noreg manglar i dag over 100 prestar. Kystkommunen Gulen i Vestland fylke er blant dei som har slite med å fylle preikestolen. For dei har prest i «nordsjøturnus» blitt løysinga på problemet.

– For meg har denne ordninga vore ei velsigning, seier sokneprest Per Børge Hillestad.

Turnusordninga fungerer på den måten at han to veker i månaden er på plass som sokneprest i Gulen. Dei to andre vekene er heime hos kona og dottera i Sandnes i Rogaland. Då avspaserer han nokre dagar, medan han elles jobbar frå heimekontor.

Sjølv om ordninga krev mykje planlegging og tilrettelegging, fungerer den godt, synest presten.

– Det er så mange bonusar med dette. Eg får moglegheit til å vere med i bygdelivet for fullt, men får også høve til å trekke meg tilbake og jobbe med det åndelege.

Hadde det ikkje vore for turnusordninga, hadde han ikkje kunne jobba i Gulen, fortel småbarnsfaren.

Den norske kyrkja veit ikkje kor mange prestar som går i slike turnusar, men trur ikkje det er så utbreitt. Fagdirektør Jan Christian Kielland seier bispedømma sjølve må vurdere om slike turnusar er hensiktsmessig for dei.

Verre utan turnus-prestane

Prestemangelen i Noreg er venta å auke i åra framover, og mange stader har ein vore avhengige av pensjonerte prestar for å få hjula til å gå rundt.

Håpet for kyrkja no er at fleire vel å omskulere seg til prest og vel dette som ei ny karriere.

Men også fleksible ordningar for dei tilsette er viktig, peiker Sør-Hålogaland bispedømme på. Her har dei i fleire år hatt turnusordningar blant prestane sine.

17 av 90 stillingar i bispedømet står i dag tomme. Hadde det ikkje vore for turnus-prestane, hadde det vore endå verre, trur biskop Ann-Helen Fjeldstad Jusnes.

Biskop i Sør-Hålogaland bispedømme Ann-Helen Fjeldstad Jusnes

VIKTIG: Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, biskop i Sør-Sør-Hålogaland bispedømme, seier dei har hatt fleire prestar i turnusordningar. Sjølv om det har fungert fint, er det også ulemper med dette, seier ho.

Foto: Privat

Men sjølv om ordninga fungerer fint, har dei ikkje flagga den så veldig høgt i utlysingstekstane sine.

– Vi kan ikkje ha for mange prestar i slike turnusar, for det er også ulemper med slike fleksibel ordningar, seier biskopen.

Det krev nemleg ein del fleksibilitet frå arbeidsgjevar, den tilsette, samt dei andre kollegaene i prostiet.

– Det kan også gjere forholdet mellom prest og meinigheit litt annleis, så slike løysingar er først og fremst ei utfordring for kyrkjelyden.

Fyller tomme stillingar med turnus-prestar

I Gulen hadde dei mangla prest i eit år då Per Børge Hillestad blei tilsett som sokneprest.

Ifølge prost i Nordhordland, Helge Taranrød, fungerer ordninga veldig fint. Men nokre av innbyggjarane var litt spente før presten starta opp i april 2020, fortel prosten.

– Nokre lurte litt på om dei berre skulle få ein «halv» prest, men Per Børge er veldig dyktig og glad i folk, så når han er til stades, så er han lett å få kontakt med.

Hadde det ikkje vore for turnusordninga, hadde prestestillinga i Gulen truleg stått tom, trur Helge Taranrød.

Mjømna kyrkje i Gulen

TURNUSORDNING: I Gulen stod prestestillinga tom i eit år før dei fekk inn Per Børge Hillestad som prest. Ordninga har fungert godt for alle partar, fortel pastor Helge Taranrød.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Les også: Berre ein av seks prestar er under 40 år: Margrethe (39) er den yngste presten i prostiet

Ikkje berre fordeler med ordninga

Men nokre utfordringar er det med prestar i turnusordning. Til dømes når det er gravferder og presten er på heimekontor, må presten i nabokommunen gå inn som vikar.

Sjølv om prosten er nøgd med ordninga, så er han tydeleg på at det er eit rekrutteringstiltak, og at det nødvendigvis ikkje er overførbart til andre. Ordninga skal evaluerast etter kvart for å sjå om ein skal halde fram med prest i turnus.

– Det kostar naturlegvis litt ekstra for arbeidsgjevar også med utgifter til pendling og husvære. Men samstundes: Kva andre alternativ har vi? Vi treng prestar også i distrikta, og dette er nok ordningar vi også må bruke i framtida, seier Helge Taranrød.

Les også: Hit kjem jordmora flygande kvar månad

Per Børge Hillestad er sokneprest i Gulen. Bildet er teke i Austrheim der han jobba som prest tidlegare.

UTE I DET FRI: Per Børge Hillestad er glad for at arbeidsgjevaren la til rette for at han kunne jobbe i turnus. Her frå ei utelivsgudsteneste på den gamle arbeidsplassen Austrheim.

Foto: Helge Dyrkolbotn

Bjørgvin bispedøme har i dag 17 ledige prestestillingar. Stiftsdirektør i Bjørgvin Jan Ove Fjelltveit, ser for seg at Gulen-løysinga også kan vere aktuell 3–5 stader i bispedømet også der det er store avstandar.