Hopp til innhold

Hennys måte kan løyse prestemangelen

Med alt for få nyutdanna teologar, må kyrkja tenke nytt. Henny Koppen kom inn i yrket via ein snarveg få veit om.

 sokneprest i stryn Henny Koppen.

REDNINGA: Kyrkja manglar over 100 prestar. For dei har slike som den tidlegare læraren Henny Koppen, blitt redninga. Ho omskulerte seg til prest i ein alder av 60 år.

Foto: Gunnhild Sindre / Fjordingen

– Det er nok ein litt hemmeleg veg inn.

Det seier Henny Koppen (66), sokneprest i Stryn. Ho var 60 år då ho bestemte seg for å omskulere seg og bli prest. Men å sette seg på skulebenken i seks år, var uaktuelt.

Då fekk ho tips om at det finst ein omveg. Dette er for dei som har relevant erfaring og utdanning frå før. Dei kan då sleppe unna med langt kortare tid på prestestudiet.

Etter eitt års studium var Koppen klar for å stå på preikestolen. Slik sett kan omvegen vera ein snarveg.

Manglar over 100 prestar

Denne alternative måten å bli prest kan vere løysinga på den store prestekrisa. I dag står nemleg 105 stillingar tomme – og verre skal det bli. Kyrkja trur dei vil mangle 150 prestar i 2024, men det er likevel betre enn PwC sine tidlegare analysar på 200.

Ein av plassane som kjenner på problemet, er Sogndal. Tilflyttarbygda lokkar til seg folk i fleng – men ikkje prestar.

– Vi står i ein alvorleg situasjon, seier Cathrine W. Halstensen, rekrutteringsansvarleg i Bjørgvin bispedøme.

Her står 17 stillingar tomme, og oftare og oftare får dei ikkje søkjarar til ledige jobbar. Så langt har pensjonistar og velvillige tilsette redda dei, men frykta er at dei ikkje skal greie å avvikle dåp, bryllaup og gravferder.

Stedje kyrkje i Sogndal.

ALVORLEG: Sogndal fekk ingen kvalifiserte søkjarar då dei lyste ut ei ledig prestestilling nyleg. Men situasjonen i sognebygda er ikkje unik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi fryktar konsekvensen på sikt, for vi ser at det kan bli utfordrande om det ikkje skjer noko, seier Halstensen.

– Det er dei som reddar oss no

Kyrkja har tru på at dei kan snu situasjonen viss fleire gjer som Henny Koppen som skifta yrke og vart prest.

– Det er dei som reddar kyrkja no, seier Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør for kirkefag og økumenikk i Kirkerådet.

Les også: Berre ein av seks prestar er under 40 år: Margrethe (39) er den yngste presten i prostiet

Han trur dei kan greie å løyse prestemangelen ved hjelp av denne gruppa. I løpet av dei to siste åra har 54 personar blitt godkjent som prest gjennom ei slik ordning.

Kyrkja har jobba for at det skal bli lettare for folk med master å bli prest. Det blei banka gjennom i Kyrkjerådet før jul. Før har ei eiga nemnd bestemt kven som er kvalifisert eller ikkje til å hoppe på denne ordninga, men no er nemnda skrota og erstatta av skriftlege krav.

MF Vitenskapelig høyskole har oppretta ein ny erfaringsbasert master basert på dei nye krava. Knut Tveitereid som jobbar ved MF, vil ikkje kalle det ein snarveg til yrket, men heller ein omveg.

– Vi opplever stor pågang og blir kontakta dagleg. Vi ser at mange vil bli prest, men det er kanskje ikkje 19-åringen, men 42-åringen, seier Tveitereid.

Det blir også jobba for at desse såkalla andrekarriere-prestane skal kunne jobbe under utdanninga.

Tveitereid peikar på at også prestar – som mange andre – byter jobb i større grad enn før.

– Men fram til no har det vore nærast umogleg å gå til presteyrket fordi studiet har vore så fasttømra og langt.

Martin Enstad, leiar i Presteforeningen seier løn, gode grenser mellom arbeid og fritid, samt moglegheit for kompetanseutvikling også er viktig i rekrutteringsarbeidet.

– Har vore litt hemmeleg

Sokneprest Henny Koppen synest det er bra at det er ulike vegar inn i presteyrket. Ho meiner det er av stor verdi for kyrkja å ha eit mangfald av prestar.

– Men bør kyrkja tydeleggjere i større grad at det er fleire vegar inn i yrket?

– Ja, det trur eg. Denne vegen har ikkje blitt snakka så høgt om, det har nok vore litt hemmeleg fordi det er eit ønske om at alle skal ta teologien.

Knut Nordeide er snart ferdig utdanna prest

SNART UTDANNA: Knut Nordeide frå Førde har snart studert i seks år for å bli prest. Det er viktig å ha unge folk, men også eldre, inn i yrket, meiner 25-åringen.

Foto: Privat

Årleg går 70 prestar av med pensjon, men berre 30 nyutdanna frå det ordinære teologistudiet kjem til. Ein av desse er Knut Nordeide (25) frå Førde.

Fleire av medstudentane hans tek omvegen til presteyrket. Han synest det er ei god ordning:

– Vi får inn dyktige folk med relevant og god livserfaring, men eg synest også det er viktig at unge studerer presteyrket. Vi treng eit stort mangfald, og det trengst mange typar prestar, seier 25-åringen.