Berre ein av seks prestar er under 40 år: Margrethe (39) er den yngste presten i prostiet

ODDA (NRK): Den norske kyrkja slit med å rekruttere nye prestar. 39 år gamle Margrethe Ølberg er den yngste presten i Hardanger og Voss prosti.

Margrethe Ølberg

AKUTT: – I det siste har eg merka at det er veldig akutt prestemangel i Hardanger og Voss, seier sokneprest Margrethe Ølberg

Foto: Tale Hauso / NRK

Den norske kyrkja står overfor ei alvorleg rekrutteringskrise. Som NRK skreiv i går må kyrkja leige inn pensjonistar og lærarar for å klare å halde gudsteneste. Nokre gonger har prestemangelen ført til at gudstenester har blitt avlyste.

I Bjørgvin bispedøme er 35 prosent av prestane over 60 år og nærmar seg pensjonsalder.

– Det er ein høg prosent. Bjørgvin bispedøme har nok ei oppgåve når det kjem til rekruttering, seier sokneprest i Odda, Margrethe Ølberg, til NRK.

På landsbasis er nesten 60 prosent av prestane over 50 år, og berre 16 prosent er under 40 år.

– Vi får ei rekrutteringsutfordring

Margrethe Ølberg vaks opp med ein far som var prest, og visste tidleg at det var det ho ville bli.

– Far min tok meg med på både gudstenester og andre ting som skjedde i kyrkja frå tidleg alder. Eg såg at han hadde ein fin, viktig og meiningsfull jobb. Eg blei fort glad i kyrkja

Ho har jobba som prest i 12 år, og er no 39 år. Ho er den yngste presten i Hardanger og Voss prosti. No er ho uroa over at det er få unge prestar i dag.

– I det siste har eg merka at det er akutt mangel på prestar i Hardanger og Voss.

Stiftsdirektør i Bjørgvin bispedøme, Jan Ove Fjelltveit

UROA: Stiftsdirektør i Bjørgvin bispedøme, Jan Ove Fjelltveit, er uroa over det høge aldersgjennomsnittet.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Stiftsdirektør i Bjørgvin bispedøme, Jan Ove Fjelltveit, er uroa over tala.

– Vi har eit høgt aldersgjennomsnitt. Vi prøver å leggje til rette for ein god seniorpolitikk, men vi har ei rekrutteringsutfordring som vi må finne ei løysing på. Viss ikkje utset vi berre problemet, seier Fjelltveit til NRK.

Trur presteyrket er attraktivt for dei unge

Aleksander Garmann Gullaksen leier rekrutteringsprosjektet til den norske kyrkja. Gullaksen sa til NRK måndag at rekrutteringsproblemet ikkje berre gjeld prestar, men også diakonar og kyrkjemusikarar.

– Dei siste åra har vi ikkje fått til å utdanne mange nok nye til å gå inn i yrka, og det er noko vi må gjere noko med.

Likevel trur han at eit yrke i kyrkja kan appellere til dei unge.

– Å jobbe i kyrkja er jo å jobbe med livet og med alle typar menneske. Det trur eg er attraktivt for unge menneske.

Margrethe Ølberg

MEIR SYNLEGE: Margrethe Ølberg trur kyrkja bør bli synlegare blant dei unge.

Foto: Tale Hauso / NRK

Margrethe Ølberg trur kyrkja må bli flinkare til å oppsøke ungdommen der dei er.

– Kanskje dei må meir ut på utdanningsmesser og til studiestadene. Kanskje eg må ta meg ein tur sjølv til ein utdanningsstad og reklamere for Hordaland og Bjørgvin bispedøme. Så flott som det er.