Hopp til innhold

Kyrkja må bruke pensjonistar og studentar for å få jula til å gå rundt

Landet rundt vert studentar og pensjonistar sett inn i presteteneste for at julefeiringa skal gå som planlagd. Rapport seier at Noreg kan mangle 200 prestar i 2024.

Herøy kyrkje

PRESTEMANGEL: I 2018 utførte pensjonerte prestar meir enn 105.000 timar teneste i Den norske kyrkja, som svarer til 60,5 årsverk.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er vanleg med julejobb, seier Sven Tore Relling.

Sjølv om han ikkje er ferdig med teologistudia har han, og fleire av medstudentane, alt byrja å vikariere som prest.

Bakteppet er prestemangelen som gjer at Noreg kvart år går 30 prestar «i minus». Det er differansen mellom kor mange som går av med pensjon og kor mange nye som kjem inn i teneste.

Ifylgje ein rapport frå PricewaterhouseCooper (PwC) kan Den norske kyrkja (DNK) mangle 200 prestar innan 2024. Det svarar til kvar sjette prest i landet.

I tillegg vel mange ferdigutdanna teologar alternative yrkesval. Ein kartlegging frå Utdanningsdirektoratet viser at nær halvparten av dei yrkesaktive teologane i landet jobbar som noko anna enn prest.

Sven Tore Relling

STUDENT: Sjølv om han ikkje er ferdig med teologistudia har Sven Tore Relling alt byrja å vikariere som prest.

Foto: Privat

Det er skrint, men no set vi inn støyten

Takka vere pensjonistar og studentar blir det julefeiring, seier Cathrine Waaler Halstensen, som er personalsjef i Bjørgvin bispedømme.

Noko alternativ har dei ikkje, seier ho.

Det er skrint, men no set vi inn støyten. Julefeiring er noko vi prioriterer høgt.

I 2018 utførte pensjonerte prestar meir enn 105.000 timar teneste i Den norske kyrkja, som svarer til 60,5 årsverk.

Prestemangelen gav seg fyrst til kjenne i dei nordlege bispedømma, men har sidan spreidd seg til heile landet.

NRK har tidlegare skrive om at den omstridde presten Mikael Bruun var den einaste søkaren til prestestillinga i Sogndal.

Mangelen er òg i ferd med å ta over byane, seier avdelingsdirektør i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland.

No merkar vi det òg i storbyane, som vi ikkje trong å bekymre oss for tidlegare.

Asker kirke, vinter

IKKJE NOK: Ifylgje ein rapport frå PricewaterhouseCooper (PwC) kan Den norske kyrkja (DNK) mangle 200 prestar innan 2024. Det svarar til kvar sjette prest i landet.

Foto: Bente Roestad / Bente Roestad

«Profetvegen» inn til prestetenesta

Innimellom kjem likevel positive løypemeldingar. I januar 2021 var det «berre» 96 prestestillingar ledige. 19 færre enn året i førevegen.

Forklaringane er mange.

I 2018 sette Den norske kyrkja i gang eit eige rekrutteringsprosjekt, og frå neste haust vil MF vitenskaplige høyskole og andre utdanningsstader tilby ein «erfaringsbasert mastar» for dei som er 35 år eller eldre og vil studere til prest på deltid.

Studiet er del av ein større strategi for å få fleire til å velje presteyrket som «andrekarriere».

Det er (nesten) aldri for seint å bli prest! Mange startar ei ny yrkesutdanning midtvegs i livet, skriv biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug på Facebook.

Så langt i år har 28 personar vorte godkjende i evalueringsnemnda til Den norske kyrkja. Det er denne som må gi tommel opp til dei som vil ha ein ny karriere som prest utan å «ha slite seg gjennom eit langt teologistudium».

For «bakvegen» og «profetvegen» (sjå faktaboks) inn til prestetenesta er og har vore omstridd.

Halvor Nordhaug

ENNO TID: Kyrkja vil få å få fleire til å velje presteyrket som «andrekarriere». – Det er (nesten) aldri for seint å bli prest, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Kan uthule og devaluere profesjonen

Professor ved teologisk fakultet, Hallgeir Elstad, seier til avisa Vårt Land at ordninga med «halvstuderte teologar» kan «uthule» og «devaluere» profesjonen.

Medan leiar i Presteforeninga, Martin Enstad, er litt meir forsiktig. Til same avis seier han at det ikkje er «ein ideell situasjon at ein kan bli prest utan å ha nokon teologisk fagkompetanse».

Biskopane Ingeborg Midttømme og Herborg Finnset har på si side vore oppteken av å parkere sjølve omgrepet «profetvegen», som dei meiner er «fordummande og myteskapande».

I november vedtok eit delt Kyrkjemøte (67 mot 40 stemmer) å vidareføre den omstridde bakvegen inn til prestetenesta, sjølv om utvalet som førebudde saka tilrådde å avvikle ho.

Også utdanningsinstitusjonane MF, TF og VID ville skjerpe og smalne inn ordninga.

Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske, representative organ i Den norske kyrkja og kan samanliknast med Stortinget.

Stor rift om dei unge teologane

Vidar Bjotveit er sokneprest i Gloppen. Han seier det «stor rift» om dei unge teologane i tida før jul, og at han må vere pågåande for å få jula til å gå rundt.

Du må selje deg inn, og vere aktiv i studentmiljøet.

Og ein ting til:

Du må vere heldig.