Hit kjem jordmora flygande kvar månad

Kommune-Noreg slit med å få tak i nok jordmødrer. Ytst i Sognefjorden får dei «hjelp frå ovan» to dagar i månaden.

Få nyfødde i 2021 i Hyllestad

FEM FØDSLAR: I fjor var det fem fødslar i kommunen, og i likskap med andre små distriktskommunar har Hyllestad utfordringar med å få til ei god løysing for jordmortenestene sine.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Julie Fürstenberg ligg på behandlingsbenken, og jordmor Cecilie Kleven sjekkar at alt er som det skal inne i magen.

– Eg har sakna litt det å ha éin person å spørje om eg lurer på noko. Det er litt lettare enn å snakka med nye folk kvar gong, seier Fürstenberg.

Julie og mannen Anders ventar barn om ikkje lenge. Dei bur i Hyllestad kommune, som ligg ytst mot havgapet i Vestland fylke.

I fjor var det fem fødslar i kommunen, og i likskap med andre små distriktskommunar med minkande befolkning har Hyllestad utfordringar med å få til ei god jordmorteneste.

I fleire omgangar har dei forsøkt å lysa ut ei 20-prosentstilling som jordmor, utan å få napp.

– Det er vanskeleg å rekruttera til så små stillingar, seier Trine Engebø, leiar for Helse- og omsorgstenesta i kommunen.

Julie Fürstenberg og Cecilia Kleven

ALT VEL: Alt var fint med både mor og barn då Julie Fürstenberg hadde sin første kontroll med jordmor Cecilia Kleven i Hyllestad denne veka.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Flyr inn jordmor kvar månad

Å etablere eit samarbeid med nabokommunane har heller ikkje vore mogleg. Difor måtte ho «tenke utanfor boksen», som ho seier.

Og då melde ideen seg: å fly inn ein jordmor kvar månad.

I tillegg til å vere fysisk til stades to dagar i månaden, skal «den flygande jordmora» vere tilgjengeleg for videokonsultasjon og samtalar.

– Dette er eit godt alternativ. Eg skal prøva å vera her når kvinnene treng det, seier jordmor Cecilia Kleven.

Til vanleg bur og jobbar ho i Oslo.

– Så lenge kommunen har det utstyret eg treng og slikt, så fungerer dette fint. Ikkje alt treng å vera fysisk. Fødselsførebuande samtaler kan me gjera via video.

Underbemanning på norske fødeavdelinger

FOR FÅ: Ifylgje Nav si bedriftsundersøking for 2021 mangla det i fjor 150 jordmødrer ved norske sjukehus.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

– Manglar 250 jordmødrer

Tilbodet til gravide og fødande er eit tilbakevendande tema i norsk politikk.

I Hurdalsplattformen varsla den nye regjeringa at ho vil frede fødeavdelinga i Kristiansund, som har vore ein viktig sak for «bunadsgeriljaen».

Jordmorforbundet seier til NRK at det er 250 ledige jordmorstillingar på landets fødeavdelingar. Rundt forbi deler 53.000 fødande, nyfødde og barselkvinner på om lag 500 kommunale jordmødrer.

– Vi vil ha dobbel utdanningskapasitet for å løyse krisen i fødselsomsorgen, seier leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup

Ei «bemanningskrise», kalla ho det, og viste til at det manglar 1.000 jordmødrer ute i kommunane. Sjølv om det har det blitt 60 prosent fleire kommunalt tilsette jordmødrer sidan 2015.

I 2019 hadde 77 prosent av kommunane Noreg eiga jordmor, viser tal frå SSB. Resten kjøpte tenesta frå sjukehus eller nabokommunen.

Støre og Vedum legger frem Hurdalsplattformen

HURDALSPLATTFORMEN: Den nye regjeringa varslar at den vil frede fødeavdelinga i Kristiansund, som har vore ein viktig sak for «bunadsgeriljaen». 

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Kan aldri erstatte fysiske møte

Kari Aarø er politisk leiar i Den Norske Jordmorforening.

– Ei digital løysing kan aldri erstatte fysiske møte. Eg lurer på om dei som flyr inn jordmødrer har spurt brukarane, seier ho.

Det har vi, svarer helsesjefen i Hyllestad.

– Dei gravide møter jordmora ein gong i månaden. Så blir helsesjukepleiaren og legen den forlenga armen til jordmora, med oppfølging mellom konsultasjonane, seier ho.

Helsesjukepleiar i kommunen, Marthe Eimind, ser fordelar ved å agere som jordmora sin forlenga arm.

Slik blir ho kjend med foreldra også før ungen kjem til verda, seier ho.

– Eg kjem tettare på dei enn før, og dei får også ein person å forholda seg til gjennom heile tida.

Anja Solvik reagerer på regjeringsplattformen og løfte om fødeavdeling i Kristiansund.

SJÅ VIDEO: Slik reagerer Anja Cecilie Solvik i Bunadsgeriljaen når ho får sjå regjeringsplattforma.