Hopp til innhold

Øyremerkjer 240 mill. til barnevern

Regjeringa øyremerkjer 240 millionar kroner til det kommunale barnevernet i framlegget til statsbudsjett. Målet er å skaffe 400 nye stillingar.

Barneminister Audun Lysbakken (SV)

NYE MILLIONAR: Dei auka løyvingane er eit resultat av at Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken ikkje har klart å nå løftet om 400 nye stillingar i år.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Totalt aukar løyvingane med 400 millionar. Dte er eit resultat av at Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken ikkje har klart å nå målet om 400 nye stillingar i år.

Vil øyremerkje midlane

I august vart det klart at barnevernet fekk berre halvparten av stillingane dei var lova for 2010, fordi kommunane prioriterte pengane til andre formål. For å rette opp dette, vil difor regjeringa øyremerkje midlane.

– Det tyder på at regjeringa har meint alvor også i 2010, men at dei forstår at dei er nøydde til å øyremerkje midlar for at ikkje dei midlane som blir stilte til disposisjon i kommunane blir brukte til andre ting enn til det kommunale barnevernet, seier Randi Rese i Fellesorganisasjonen til NRK.

Mindre styring for kommunane

Kommunane får dermed mindre styring med kva pengene skal gå til. Rese meiner dette er bra for å sikre ungane.

LES OGSÅ:

– Eg trur ingen er i ein meir sårbar situasjon enn born som treng hjelp utover det foreldra kan stille opp med, seier ho.