Hopp til innhold

Rekordmange fosterheimsborn

Aldri før har det vore så mange born i fosterheimar i Sogn og Fjordane. Samtidig er det akutt mangel på familiar som vil ta i mot born som treng hjelp.

Barn

Til saman 170 born og unge i Sogn og Fjordane får hjelp frå Fosterheimstenesta.

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

Fosterheimstenesta meiner situasjonen er prekær.

– Vi har born som sit i beredskapsheim og som ikkje veit kor dei skal bu for eksempel til jul, Det er langt i frå godt for born, seier seniorrådgjevar i Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane, Truls Songstad.

- Situasjonen er ikkje haldbar

Til saman 170 born og unge treng ekstra omsorg og hjelp frå Fosterheimstenesta i fylket fordi dei ikkje lenger kan bu heime.

Songstad fortel at talet på born som treng hjelp har auka kvart år dei siste seks åra. Han meiner situasjonen ikkje er haldbar.

– Har ein levd eit liv utan omsorg i mange år, så vert åtferda deretter. Då skal det stor forståing til for å forstå korleis borna eigentleg har det, forklarar Songstad.

Ingen ledige fosterheimar

Samtidig som det stadig vert fleire born som treng hjelp er det svært vanskeleg å få fosterfamiliar til born frå 12-årsalderen og oppover.

Dei som allereie er fosterfamiliar har ikkje meir kapasitet. Dette går igjen utover borna som ikkje får den stabiliteten dei treng.

– Både vi og kommunane slit. Dersom kommunen gjer eit vedtak om plassering i fosterheim, får dei eit nytt problem fordi dei ikkje har nokon plass å plassere dei, seier ein fortvila seniorrådgjevar.

Tidlegare har Songstad etterlyst fleire fosterheimar spesielt i Nordfjord.

Problem på heile Vestlandet

Nina Bolstad, avdelingsdirektør for Barnevern i Region Vest seier situasjonen er slik på heile Vestlandet.

– Sogn og Fjordane har tradisjonelt vore eit veldig godt fosterheimsfylke. Tidlegare har dei hatt plass til born frå andre delar av regionen. Men no har ting snudd. Det er fordi dei har fleire ungdomar som har behov for hjelp enn det dei har fosterheim til, seier Bolstad.

Det er berre tre år sidan Sogn og Fjordane var best på Vestlandet i å rekruttere nye fosterheimar.

Nina Bolstad

Nina Bolstad er avdelingsdirektør for Barnevern i Region Vest.

Foto: NRK

Men dette har no endra seg seier Bolstad som vidare forklarar at det er ungdom som er vanskelegast å finne fosterheim til. I Region Vest har dei arbeidd for å finne løysingar, men framleis er det born som står i kø for å få ein stad å bu.

– Vi har aldri hatt så mange born i fosterheim som vi har no. Og det er eit stadig aukane behov, seier Bolstad.

- For dårleg oppfølging

Tove M. S. Wahlstrøm, generalsekretær i Norsk Fosterhjemsforening fortel at situasjonen er lik over heile landet. Ho meiner fosterfamiliane ikkje vert godt nok tekne vare på.

– Det er for dårleg oppfølging, men dette har med talet på stillingar og talet på saker å gjere, seier Wahlstrøm.

Trass i at det i statsbudsjettet vart løyvd 400 nye stillingar til barnevernet, er det for få som jobbar med dette. Situasjonen fører til at svært mange av kommunane våre ikkje klarar å følgje barnevernslova. Wahlstrøm etterlyser betre vilkår for fosterheimsfamiliane, og at politikarane byrjar å ta borna som treng hjelp på alvor.

– Slik eg ser det, så går det i gitte situasjonar på rettstryggleiken laus for fosterborna, seier Wahlstrøm.

Fleire born endar opp på institusjon

Songstad i Sogn og Fjordane seier fleire born kjem i situasjonar der dei vert flytta frå familie til familie. Konsekvensen er at borna vert meir utagerande og utfordrande å handtere, og at fosterfamiliane ikkje maktar å ta vare på barnet. Dermed hamnar fleire born som treng å bu saman med ein familie på institusjon.

– Det er ofte slik at dei dårlege sidene born har utvikla, vert delte med andre born på same institusjon. Då vert det ein smitteeffekt av den dårlege åtferda. Så det å bu på institusjon er for dei aller fleste born og unge ei svært negativ oppleving, seier Songstad.