Hopp til innhold

Skuffa over vegsatsinga

NHO er skuffa og meiner næringslivet er taparen på vegbudsjettet. –

Vegen Olden-Innvik
Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det kjem ikkje pengar på statsbudsjettet som gir betre vegar for vidare utvikling, seier regiondirektør Tom Knudsen i NHO Sogn og Fjordane.

Han er skuffa over framlegget til statsbudsjett som vart lagt fram tysdag.

Ønskjer seg meir enn vedlikehald

– Regjeringa ikkje oppfyller ikkje sin eigen nasjonale transportplan. Dei ligg faktisk 2,3 milliardar kroner etter skjema. Vi synest det er veldig positivt at dei løyver så pass mykje pengar til vedlikehald, der overoppfyller dei faktisk ramma. Men når ein så ser kvar ein tek pengane frå, så blir det ikkje meir ny veg, seier Knudsen.

Regjeringa satsar på eit monaleg vedlikehaldsløft på eksisterande vegnett neste år.

– Då vel dei å bruke pengar som skulle gått til nye investeringar på vedlikehald. Dette hemmar næringslivet meiner Knudsen.

– Ikkje enklare for næringslivet

Han meiner næringslivet i Sogn og Fjordane er avhengige av meir og betre vegar. Det konkurranseutsette næringslivet kjem seg ikkje vidare, meiner NHO-sjefen.

– Det seier seg sjølv at det blir ikkje enklare å komme seg fram. Det blir på dagens nivå. Vi skulle ønskje at dette vart betre, spesielt for konkurranseutsett industri. Dei konkurrerer med utlandet. Skal dei lykkast, er veg ein av innsatsfaktorane som må vere på plass, seier Tom Knudsen.

Sande forstår ikkje kritikken

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) frå Sogn og Fjordane stiller seg utforståande til kritikken frå Knudsen i NHO.

– For det første høyres det ut som han kritiserer på at det blir satsa tyngrepå vedlikehald. Vi får 100 millionar meir til vedlikehald i region Vest i året som kjem. Det høyres underleg ut. Det har jo vore kritisert at det ikkje har vore satsa på vedlikehald, og det må vere bra, seier Sande.

Han viser til at næringslivsfolk i Stryn er nøgde med at det blir løyvd midlar til opprusting av Strynefjells-tunnelane, og meiner også at dei som får nytte av opprustinga av E39 og liknande, er bra nøgde.

– Så eg forstår ikkje kritikken. Når det gjeld investeringar så følgjer regjeringa no opp alle planane som ligg føre i Sogn og Fjordane. Alle strekningar som er ferdig planlagde har maksimal framdrift. Dette tyder på at NHO-direktøren ikkje har nok kunnskap om kva planar som er klare til gjennomføring i Sogn og Fjordane, seier Sande.

Han vedgår likevel at behovet for nye vegar i fylket er stort i åra som kjem.

– Vi må jobbe vidare og sikre samferdslesektoren, seier Sp-representanten.