Hopp til innhold

Barneombod refsar barnevernstilbod

- Uhaldbart at kommunane manglar eit akutt barnevernstilbod utanom arbeidstid, meiner barneombodet.

Reidar Hjermann

Reidar Hjermann, barneombod

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Eg vil på det sterkaste oppmoda kommunane i fylket til å ordna med vakter i barnevernet. Viss dei til dømes er for små til å få til gode vaktordningar, må dei gå i lag i interkommunalt samarbeid.

- Svært problematisk

Oppmodinga frå Barneombodet er klar. Men i Sogn og Fjordane står samtlege kommunar utan eit akutt barnevernstilbod på kveldstid og i helgane.

I fjor sat 32 mindreårige på glattcelle, og politiet vedgjekk i førre veke at fengsling kunne vore unngått i fleire tilfeller dersom barnevernet hadde hatt døgnvakt.

Les også: Manglar akutt barnevernstilbod

Hjermann fryktar mangel på tilbod skal gå utover borna.

- Det betyr at born som skal ha akutthjelp, ikkje får det. Ein må altså sørgja for at overgrep skjer i arbeidstida, ikkje i helgar ellde feria, og det er så klart svært problematisk.

- Lite føremålstenleg med vaktordningar

Men ikkje alle er samde med Barneombodet. Mette Byrkjeland er nestleiar i HAFS interkommunale barnevernsteneste. I tjue år har ho teke hand om born med utfordringar i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Ho meiner det vil vere feil bruk av pengar å oppretthalde ei døgnopa teneste som ho meiner berre blir brukt nokre få gongar i år.

- Viss det oppstår akutte ting i helgane vil me stilla opp sjølv om me ikkje har ei organisert vaktordning. Men behovet er så lite, at å binda opp ressursar i vaktordningar verkar lite føremålstenleg.