Hotellsjefen bytta ut dress med arbeidsklede – hotell pussar opp for fleire millionar i koronakrisa

LOEN (NRK): Hotell og reiselivsaktørar satsar millionbeløp på oppussing, trass kanselleringar og permittering av heile arbeidsstokken.

Alexandra

FLEIRE MILLIONAR: Det blir brukt fleire millionar kroner på å pusse opp rom på Hotel Alexandra i Loen. Her er hotelldirektør Richard Grov (t.h.) i eitt av romma som får ei oppgradering.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Lyden av gjestar som går gjennom korridorane er bytt ut med duren av bor og hammarslag. Hotellsjefen har skifta frå dress til arbeidsklede.

Over natta blei hundrevis av bestillingar til avbestillingar. Ved Hotel Alexandra i Loen forsvann alle bestillingar i løpet av fire dagar i mars.

Andre i reiselivsnæringa sløkker lysa og låser dørene. I den vesle bygda i Stryn vert familiehotellet frå 1884 rusta opp til dagen gjestane kjem tilbake.

– Vi må fornye oss og gjennomføre planane om oppgradering, seier hotelldirektør Richard Grov.

Tapar 15 millionar

Hotellet tapar ei omsetning på 15 millionar kroner i månaden når gjestane held seg heime. 250 tilsette er permitterte. Likevel bruker hotellet fleire millionar på oppussing.

– 70 hotellrom, bad og korridorar vert pussa opp. Vi skal ikkje resignere, men vise ei offensiv haldning, seier Grov.

Mange hotell står i si verste krise nokon gong. Fredag kom tiltakspakka frå regjeringa for å berge norske arbeidsplassar, men langt frå alle meiner tiltaka er gode nok til å unngå konkursras i reiselivet.

Hotelldirektøren i Loen har likevel tru på at det kjem til å gå bra.

– Vi skal komme oss gjennom dette uansett, og målet vårt er at så mange som mogleg skal komme tilbake til arbeidsplassen sin.

Hotel Alexandra

TOMME ROM: Hotel Alexandra blei bygd i 1884. No står alle romma tomme.

Foto: HOTEL ALEXANDRA

20 millionar til nye rom

Andre gjer det same som familiehotellet i Loen. I skjergarden i Kalvåg ligg overnattingsstaden Knutholmen. Mellom fiskebåtar og sjøbuer vert eit gamalt bygg kledd i ny drakt. Dagleg leiar kallar det for «korona-oppussing».

– Vi kan ikkje berre sjå i lufta. Då trur eg det går gale for mange, seier dagleg leiar Jan Fredrik Fosse.

No vert det bygd 16 nye rom i det gamle sjøhuset. Midt i ei krise skal den familiedrivne overnattingsstaden utvide.

– Det kostar 20 millionar kroner, men så går det også pengar til anna oppussing. Vi må sjå framover. Det kjem ein dag i morgon, seier Fosse.

Knutholmen

NYE ROM: Hos Knutholmen i Kalvåg vert det bygd 16 nye rom.

Foto: JAN FREDRIK FOSSE

Status Norge

Sist oppdatert: 06.06.2020
8531
Smittet
23
Innlagt
238
Døde