Blodraude tal og avbestillingar

Det kan verte folketomt i turistbygda Flåm i neste veke. Samstundes melder reiselivsbedriftene i Bergen om permitteringar og ei halvering i talet på bestillingar.

Flåmsbana.

FOLKETOMT: Nesten alle som tek Flåmsbana om sommaren er turistar. No fryktar eigaren tomme vogner alt frå neste veke.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Utbrotet av koronaviruset er i ferd med å påføre næringslivet enorme utgifter.

I dag innførte regjeringa svært strenge restriksjonar for å hindre spreiing av koronaviruset.

Blant dei hardast råka er reiselivet som no står framfor sommarsesongen. Ei undersøking Visit Bergen har gjennomført blant medlemsverksemdene sine 11. og 12. mars syner blodraude tal. Over halvparten av bedriftene seier talet på kanselleringar er omfattande. 22 prosent svarar at talet på bestillingar er redusert med over 50 prosent i høve til fjoråret.

Har stengt turistinformasjonen

Vel halvparten seier og at dei har førebudd eller sett ut i livet permitteringar. Visit Bergen har 116 medlemsverksemder.

Bergens Tidende skriv i kveld at 500-600 personar alt er permitterte i hotellbransjen i Bergen.

Nær 70 prosent av omsetnaden til reiselivet i Bergensregionen kjem i sommarmånadane.

– Driftsmarginane i reiselivet er svært låge. Veldig mange bedrifter har lite å gå på økonomisk. Dersom trafikken i sommar blir borte, er vi uroa for omfanget av konkursar og tap av arbeidsplassar, seier reiselivsdirektør Anders Nyland.

Bryggen i Bergen

TURISTANE BLIR BORTE: Avbestillingane tikkar inn som aldri før hos reiselivsbedriftene i Bergensregionen.

Foto: Illustrasjonsfoto / Colourbox

Visit Bergen har valt å stengje turistinformasjonen på Torget, i første omgang til og med 26. mars.

Samstundes uttrykker Bergens Næringsråd uro gjennom ei undersøking dei har gjort hos over 300 bedrifter dei to siste dagane. Her oppgir nærmare 60 prosent av dei spurde at dei får reduserte inntekter som følgje av koronaviruset.

– Blodraudt i Flåm

Heller ikkje i turistbygda Flåm, inst i Sognefjorden er det mykje håp for tida. Årleg kjem fleire hundre tusen turistar til bygda for å oppleve Flåmsbana og den verdskjende Nærøyfjorden.

– I løpet av neste veke reknar eg med at det vert folketomt i Flåm. Normalt plar vi ha 2000–3000 turistar i veka på denne årstida, seier Sivert Bakk som er dagleg leiar for Flåm Utvikling.

Han seier at talet på avbestillingar er blodraude for april og mai. Bakk ønskjer ikkje å talfeste nedgangen verken når det gjeld avbestillingar eller nedgangen i bestillingar, då talet heile tida er i endring.

– Det er alvorleg når vi veit at 98 prosent av passasjerane på Flåmsbana er utanlandske turistar, fortel han.

Sivert Bakk

UROA: Dagleg leiar i Flåm Utvikling, Sivert Bakk, vurderer å stengje butikkar og andre tilbod i turistbygda.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bakk seier det kan verte aktuelt å stengje både butikkar, kafear og hotell.

– Situasjonen er alvorleg, men kor store konsekvensane vert er uråd å seie. Det kjem heilt an på kor lang tid dette situasjonen vil vare.

Ingen sjekkar inn på nytt hotell

Også i turistbygdene langs Hardangerfjorden fryktar dei konsekvensane. I sist veke nyopna Hardangerfjord Hotel i Øystese. Og dagane etter opninga vart ikkje heilt som driftsdirektør Tina Våtvik Olsen hadde håpa på.

– At vi ikkje har innsjekkingar i dag, er ikkje det du vil høyre når eg spør resepsjonisten, seier driftsdirektør i Fjordtind Hotels, Tina Våtvik Olsen.

Tina Våtvik Olsen

DRIFTSDIREKTØR: Tina Våtvik Olsen utelukkar ikkje permitteringar om hotella deira skal overleve ein vanskeleg sommarsesong.

Foto: Tale Hauso / NRK

Selskapet eig tre hotell i Hardanger.

– Vi har dei siste dagane fått mange avbestillingar, spesielt frå asiatiske gjester. Men dei siste 48 timane har slått lufta ut hos oss alle. Vi har varsla permitteringar i alle tre bedriftene. Det er eit tiltak vi må gjennomføre om vi skal overleve.

1200 arbeidsplassar

Olsen seier ho har snakka med fleire i bransjen, og ho er spesielt uroa for dei mindre og kjedeuavhengige hotella. Berre i Hardanger er det 1200 arbeidsplassar.

– Dette er så alvorleg at det vil føre til mange konkursar. Dette er ei krise som næringa ikkje har sett på veldig mange år, seier ho.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 29.11.2021
15 836
Smittede siste 7 dager
250
Innlagte
1 050
Døde
4 229 770
Vaksinerte