Hopp til innhold

Fryktar reiselivsnæringa kjem til å oppleve eit konkursras

Regjeringa har i dag lagt fram ein tiltakspakke for å berge norske arbeidsplassar gjennom koronakrisa, men i reiselivet er det mange som er skuffa over tiltaka.

Cruiseskip i Geiranger

UTSETT: Reiselivsbransjen er blant dei som er hardast økonomisk råka av koronakrisa. Slike bilete vert neppe å sjå i Geiranger denne sommaren.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Akkurat no ligg reiselivsnæringa nede med brekt rygg. Då treng me direkte kapital og ikkje fleire menneske for å handtere ei manuell ordning eller tilgodelapp, seier administrerande direktør Steinar Aase i Fjord Tours.

Tidlegare i dag kom det fram at regjeringa vil bruke mellom 10 og 20 milliardar kroner i månaden på støtte til næringslivet. Tiltakspakka er meint å gje støtte til dei som er direkte råka av å måtte stenge bedrifter grunna smittevernsreglar frå staten.

Sjølv om alle detaljane rundt tiltaka er uklare, har ikkje reaksjonane frå reiselivsnæringa latt vente på seg.

– Me kjem til å bruke mange år på å byggje det opp att

– Det er svært skuffande ut frå det eg har sett så langt. Eg er redd me kjem til å oppleve eit konkursras av dimensjonar i heile Noreg, seier Steinar Aase.

Han meiner at tapa til selskapa er såpass store, at regjeringa må gi større kompensasjonar i form av direkte kapital.

– Det burde vere mogleg å lage ein meir langsiktig modell som viser til utfordringane i tida framover. For Vestlandet sin del er reiselivet så stor del av næringa, og me kjem til å bruke mange år på å byggje dette opp att.

Takksam – men ikkje tilfreds

Sindre Mjelva driv Union Hotel i Geiranger. Han og kona Monja Mjelva er 4.-generasjons vertskap ved hotellet. Denne sesongen skulle dei hatt 50.000 gjester. Han seier at det er fantastisk at styresmaktene stiller opp på denne måten, men at dei må passe på at det verkeleg monnar også lenger fram i tid.

– Vi er svært takksame for kontantstøtta. No går vi inn i den internasjonale sesongen, og han er jo borte. Men truleg vil vi også merke dette godt i 2021-sesongen. Difor vil det ikkje hjelpe å berre dekke inn inntektsbortfallet for denne sesongen, seier han.

Union Hotell, Geiranger

MÅ LØNE SEG: Sindre Mjelva ved Union Hotell i Geiranger er glad for at regjeringa tek tak. Han håpar dei gjer det dei kan for å leggje til rette for at han kan drive hotell også etter Koronakrisa.

Foto: Tore Ellingseter

Mjelva seier det er viktig at styresmaktene gjer det dei må gjere for å hindre smitte, og han har full tillit til at dei tar kloke val.

– Vi skal følge reglane til punkt og prikke, og så må vi hjelpe regjeringa med innspel slik at vi som er hjørnesteinsbedrifter og andre bedrifter også er her når dette er over.

Familien Mjelva har drive hotell i Geiranger sidan 25. mars 1899, og Sindre Mjelva er klar på at hotellet skal vere der nå koronakrisa er over.

– Vi har klart oss gjennom både 1. og 2. verdskrigen, så då må vi også klare komme oss igjennom dette her, seier han.

– Må få full nytte

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, skriv i ei pressemelding at dagens kontantpakke frå regjeringa er heilt avgjerande for mange reiselivsbedrifter. Ho seier dei no jobbar tett saman med medlemmene for å tilpasse ordninga.

Kristin Krohn Devold

GJELD FLEIRE: Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, meiner fleire bedrifter har fått store økonomiske vanskar, trass i at dei ikkje er tvangspålagde å stenge.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Finansministeren sa fredag at dei som er pålagde å stenge skal få høgare dekningsgrad i ordninga, og NHO meiner «pålagt stenging» bør bli sett på i vid forstand.

– Det er viktig å presisere at mange bedrifter i reiselivet har fått store avgrensingar i drifta som følgje av korona-tiltaka, sjølv om dei ikkje offisielt er blitt pålagde å stenge. Dei må også få full nytte av denne ordninga, seier Krohn Devold.

– Gje beskjed

Liv Signe Navarsete i Senterpartiet meiner det er positivt at regjeringa vil komme næringslivet i møte. Samstundes meiner ho det er viktig at reiselivsbransjen sørgjer for å gje tilbakemelding, slik at dei vert høyrde.

– Det er ikkje tvil om at sesongen for reiselivet er øydelagt, og det er klart at ein då treng ein meir langsiktig tankegang.

Liv Signe Navarsete i debatt

VIL HA DIALOG: Sp-politikar Liv Signe Navarsete meiner det er viktig at næringslivet gjev tydeleg beskjed om kva dei meiner må til for å komme seg gjennom desse tøffe tidene.

Foto: NRK

Ho meiner eit samarbeid mellom regjeringa og bransjen er viktig, for å gje eit best mogleg utgangspunkt for framtida.

– Det viktige no er å jobbe saman, slik at reiselivet kan stable seg på beina att, seier ho.