Hopp til innhold

Over 40 smitta – bønemøte spreidde smitte i åtte kommunar

Eit bønemøte og eit stabsmøte er i sentrum etter at over 40 personar i og rundt Stad kommune har blitt smitta med covid-19 dei siste dagane.

Eid kyrkje

SETT UT AV SPEL: Seks tilsette ved Eid kyrkje er smitta av korona.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Smitten har spreidd seg gjennom møteaktivitet i kyrkjeleg regi i dagane etter at denne personen kom heim frå Bergen, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune.

NRK fortalde i går at ein tilsett i kommunen har sett heile kyrkjestaben ut av spel.

To prestar, ein organist og ein kyrkjeverje er blant dei som har fått stadfesta koronasmitte.

Smitteutbrotet vert knytt til eit internt stabsmøte i kyrkja, og til eit «bøn og song»-arrangement i eit forsamlingshus i same kommune.

– Vi veit at kraftfull song har til felles med roping og latterutbrot at det spreier ganske mykje dropar, sa medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen i Bergen kommune i sommar.

Den gongen vart 13 av 16 songarar smitta av korona etter ei korøving.

SPREIING: Åtte kommunar har no koronasmitte som følgje av ein bergenstur.

Bønemøtet i Stad trakk mellom 20 og 30 personar frå ulike bygder, og smitten har no forgreiningar til sju andre kommunar – Volda, Stryn, Gloppen, Kinn, Bremanger, Sunnfjord og Bergen.

Per no er det stadfesta at over 40 personar i desse kommunane har vorte smitta.

I Lyngdal har minst 85 personar fått påvist smitte etter møter i ein rumensk kyrkjelyd.

Også i Molde har religiøse møter resultert i eit stort smitteutbrot. Der er så langt 28 smitta, medan kring 300 sit i karantene.

Skuldar ingen

– Det er krevjande når ting spreier seg mellom fleire kommunar, men kontakten mellom kommunane er god, seier kommunelege Jan Helge Dale i Kinn kommune.

Han seier dei har god kontroll på smittesporinga.

– Vi får avklart situasjonane fort. Det betyr at vi får sett folk i isolasjon og karantene.

Verken han eller kommunelegen i Stad, Thomas Vingen Vedeld, vil fordele skuld etter det som har skjedd.

– Bønemøtet var framifrå utført med tanke på smittevernreglar, og det er berre grunn til å skryte av dei som arrangerte møtet. Likevel ser vi at det har vore ei smitteoverføring, så dette viser at viruset kan vere veldig smittsamt, seier Vingen Vedeld.

Kommunelege i Eid, Thomas Vingen Vedeld, her saman med ordførar Alfred Bjørlo (V)

KONTROLL: Både kommunelege Thomas Vingen Vedel og ordførar Alfred Bjørlo (V) i Stad meiner smittesituasjonen er under kontroll.

Foto: Privat

– Det ser ut som folk har gjort det dei skal, men dette viser at viruset kan smitte likevel. Derfor er det desto viktigare at vi held råda, seier Dale.

Dale forklarar at dei i Stad har lagt ned ein enorm innsats for å halde oversikt i smittesporingsarbeidet.

– Eg trur at det er ein styrke å vere små. Men belastninga på systema er ekstrem, så ein må slå det ned så fort som mogleg, understrekar han.

LES OGSÅ: Kyrkja og staten ueinige om folk klarer å sitte i ro.

– Vi har vore uheldige

– Vi har vore uheldige. Ein kollega var på tur til Bergen, og kom dessverre tilbake med smitte. Dette spreidde seg deretter til andre då han kom tilbake, sa kyrkjeverje Kristen Hundeide torsdag.

Dei er seks av totalt 15 personar i Stad kommune som har fått påvist covid-19 på grunn av bergensbesøket.

Kristen Hundeide

VERJE: Kristen Hundeide er kyrkjeverje på Nordfjordeid.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK