Koronasjukt kor åtvarar andre korsongarar

LANDÅS (NRK): I eit kor i Bergen er no 13 av 16 smitta av korona etter ei øving. Norges korforbund meiner det er forsvarleg for kor å møtast, men at koret på Landås brukte for små lokale.

Arild Inge Bakke (styreleiar i blandakoret Lystgården Vokal på Landås)

ÅTVARAR: Styreleiar Arild Inge Bakke i Lystgården Vokal er smitta og i isolasjon, og meiner kor ikkje bør møtast til øvingar no.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

SISTE: Fredag kveld 11. september er talet på smitta i koret auka frå 12 til 13, og koret seier dei har følgt minstekravet til avstand.

– Det er ikkje hyggeleg å stå her i vindauget og representera ei smittekjelde, men me meiner det er naudsynt å åtvara andre kor.

Det sa styreleiar Arild Inge Bakke i det lokale vaksenkoret Lystgården Vokal på Landås i Bergen, då NRK tysdag snakka med han gjennom stovevindauget hans. For nesten heile koret er i isolasjon etter at dei møttest for å synga måndag i veka før.

Denne veka har stadig fleire blitt smitta av koronaviruset i Bergen, og det totale talet på smitta er no oppe i 1090 personar.

– Skremmande

Den 31. august var 16 med på øvinga i bydelshuset som blandakoret har namnet sitt frå. Dagen etter varsla ein medlem om symptom. I dagane etterpå gjekk alle i karantene med symptom, og deretter i isolasjon, då éin etter éin fekk påvist smitte.

– Me meiner me tok alle forholdsreglar. Sette opp korstolane i god avstand, brukte handsprit og unngjekk fysisk kontakt. Likevel vart altså dei aller fleste sjuke.

Interiør, Lystgården på Landås

KOR-ONA: 13 av dei 16 som deltok på ei korøving i salen på bydelshuset, har fått påvist koronasmitte, og fleire andre har symptom.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Så langt har no 13 testa positivt. Éin har testa negativt. Dei to siste er rekna som immune etter å ha hatt covid-19 tidlegare i år.

Måndag varsla koret smittevernkontoret, som ifølge Bakke meiner det var éin person som smitta alle dei andre på denne øvinga.

– Me blir jo skremt. Det fortel oss kor smittefarleg og uføreseieleg dette viruset er.

Korforbundet: – Stopp øvingane i Bergen

Bergen kommune skjerpa tysdag smitteverntiltaka sine. Same dag rådde Bakke andre kor til å ikkje møtast til øving no.

– Eg ville vore veldig forsiktig med å halda korøvingar akkurat no i denne situasjonen når smittepresset i samfunnet aukar.

Onsdag bad Norges Korforbund i Hordaland alle kor i Bergen og Askøy om å ta ein pause i øvingane.

– Det er for å delta på dugnaden fram til 18. september. Så får me følgja med dag for dag, og sørga for at våre kor følger gjeldande smittevernreglar, sa korkonsulent Kaja Olaussen i regionavdelinga til korforbundet til VG.

Åsmund Mæhle

FORSVARLEG: Generalsekretær Åsmund Mæhle i Norges korforbund meiner korøvingar er forsvarleg nok når ein følgjer smittevernråda.

Foto: Anna Granqvist

Korforbundet: – Ikkje følgt smittevernråda

Åtvaringa frå Lystgården Vokal blir derimot avvist av generalsekretær Åsmund Mæhle i Norges korforbund, som organiserer om lag 30.000 av landets 200.000 korsongarar.

– Me vil ikkje åtvara mot korøvingar. Me meiner at kor er ein viktig aktivitet for folk, og at korøvingar er forsvarleg viss ein føljer rettleiaren. Det er likevel litt som i trafikken. Ein kan aldri gardera seg hundre prosent, men dersom ein følgjer reglane, er det forsvarleg nok, seier Mæhle.

Han viser til at Norsk musikkråd har ein smittevernrettleiar som Helsedirektoratet har godkjent. Der er 1 meter avstand godtatt som eit minstekrav på korøving, men det er tilrådd større avstand:

«Minstekravet for avstanden mellom hver sanger må være 1 meter, men vi anbefaler at det er 1,5 meter til siden og 2 meter foran/bak til neste sanger.»

– Lystgården Vokal vert sitert på at dei har følgt smittevernråda for musikkøvingar, noko som er misvisande. Dei har mellom anna øvd i vesentleg mindre lokale enn tilrådd i vår rettleiar, seier Mæhle.

Koret: – Følgde minstekravet

Styreleiar Bakke i Lystgården Vokal skriv fredag til NRK:

«Vi har forholdt oss til 1-metersregelen, og samtidig etterstrebet en større avstand. Øvingsrommet er på 51 kvm og en kan dermed oppnå ca. 1,5 meter mellom koristene. Hver person hadde mer enn 3 kvm, som er minstekravet, til rådighet. Men vi sier ikke vi at vi har fulgt alle smittevernråd til punkt og prikke.»

Han skriv at koret ikkje kan oppnå Norsk musikkråd si generelle tilråding om buffer-areal.

«Men slik vi ser tolker det, er dette et areal som til en viss grad kan vurderes ut fra utstyrsmengder og behov.»

Bakke fastheld rådet om at kor i Bergen ikkje bør møtast til øving no.

«Med det høye smittepresset lokalt i Bergen, og våre erfaringer i Lystgården Vokal, gikk jeg ut og anbefalte korister å ta en liten pause mens det står på. Jeg er glad Norges korforbund nå har tatt initiativet til akkurat dette.»

Lystgården på Landås, Bergen

LYSTGÅRDEN: Forsamlingshuset der Lystgården Vokal hadde sine øvingar på Landås i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Som dropar frå latter

Generalsekretær Mæhle rosar på si side Lystgården Vokal for arbeidet dei har gjort då smitten oppstod.

– Dei har handtert situasjonen veldig bra med smittesporing og samarbeid med kommunen.

Han meiner kor er flinke til å halda reglane når dei syng.

– Men korfolk er veldig sosiale menneske, og me har noko å gå på i pausar og før og etter øvingane.

Mæhle seier korforbundet vil kunna oppdatera råda sine etter kvart som dei får meir kunnskap. I vår bestilte korforbundet ein studie frå Sintef om dropespreiing frå synging.

Resultata kom denne veka.

– Ingenting har til no dokumentert at synging i seg sjølv er meir smittefarleg enn anna samvære. Sintef målte at det ikkje er meir dropar frå song enn frå skravling og latter. Korsongarar står jo også bak kvarandre når dei syng, og ikkje andlet til andlet.

Antibac på Lystgården, Landås i Bergen

HANDSPRIT: Koret meiner dei gjorde alt riktig i øvingslokalet. Likevel vart dei fleste smitta av ein av songarane.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kommunen: – Tre meter avstand

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen i Bergen kommune stadfesta tysdag at det har vore smitteutbrot knytte til korøving.

– Me veit at kraftfull song har til felles med roping og latterutbrot at det spreier ganske mykje dropar. Det er tydeleg at her krevst det spesielle tiltak for å unngå at korøvingar medfører smittefare. Med to, kanskje tre meter avstand vil korøvingar vere vesentleg tryggare.

Torsdag slo helsebyråd Beate Husa (KrF) fast at Bergen kommune sterkt oppfordrar til tre meter avstand på korøvingar.

Artikkelen vart oppdatert fredag klokka 07.00 med sitatet der Norges korforbund meiner Lystgården Vokal ikkje har øvd i lokale som er i tråd med rettleiaren. Bakgrunnen var ei pressemelding sendt til NRK torsdag klokka 21.30. Fredag klokka 19.00 vart artikkelen oppdatert med svar frå Lystgården Vokal.

Status Norge

Sist oppdatert: 29.09.2020
781
Siste uke
24
Innlagt
274
Døde