Hopp til innhold

Heile kyrkjestaben har fått påvist smitte: – Vi har vore uheldige

Ein uheldig og smittsam person ved Eid kyrkje i Nordfjord har sett heile kyrkjestaben ut av spel. No har to prestar, ein organist, ein kyrkjeverje, ein sekretær og ein i deltidsstilling fått stadfesta koronasmitte.

Eid kyrkje

– UHELDIGE: Ein kollega var på tur til Bergen, og dessverre kom tilbake med smitte. Dette spreidde seg deretter til andre då han kom tilbake, seier kyrkjeverje Kristen Hundeide.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det har vore litt dramatikk rundt dette, og eg måtte umiddelbart sende alle ut av teneste og i isolasjon, seier kyrkjeverje Kristen Hundeide, og held fram:

– Vi har vore uheldige. Ein kollega var på tur til Bergen, og dessverre kom tilbake med smitte. Dette spreidde seg deretter til andre då han kom tilbake.

No har seks tilsette ved kontoret fått påvist smitte.

Det skriv Fjordabladet.

Hentar inn hjelp

– Ein god del av tenestene kan vi yte på nett, så vi er operative. Når det gjeld gravferd og liknande har vi løyst det med å hente inn folk utanfrå, fortel han.

Han seier at gudstenesta som skulle vere på søndag er avlyst.

– Vi vil nok ikkje vere ute av isolasjon før i slutten av komande veke, men då reknar vi med å vere operative igjen, seier han.

Kyrkja legg derfor ikkje opp til fysiske arrangement framover.

– Men vitale ting som gravferd og liknande vil halde fram, seier han.

Han fortel at dei som er smita skal vere i fin form.

– Alle har milde symptom og kanskje litt feber. Det gjeld også meg, men eg er operativ på heimekontor, seier han.

Éin smitta 12 personar

Av dei fem nye positive koronatestane i Helse Førde torsdag kan fire av dei sporast til personen som var i Bergen.

– To av dei kjem frå Stad kommune, og to av dei frå Kinn, opplyser kommunelegane.

Dei er nærkontaktar av personen som var på reise i Bergen, og som frå før har smitta åtte personar i fleire kommunar i Nordfjord.

Til saman åtte personar har fått påvist covid-19, smitten kan sporast til kontakt med ein person frå Stad kommune som har vore på reise til Bergen i slutten av veke 45, sa ordførar Alfred Bjørlo onsdag.

Fire av desse er smitta i direkte kontakt med den reisande. Fire andre er smitta etter kontakt med ein av desse igjen.

No har talet på smittetilfellet som kan knytast til personen auka til 13.

Seks ulike kommunar

Tre av dei smitta er i heimeisolasjon i Stad kommune. Dei andre som er smitta er heimehøyrande i Volda, Stryn, Gloppen, Kinn, Bremanger og Bergen kommune.

Stad kommune vil komme med ny informasjon ved vidare utvikling i saka etter som smittesporingsarbeid og testinga held fram.

Kommunen har ikkje funne grunnlag for lokale tiltak utover dei grunnleggande smitteverntiltaka og dei nasjonale retningslinjene. Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar kan halde fram som før.