Hopp til innhold

Ordførar lut lei innblanding frå Statsforvaltaren i lokal strandsonepolitikk

Etter grundige vurderingar ville lokalpolitikarane la denne kaien stå. Men Statsforvaltaren i Vestland ser det annleis.

Omstridd kai på Teistholmen, Fitjar

STRID OM KAI: Denne kaien er for stor, meiner Statsforvalteren i Vestland. Nei, den må vera såpass, seier lokale politikarar.

Foto: Olav Røli / NRK

Ei 125 kvadratmeter stor kai, på Teistholmen i Fitjar kommune i Vestland, har fått den lokale ordføraren til å tenna på alle pluggar.

I juni avgjorde nemleg lokalpolitikarane at kaien skulle få dispensasjon, trass i at han er bygd ulovleg for mange år sidan.

Kaien sikrar at det er mogleg å komma i land til hytta og naustet som er bygd på holmen.

Slike byggverk er det mange av langs heile norskekysten, og mange av dei er sett opp langt tilbake i tid.

– Me har vore på synfaring, har høyrt på grunneigar sine argument, og komme fram til eit vedtak etter ei grundig vurdering, seier ordførar Harald Rydland (KrF) i kommunen, som til saman har over 300 øyer og holmar.

Kai Teistholmen, Fitjar

Kaianlegget på Teistholmen vart i si tid bygd ulovleg. Men no vil politikarane gje dispensasjon.

Foto: Olav Røli / NRK

Saka er tidlegare omtalt av både Sunnhordland og Stord24.

– Har ikkje tiltru til oss

Men Statsforvaltaren i Vestland ser det annleis. Dei meiner kaien rett og slett er for stor, og at det ikkje er rom for å gje dispensasjon etter plan- og bygningslova. No har dei klaga på vedtaket, og ber kommunen om å vurdera saka på nytt.

– Eg meiner Statsforvaltaren her tråkkar i vårt bed, seier Rydland.

Han meiner staten si forlenga arm må ha tiltru til at lokale politikarar er dei beste til å ta lokale avgjerder.

– Dette handlar om rolleforståing, meiner Rydland, som legg til at denne saka føyer seg inn i ei rekkje saker i kommunen der Statsforvaltaren blandar seg inn.

Teistholmen, Fitjar

Teistholmen i Fitjar kommune er vanskeleg å ta seg i land på, unnateke der som det er ein kai i dag.

Foto: Olav Røli / NRK

Ordføraren meiner at kaien må vera så stor, og at ein no sikrar tilgjenge på ein heilt anna måte enn med ei mindre kai.

– Om kaien skulle vore mindre, ville ein måtte gå i land i ei steinrøys, seier han.

Han avviser at kommunen tek lett på strandsonepolitikken, og visar til at kommunen har reagert mot mange tiltak i strandsona.

Statsforvaltaren: – Må sikra rettstryggleiken

Seksjonsleiar Egil Hauge hos Statsforvaltaren i Vestland skriv i ein e-post til NRK at dei sett pris på at kommunen har gjort ei grundig vurdering om kaien på Teistholmen.

«Statsforvaltaren er pålagt å vurdere å klage på dispensasjonsvedtak dersom viktige landskaps-, natur- og friluftslivsinteresser vert sett til side. Me har òg eit ansvar for å sjå til at reglane som gjeld for arealplanlegging vert etterlevde i kommunane, mellom anna for å sikre rettstryggleiken for ålmenta, » heiter det.

Om kommunen ikkje gjer om vedtaket, må saka verta avgjort av Statsforvaltaren i eit anna fylke.

– Dette har me veldig dårlege erfaringar med. Då vert saka avgjort frå eit kontor, i ein eller annan by. Utan at ein er på synfaring eller får undersøkt dei lokale forholda, seier ordførar Harald Rydland.

Omstridd kai på Teistholmen i Fitjar. Ordførar Harald Rydland (KrF).

Kaien på Teistholmen er bygd i samband med eit naust og ei hytte.

Foto: Olav Røli / NRK

Vil ha mjukare regelverk

Saka på Fitjar føyer seg inn i ei rad liknande saker over heile landet. Nyleg skreiv Bergens Tidende at Statsforvaltaren har klaga på fleire av vedtaka som Bergen kommune har gjort om kaiar og brygger.

Tidlegare i vår sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til Klassekampen, at reglane for strandsona måtte mjukast opp. Dette i kommunar som hamnar i sonar der det er mindre press (sone 3). Her hamnar også Fitjar.

Gjelsvik seier til NRK at han ikkje ynskjer å kommentera denne konkrete saka frå Fitjar, sidan ho er til behandling.

– Men eg kan gjenta det eg har sagt tidlegare, nemleg at regjeringa meiner me bør ha ein større grad av differensiering, og at det skal vera eit større lokalt handlingsrom for både nærings- og bustadbygging i strandsona, seier Gjelsvik.

Han legg likevel til at alle saker må vurderast for seg sjølv, og at han har tiltru til at Statsforvaltaren følgjer dei politiske føringane som vert gitt.

I neste veke skal ministeren til Vestland, der han mellom anna skal diskutera strandsonepolitikk med lokale ordførarar. Han skal også ha møte med Statsforvaltaren.

Ordførar Harald Rydland, Fitjar. Ute ved Teistholmen

Ordførar Harald Rydland styrar ein kommune med mykje strandsone. No er han lei av at Statsforvaltaren blandar seg inn i lokale saker.

Foto: Olav Røli / NRK