Hopp til innhold

Må overvake elvar etter lakserømming

Fleire tusen oppdrettslaks er på rømmen på Vestlandet. Rømmingane skjedde før jul under avlusing.

Oppdrettslaks

PÅ RØMMEN: Eit uvisst tal oppdrettslaks er på rømmen på Vestlandet. To selskap har fått pålegg om å drive gjenfangst.

Foto: Marine Harvest

Fiskeridirektoratet har fått melding om rømming både i Bremanger og Kvinnherad.

Den første rømminga skjedde hos K. Strømmen Lakseoppdrett si lokalitet ved Løypingsneset.

– Fisken rømde i samband med avlusing. Det skjer ein del mekanisk arbeid då, men eksakt kva som har skjedd veit vi ikkje. Vi jobbar med å finne ut av det, seier seniorrådgjevar Geir Martin Kvamme hos Fiskeridirektoratet.

Overvake elvar

Rømminga skjedde 16. desember. Selskapet har sjølv rekna seg fram til at kring 6.400 laks med ei snittvekt på tre kilo rømde frå lokaliteten.

Anlegget ligg nær den nasjonale laksefjorden Eidsfjorden og selskapet har fått pålegg om å undersøkje Bortneelva i Bremanger og det nasjonale laksevassdraget Eidselva i Eid.

– Det har til no vore lite fangst. Blir det observert rømd oppdrettslaks, skal det setjast i verk uttak, opplyser Kvamme.

Stort tal i Kvinnherad

Først over nyttår blir det klart kor mykje laks som har rømt frå Marine Harvest sitt anlegg ved Åkre i Kvinnherad. Ifølgje Fiskeridirektoratet sine nettsider, kan det vere eit stort tal laks med snittvekt på 2,2 kilo som har rømt.

Selskapet har fått pålegg om gjenfangst.

– Selskapet har sett i gang gjenfangst etter hendinga, og det var per 22. desember fanga kring 290 individ, opplyser Kvamme.

Har starta gransking

Ved begge rømmingane vurderer Fiskeridirektoratet rutinemessig å gi selskapa gebyr. Kvamme seier at direktoratet har vore i Bremanger for å starte gransking av rømminga.

– 6.400 laks er mykje sett opp mot villaksbestanden, men det er ikkje mykje opp mot det som står i anlegget, seier han.

– Det er fare for lusespreiing og kanskje sjukdom. Den kan også gå opp i elvane til neste år, men mykje av denne laksen vil døy før den tid, legg han til.