Hopp til innhold

Opna villakssenter ved «kongen si elv» – men ingen får fiske her

Villakssenter gjenopna etter storstila oppgradering, men det er så lite laks i elva at ingen får fiske der.

Lærdalselva

LÆRDALSELVA: Elva er historisk ei av dei største lakseelvane i Noreg

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

«Dronninga» av lakseelvar renn rett forbi Nasjonalt villakssenter i Lærdal. Trass kjælenamnet er det Kong Harald som er den mest kjende som har fiska her.

I mange år var det ikkje uvanleg for folk i bygda å sjå Kongen med fiskeutstyr.

Men dei siste tre åra har ikkje nokon fått fiske. Lærdalselva vart stengd av staten i 2020 og opnar ikkje før etter fem år, om bestanden då har teke seg opp.

Kong Harald får laks i Lærdalselvi

Kong Harald har fiska mykje i Lærdalselvi. Her i august 2016.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Regjeringa meiner fiskeforbod er det viktigaste tiltaket for å berge villaksen, som er raudlista på kanten til å vere truga.

Av 480 norske elvar, er nær 180 stengde for laksefiske ifylgje Miljødirektoratet.

Men regjeringa får også kritikk, av dei som meiner at stenging ikkje er nok. Dei krev at ein gjer noko med årsakene til at villaksstammen slit med nedgang.

Opna villakssenter ved stengt elv

Dagleg leiar Alf Olsen jr. ved Nasjonalt villakssenter tek stolt mot gjestar til nyopning av villakssenteret. Etter tre år med sterkt redusert drift, er senteret modernisert og fornya.

– Det er jo eit paradoks at elva på same tid er stengd, men det viser også kor nødvendig det er med eit senter som formidlar kunnskapen.

Bak glasveggane sym laksen som senteret er via til. Stoltheita er ein sju år gamal rugg som truleg veg kring 10 kilo.

– Den har vore to år ute i sjøen. Då har den hatt seg ein tur på ein 4–5000 kilometer i Atlanterhavet, så kjem den tilbake hit til elva han vart fødd.

Tanaelva, som Olsen jr. kallar verdas viktigaste elv for den atlantiske villaksen, er også stengd av same årsak som Lærdalselva.

Alf Olsen jr.

Alf Olsen jr. er leiar ved Nasjonalt villakssenter i Lærdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Trur fiskeforbod ikkje er nok for å redde laksen

Kring 500.000 villaks kjem inn til norske elvar i året, det er historisk sett veldig lågt.

Årleg kan det bli fiska over 100.000 villaks her til lands.

Leiaren i elveeigarlaget i Lærdal, Ola Petter Bøe, meiner det uansett blir for enkelt å berre stenge lakseelvar og håpe villaksen blir berga. Han meiner hovudproblemet er at laksen slit med å overleve.

– Vi elveeigarar kan forbetre oppvekstområde i elva, som gytegrus og liknande. Når det gjeld fjorden og havet må andre inn i biletet, sukkar han.

Han får støtte frå Sigurd Hytterød, fagsjef i interesseorganisasjonen Norske Lakseelver.

– For å styrke villaksen må ein sjå på påverknaden frå oppdrett, vasskraft og forureining.

Hytterød meiner det er særs viktig å få bukt med lakselusa. Lusa kan ta livet av villaks, og utan tiltak kan ho finnast i store mengder kring oppdrettsanlegg.

– Ifølge forskarane er dette aller største problemet for villaksen, seier Hytterød.

Lærdalselva og Villakssenteret

Villakssenteret ligg like ved elva.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Meiner stenging er det rette

Men regjeringa står på at å stenge elvar for laksefiske kan redde villaksen.

– Det viktigaste tiltaket er å stenge seier fagfolka. Vi må lytte til faglege råd, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnstad (SP).

Ho viser også til den storstila aksjonen mot pukkellaks. Pukkellaksen er ein ny inntrengar som kan fordrive og øydelegge villaksbestanden.

– Så jobbar vi opp mot oppdrettsnæringa for å gjere den til ei sikker og teknologiutviklande næring som får bukt med lakselusa, seier Bjørnstad.

– Er det godt nok å berre stenge elva?

– Det er summen av alle tiltak som er viktig, og eg er glad for engasjementet.

Villaks

Villaks på veg opp Vestre Jakobselv

Foto: Knut-Sverre Horn

Her er ikkje nok laks

Alf Olsen jr. håpar at tilreisande vil strøyme til senteret ved den stengde elva. Ein dag håpar han at også elva kan gjenopnast.

Styresmaktene har sett mål for kor mange laksar som skal gyte i ei elv for å kunne fiske der.

– Vi ligg framleis under dei måla. Det er ikkje nok laks her til å hauste av den.