Hopp til innhold

Omdømmekrise for straumselskap: – Difor forlèt vi Tibber

Omstridd fakturering og for dårleg kundeservice. Rasande kundar forlèt Tibber, men selskapet vil ikkje seie kor mange som har skifta selskap.

Tibber-montasje

FÅTT NOK: Mange Tibber-kundar har skifta selskap etter at selskapet la om måten å fakturere på.

Foto: Oddgeir Sæle / Grafikk

Kritikken har hagla mot Tibber etter at straumselskapet i september brått la om måten å fakturere kundane på.

Då vart det klart at kundar må betale neste rekning delvis basert på berekna forbruk.

Det betyr at Tibber reknar kva straumen vil koste – delvis etter tal frå kraftbørsen og delvis basert på kundane sitt tidlegare forbruk.

I desember har mange reagert på «sjokk-rekningar», og Forbrukarrådet har anbefalt kundar å skifte selskap.

Dei siste dagane har sosiale medium blitt fylte opp med sinte kundar som skriv at dei har skifta selskap.

Twitter-melding om Tibber
Foto: Skjermdump frå Twitter

Fleire oppgir at dei beviseleg har lågare forbruk i 2022 enn året før, og at dei dermed får alt for høge rekningar samanlikna med faktisk forbruk.

Andre reagerer på at det som er betalt for mykje førre månaden, ikkje blir justert til månaden etter.

Og at det er særs krevjande å kome gjennom på kundeservice.

Vidar Aune Westrum, twitter-melding
Foto: Skjermdump frå Twitter

NRK har kontakta kundar som dei siste dagane har sagt opp Tibber-abonnementet sitt.

Fellestrekket er ein frustrasjon over at selskapet «over natta» endra måten å fakturere på (trykk pila til høgre).

Vidar Aune Westrum Sandefjord

Vidar Aune Westrum, Sandefjord

Eg har digga Tibber sidan eg vart merksam på kva og kven dei var.

På berre ein månad har tilliten min gått frå full til null etter at eg ser at dei på siste faktura ikkje har trekt frå det dei hadde førehandsfakturert.

Det er berre ikkje greit.

Isabel Jensen Hem-Grindheim, Bergen

Isabel Jensen Hem-Grindheim, Bergen

Vi skifta leverandør fordi estimatet frå Tibber var alt for høgt.

Vi har spart mykje straum i år, og ligg på eit forbruk på ca 2/3 av i fjor. Estimatet frå Tibber var det doble av det vi no ser at blei reelt.

Vi prøvde også å gå i dialog med Tibber for å finne ei løysing å leve med, men fekk negativt og ganske nedlatande svar, mellom anna med tips om at det kunne vere lurt å spare straum.

Bjørn B. Jacobsen Tønsberg

Bjørn B. Jacobsen, Tønsberg

Vi fekk ei rekning på 8.300 for perioden 1. til 14. desember, der vi normalt skulle betalt litt over 2.000 kroner.

Når kundelojalitet til dei grader blir misbrukt på denne måten, og det er gode alternativ å bytte til, seier det seg sjølv at ein forlet Tibber.

Uansett om dette er juridisk lovleg, er det ein aldeles håplaus åtferd for ei kvar verksemd som forventar at kundane skal innta rolla som bank og kassakredit.


Lasse Rydgren, Lillestrøm

Lasse Rydgren, Lillestrøm

Eg bytta hovudsakleg fordi eg ikkje ønsker å vere Tibber sin personlege bank sidan dei no har gått over til førehandsfakturering.

Så det er ei prinsippsak.

Svein Frøystad Bergen

Svein Frøystad, Bergen

Har vore nøgd kunde sidan 2019. Har likt appen og den spanande, digitale tilnærminga til straum.

Eg bytta straumleverandør og forlet Tibber, etter at dei med 2 dagars varsel informerte 400.000 kundar om at dei førehandsfakturerer straum for oktober. Tvinger eit usikra lån over på sine kundar. Let kundane sitte med likviditetsrisikoen, noko eigarane burde steppa inn og teke ansvar for.

Magnus Sveen Oslo

Magnus Sveen, Oslo

Det er ordninga med førehandsbetaling som er grunnen til at eg byttar.

Straumen er dyr nok som den er, i tillegg er alt anna også blitt vesentleg dyrare. Då er det uaktuelt for meg å vere bank for straumselskapet mitt.

Caroline StrkJohansen Kolbotn

Caroline Stärk, Kolbotn

Først og fremst reagerer eg på den høge rekninga. Den estimerte kostnaden i appen var mykje lågare enn førehandsfakturaen.

Samstundes synest eg det er uhøyrd å betale for ei vare ein ikkje har motteke. Eg forstår konseptet til Tibber, men likevel bør selskapet ha såpass likviditet til å kunne etterskotsfakturere.

Når i tillegg Forbrukerrådet går ut og anbefalar Tibbers kundar å seie opp avtalar, så trur eg avgjerdsla er god.

Andreas Seipjrvi Sjøvegan

Andreas Seipäjärvi, Sjøvegan

Forbruk for november kom på cirka 1350 kroner i følge appen. Rekninga eg fekk var på 3350 kroner.

Eg kontakta Tibber via app og ba om forklaring. Der fekk eg beskjed om at dei måtte ta litt ekstra i no i desember sidan dei mangla historikk på meg.

Dette syntes eg var rart då eg både hadde Tibber i desember 2020 og 2021, noko eg påpeikte og sa at eg fann forklaringa mildt sagt underleg.

Dette gadd dei aldri svare på og om dei ikkje klarer å berekne cirka forbruk utfrå to tidlegare år, tenkte eg at nok er nok og takk for meg.

Lasse Sveen Tønsberg

Lasse Sveen, Tønsberg

Alt har fungert bra heilt fram til at dei i september, utan varsel, endra til forskotsbetaling. Det betyr dobbel faktura.

Det er arrogant og det er med veldig liten innsikt dei tek ei slik beslutning.

Eg tilga dei den i september, men når faktura for desember kom skjønte eg at dette finn eg meg ikkje i lenger. 22.000 i rekning på forskotsbetaling er hårreisande (hytte og hus).

Andreas Viseth Oslo

Andreas Viseth, Oslo

Eg vart forbanna då eg forsto at eg bidrog til å forskuttere uteståande for å avhjelpe likviditetsvanskar hos Tibber.

Eg formidlar ikkje kreditt utan rente.

Morten Skåningsrud Hurdal

Morten Skåningsrud, Hurdal

Eg byttar fordi dei ber meg om å bruke av mine reservar til å redde sine eigne.

Eg reagerte på at berekningane deira for desember var vesentleg høgare enn forbruket mitt nokonsinne har vore.

Med så mange som rømmer selskapet, og inntektsgrunnlaget blir krympa, så kjennest det heller ikkje trygt å førehandsbetale til selskapet. Går dei konkurs, står vi som forbrukarar sist i rekka av kreditorar.

– Forstår reaksjonane

NRK har i ei veke spurt om å få eit intervju med Tibber. Onsdag sende selskapet eit skriftleg svar på ulike spørsmål.

Tibber skriv at dei «forstår at mange av kundane har vore opprørte» etter at selskapet innførte ny faktureringsordning.

Men leiinga seier samstundes at selskapet måtte gjere omlegginga på grunn av høge straumprisar og høge renter.

– Det vart difor eit val om å auke påslaget på straumprisen eller redusere kostnaden ved å korte ned på talet på dagar Tibber legg ut for straumkjøp, skriv kommunikasjonssjef Gaute Haaversen-Westhassel.

– Kvifor får ikkje kundar, som har gått med på førehandsfakturering frå november, trekt frå eventuelt underforbruk månaden etter?

– Vi jobbar kontinuerleg med nye løysingar som skal gi kundane våre meir fleksibilitet, og kundane våre vil vere dei første som får vite om dette når dei er klare.

På spørsmål om kvifor kundar brukar fleire dagar på å få svar frå kundeservice, svarar selskapet mellom anna:

– Vi jobbar så godt vi kan for å svare på alle henvendelsane som kjem, og vårt fokus no er å sørge for at alle får svar på dei spørsmåla dei måtte ha.

Frå oppgang til tillitskrise

Straumselskapet Tibber har hatt store oppturar sidan det vart grunnlagt i 2016. No står selskapet midt i ein sjeldan nedtur.

Så seint som i januar 2021 vart Tibber løfta fram av Erna Solberg (H) i nyttårstalen.

– Nyleg besøkte eg gründeren Edgeir Vårdal Aksnes, og hans digitale straumselskap Tibber i Førde. Midt i pandemien har dei tilsett 50 prosent fleire. (...) Dette er verksemder som viser veg, sa ho i nyttårstalen.

Statsministeren i nyttårstalen: – 2020 ble et skikkelig uår

Ved påsketider i 2021 passerte Tibber 200.000 kundar, skreiv E24.

Grunnleggaren og sjefen, Edgeir Vårdal Aksnes, sa at dei var godt på veg mot målet om 400.000 kundar internasjonalt innan året var omme.

Frå 2020 til 2021 vart talet på tilsette meir enn dobla, frå kring 60 til nærare 150.

I sommar såg det framleis lyst ut. Tibber-sjefen er intervjua i Finansavisen og slår fast:

Om tre år omsetter vi 100 milliarder!

Edgeir Vårdal Aksnes, Tibber-sjef / Finansavisen, 14. august 2022

Edgeir Aksnes viser fram Tibber-appen på smarttelefonen sin

Edgeir Vårdal Aksnes grunnla selskapet Tibber med base i Førde i 2016. Han er administrerande direktør, styreleiar og eig kring 30 prosent.

Foto: Espen Breivik / NRK

No ser det ikkje så lyst ut.

Tibber skriv i sin eigen årsrapport at eigenkapitalen er «lågare enn det banken krev».

Tibber årsrapport
Foto: NRK

Spørsmålet er kor mange kundar som har forsvunne, og kor mykje pengar Tibber har til å betale sine eigne straumrekningar.

Ifølge Finansavisen har uvanleg mange skifta straumleverandør i september og oktober.

Medan rundt 50.000 bytte leverandør i august, låg talet litt over 77.000 i september, ein auke på 54 prosent, ifølge Statnett sitt heileigde dotterselskap Elhub.

I oktober var det 75.000 som bytte, noko som også er langt fleire enn vanleg.

Det er uklart kven kundane skifta frå eller til. Men det er sannsynleg at ein del av desse er frå Tibber sidan dei innførte forskotsbetaling på det tidspunktet.

– Kor mange har sagt opp abonnementet sitt dei siste månadane?

– Vi ber om forståing for at vi ikkje ønsker å oppgi kor mange kundar vi har mista eller som har kome til dei siste månadane, skriv Haaversen-Westhassel.

Han legg til at selskapet alltid har gått ut med kor mange kundar selskapet har internasjonalt, men «av konkurranseomsyn ønsker vi ikkje å gå ut med kor mange konkurrentar vi har i dei ulike marknadane».

Tibber skriv at selskapet i dag har over 400.000 kundar internasjonalt og at «det er ingen fare for at Tibber går konkurs. Vi har solid økonomi og har hatt vekst i alle marknadar sidan januar i år.»

Gaute Haaversen-Westhassel

Gaute Haaversen-Westhassel er kommunikasjonssjef i Tibber.

Foto: Fredrik Myhre / Tibber

Stort omdømmetap

BI-professor og omdømmeekspert Peggy Simcic Brønn seier situasjonen er alvorleg for Tibber, reint omdømmemessig.

– Det blir ein knekk mellom kva dei gjer og kva dei seier. Folk reagerer på det. Kanskje dei trur dei er opne og transparente. Men kundane har ei anna oppfatning.

Peggy Simcic Brønn

Professor Peggy Simcic Brønn ved Handelshøyskolen BI har omdømme som ekspertise.

Foto: BI

Då Tibber endra praksis for fakturering, vart det grunngjeve med at selskapet ikkje lenger kan legge ut like mykje for straumforbruket til kundane sine – mellom anna på grunn av høge renter og innkjøpspris på straum.

Brønn seier ei slik avgjerd kan høyrast «logisk» ut, sett frå selskapet si side. Men at det likevel slår negativt ut for mange kundar.

Tibber viser til at det har blitt gjennomført kundeundersøkingar i forkant av den nye betalingsordninga.

– Vurderer de å endre på modellane med førehandsbetaling, eller ligg den strategien fast framover?

– Som nemnt jobbar vi kontinuerleg med nye løysingar som skal gi kundane våre meir fleksibilitet, og kundane vil vere dei første som får vite om dette når dei er klare, skriv Haaversen-Westhassel.