Hopp til innhold

Auka press for å hjelpe straumselskap i pengeknipe

Bøna om gunstige lån til straumselskapa veks i styrke etter at Tibber i førre veke melde om «utfordringar med likviditeten».

Aursjødammen

Pengeknipe gjorde at Tibber i førre veke sende ut varsel til kundane sine om at selskapet vil byrje å krevje inn delar av straumrekninga på førehand.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

I Sverige, Danmark og Finland har styresmaktene oppretta lånegarantiar i hundremilliardersklassen for å hjelpe selskap som hamnar i pengeskvis på grunn av høge straumprisar.

Dette for å hindre misleghald og «ein ny finanskrise».

No tek fleire aktørar til orde for at Noreg treng ei tilsvarande ordning etter at straumselskapet Tibber i førre veke melde om «utfordringar» med likviditeten.

Pengeknipa gjorde at selskapet sende ut varsel til kundane om at dei vil byrje å krevje inn delar av straumrekninga på førehand.

Tibber-sjef Edgeir Aksnes uttalte i den samanhengen at det var «skuffande» og «uforståeleg» at «den største profitøren på heile energikrisa» (altså Noreg) ikkje viste større vilje til å kome opp med liknande garantiordningar som våre nordiske naboar.

Her bør staten kjenne si besøkstid

Så langt er svaret frå Finansdepartementet, Olje- og energidepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet at tilgangen på kontantar er «eit avgrensa problem» hos norske straumselskap, men at dei «følgjer nøye med på utviklinga».

Blant økonomar og politikarar på Stortinget vert det likevel snakka om at tida er inne for å opprette statlege lån etter svensk og dansk modell.

Dette for å sikre selskapa har nok kontantar til å møte dei løpande forpliktingane sine.

Vi meiner først og fremst at tiltak må gjerast for å få ned straumprisane, men fram til det så bør staten ta kapitalrisikoen, ikkje kundane. Dei har store nok økonomiske utfordringar som det er, så her bør staten kjenne si besøkstid, seier Marius Arion Nilsen, som er energipolitisk talsperson i Frp.

Frå SV kjem motsett bodskap:

– Eg skjønner godt at regjeringa ikkje prioriterer å støtte private straumselskap med gunstige lån, i ei tid der det meste blir dyrare, seier Lars Haltbrekken (SV).

Statsministeren og finansministeren før budsjettkonferansen

Finansdepartementet ved Vedum seier «vurderinga per no er at tiltaka som er varsla i Sverige og Finland vil redusere risikoen for uro i det finansielle systemet».

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Vi bør sjå på denne typen løysingar i Noreg

NRK har også vore i kontakt med fleire aktørar i banknæringa og akademia.

  • Thina Saltvedt, sjefanalytikar for berekraftig finans i Nordea: – Viss dette er venta å bli eit gjentakande behov for straumselskapa her til lands, så bør vi sjå på denne typen garantiløysingar i Noreg også.
  • Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika-gruppa: – Det kan hende at vi burde leggje om modellen vår. Uansett har vi sikkert noko å lære av nabolanda våre.
  • Ola Honningdal Grytten, professor i økonomi (NHH): – Styresmaktene bør berre tilby slike lånegarantiordningar når det er tvingande nødvendig, men no er vi kanskje der. Så dette bør vurderast.

NRK har tidlegare skrive at handelen med framtidsstraum på Nasdaq-børsen gjer at norske kraftselskap brått må garantere for store pengebeløp – såkalla marginkrav.

Formålet med desse finansavtalane er å veksle inn risiko i tryggleik og stabilitet, men når marknaden gjer store byks kan effekten bli han motsetje.

Då vert avtalane dyre og ubereknelege.

Handelen med framtidsstraum var utgangspunktet for at svenske og finske styresmakter på kort tid kom opp med milliard-kredittar til nordiske energiselskap – for å hindre ein dominoeffekt av konkursar.

Thina Margrethe Saltvedt vert intervjua av Øystein Ellingsen på ONS 2022.

– Viss dette er venta å bli eit gjentakande behov for straumselskapa her til lands, så bør vi også sjå på denne typen løysingar, seier Thina Saltvedt i Nordea.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Eigenkapitalen hos mange er generelt for låg

At selskap som Tibber veks så fort at det blir utfordringar med likviditeten kan eg sjå, men om styresmaktene skal inn med garantiar er ei vanskelegare sak, seier Frode Steen, som er professor i økonomi ved NHH.

Tibber skriv i sin eigen årsrapport at eigenkapitalen er «lågare enn det banken krev».

Tibber årsrapport
Foto: NRK

Peter Warren har meir enn 30 års erfaring som forvaltar, tradar og investor.

Han seier til NRK at eigenkapitalen til norske straumselskap «generelt er for låg i forhold til dei forpliktingane dei tek på seg».

Straumselskapa treng å harmonere eigenkapitalen sin i forhold til auka kundemengd og svingingar. Ved å gjere dette vil eigenkapitalen stå i forhold til forpliktingane dei tek på seg, seier han.

Tilsvarande analyse kjem frå Samfunnsbedriftene, som organiserer meir enn hundre norske energibedrifter.

– Det er ei utfordring at terskelen for å komme inn som straumleverandør er relativt låg, medan krava til finansiell styrke har auka dramatisk, seier Mona Adolfsen, som er næringspolitisk rådgivar i organisasjonen.

Ho legg til:

– Men det er ikkje ein belastning fellesskapet skal rekne med å betale for.