Hopp til innhold

Tone og andre Tibber-kundar fortvilar: Selskapets krisegrep gir dobbel rekning

To dagar før rekninga kjem, fekk kundane vite at straumselskapet vil ta betalt dobbelt i oktober. Forbrukartilsynet meiner sjokkbeskjeden var ulovleg.

Tone Linn Knutsson

UAKSEPTABELT: Tone Linn Knutsson er ein av mange som reagerer på at dei må leggje ut for at selskapet må få meir pengar inn i oktober.

Foto: Privat

– Eg får det ikkje til å gå rundt, seier Tone Linn Knutsson.

Ho er åleinemor og slit allereie med å betale straumrekninga.

I dag fekk ho og dei over 400.000 kundane i straumselskapet Tibber ein beskjed i innboksen.

I oktober må dei betale dobbelt opp: Både for straumforbruket i september, og berekna forbruk for halve oktober.

Og når dei to vekene i oktober no må betalast på forskot, blir forbruket i dei vekene dermed ikkje omfatta av straumstøtte før i november.

Beskjeden har fått ei lang rekkje kundar til å reagere.

– Det er ganske fortvilande når rekninga gjeld frå 1. oktober og vi får melding om det to dagar før. No kjem rekninga mi til å bli veldig høg.

– Eg synest det er hinsides og frykteleg kort varsel, seier Knutsson.

Dobbel ulempe

I oktober får Tibber-kundane altså ei dobbel økonomisk ulempe:

  • dei må betale for seks veker i staden for fire veker
  • og får berre straumstøtte for fire veker.

Sjølv om dei til slutt vil få støtta dei har krav på i november, må dei dermed legge ut i mellomtida.

Uvanleg krisegrep

I ei pressemelding skriv Tibber at dei tek grep på grunn av høge lånekostnader og at selskapet ikkje lenger kan legge ut like mykje for straumforbruket til kundane sine.

Det gjer at Tibber ser seg nøydd til å gå over til ny faktureringsperiode og nye betalingsløysingar.

Sagt på ei annan måte, må altså Tibber bruke kundane sine som «bank» for å kunne kjøpe straumen dei skal tilby kundane.

– Vi har stor forståing for at dette kjem brått på, men ber om forståing for at vi har vore nøydde å ta nokre grep, seier PR- og kommunikasjonssjef Gaute Haaversen-Westhassel.

E24 omtalte dette som eit krisegrep torsdag føremiddag.

På Facebooksida «Vi som krev billigare straum» renn sinna-meldingane mot Tibber inn.

Fleire hundre kundar reagerer og klagar på sjokkbeskjeden.

Enkelte vurderer å bytte straumselskap, og synest det er uakseptabelt at kundane må betale på førehand.

– Kvifor gjer det dette på berre to dagars varsel?

– Vi har veldig stor forståing for dei som reagerer, seier Haaversen-Westhassel.

Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber

Tibber-sjef Edgeir Vårdal Aksnes har hausta mykje skryt for det relativt ferske straumselskapet Tibber. I dag får selskapet kritikk frå kundane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Høge straum- og låneprisar

Vanlegvis legg Tibber ut for kostnadar for straumen til kundane i opp til 45 dagar. Selskapet tek då opp lån for å kjøpe inn og betale for straum til kundane.

Dei høge straumprisane og lånekostnadane for tida betyr at selskapet må låne meir.

I staden for å ta eit påslag på straumen, har Tibber valt å fakturere kundane for ein halv månad fram i tid.

Eventuelle korrigeringar opp eller ned blir gjort på neste faktura.

– Fordi vi har ein filosofi om å ikkje tene pengar på straumen vi sel til kundane våre, har vi teke dei grepa vi har gjort no, seier Haaversen-Westhassel.

For å gjere det lettare for dei som slit med å betale straumrekninga, fortel han at selskapet har gjort det mogeleg å endre forfallsdatoen og å søke om betalingsutsetting.

Hei!

Er du Tibber-kunde?

Då vil eg gjerne høyre frå deg! 

– Ulovleg

Knutsson frå Os er likevel bekymra for korleis ho skal betale rekninga. For henne vil straumrekninga som no kjem få store økonomiske følger.

– Eg har éi inntekt og er åleinemor til to born. Denne månaden har eg slite med å betale straumrekninga. Neste månaden låg an til å bli like vanskeleg, og så må eg no i tillegg betale for estimert 14 dagar ekstra.

Seniorrådgjevar Thomas Iversen i interesseorganisasjonen Forbrukarrådet meiner Tibber sitt krisegrep verkar som eit kreativt forsøk på å ikkje bli definert som forskotsbetaling.

– Alle selskap skal varsle kundane 14 dagar på førhand når dei gjer endringar i vilkåra, noko vi ikkje kan sjå er gjort av Tibber her, seier han.

Iversen tilrår alle kundane å sette forfallsdatoen så langt fram i tid som mogleg.

– Kunden skal ikkje vere «bank» for straumsal-selskapet. Viss selskapa treng sikring, så bør dette bli løyst på anna vis, og noko myndigheitene eventuelt bør sjå på.

Thomas Iversen, forbrukerjurist i Forbrukerrådet

Thomas Iversen meiner det blir feil å bruke kundane som «bank».

Det offentlege organet Forbrukartilsynet går lenger i sin kritikk.

– Forbrukartilsynet har gjort det klart overfor Tibber at dei har brote lova ved å varsle ei endring av sine vilkår, frå etterskotsfakturering til forskotsfakturering, fordi dei har gitt kundane mindre enn 14 dagars varsel, skriv seksjonssjef Tonje Drevland i Forbrukertilsynet til E24.

Tilsynet seier selskapet i løpet av i morgon må informera kundane sine om at dei har rett til å seia opp avtalen og slik unngå å få faktura med forskotsbetaling. Tibber stadfestar at dei vil gjera som tilsynet seier.

Vil ikkje gi låneordningar

I nabolanda til Noreg har myndigheitene gitt lån til selskapa for å unngå ein slik pengeskvis som Tibber har hamna i.

Regjeringa i Noreg har ikkje gripe inn ved å gi selskapa ei liknande låneordning.

Statssekretær Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Olje- og energidepartementet meiner manglande tilgang på pengar er eit avgrensa problem i Noreg, trass fakturakrøll for Tibber.

Innanfor dagens regelverk kan kraftleverandørane bruke både forskots- og etterskotsvis fakturering av straumforbruket. Vi er ikkje kjende med at kraftleverandørar har problem med å finansiere seg i den private kapitalmarknaden, seier han til NRK.

Les også Truer med å tvinge fram billig strøm til bedriftene

Jernstøperi