Hopp til innhold

Skal innvandrarar lære nynorsk eller bokmål?

Riksmålforbundet meiner alle innvandrarar bør lære bokmål fordi dei før eller seinare flyttar til ein by. Men i Årdal skal dei lære nynorsk.

Nynorsk eller bokmål

EG ELLER JEG?: Kva er mest fornuftig at innvandrarane lærer – nynorsk eller bokmål? (Illustrasjonsbilete).

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Vi må tenke på den enkelte språkbrukar og omsynet til den enkelte asylsøkjar. 90 prosent av folket skriv bokmål og 10 prosent skriv nynorsk, og for personar som flyttar på seg og har ein annan språkbakgrunn, så trur eg det mest nyttige og praktiske vil vere at dei lærer bokmål, seier Trond Vernegg, leiar i Riksmålsforbundet.

Trond Vernegg

RIKSMÅLSFORBUNDET: Leiar i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg, meiner ein må ta særskilt omsyn til asylsøkjarane i norskopplæringa.

Norskopplæringa til flyktningar og asylsøkjarar har i nynorskkommunen Årdal vore på bokmål, men i eit ferskt vedtak i kommunestyre kom politikarane samrøystes fram til at ein skal gå over til nynorsk, skriv Sogn avis.

– Må passe inn i miljøet

Heller ikkje den røynde språkforskaren Finn-Erik Vinje likar at kommunen har gått over til nynorsk.

Finn-Erik Vinje

SPRÅKFORSKAR: Finn-Erik Vinje er professor i nordisk språkvitskap.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– For at dei skal passe inn i det lokal miljøet og då snakkar vi om talespråket, så tenkjer eg det er klokt å gjere tilpassingar til årdal-språket. Men det er annleis med skriftspråket, og det er felles for heile nasjonen. Og då er det at bokmål bør føretrekkast.

Forstår ikkje argumentasjonen

Språkforskar Sylfest Lomheim har ei heilt anna oppfatning.

– Når eg høyrer slikt det må eg prøve å vere roleg og ikkje bruke for sterke ord. Men folk som tenkjer kan sjølv tenke. Bokmål og nynorsk er variantar i dette landet.

– Viss det er slik at flyktningar som lærer seg å snakke nynorsk ikkje kan flytte til andre delar av landet enn indre vestland, så betyr jo det at nynorsk ikkje blir forstått i andre delar av landet – i Oslo til dømes. Viss nokon hevdar noko slikt i våre dagar, så tenkjer vel folk sitt.

– Bokmål er aparte

Lomheim har heller ikkje forståing for argumentasjonen om at det skaper problem for flyktningane sjølve, fordi dei må lære seg nynorsk og så bokmål.

Sylfest Lomheim

NYNORSK ER MEST INTERNASJONALT: Språkforskar Sylfest Lomheim seier nynorsk står nærmast svensk og engelsk.

Foto: Sindre Hopland/NRK Sørlandet

– Det er ikkje noko argument i det heile tatt. I den grad det er skilnad på bokmål og nynorsk, så er nynorsk meir global og internasjonal. Bokmål sin struktur og grammatikk er aparte. Det betyr ikkje at eg sjikanerer bokmålet. I eit internasjonalt perspektiv står nynorsk nærast svensk og engelsk.

Må ta menneskelege omsyn

Men professor Vinje meiner like fullt at innvandrarane bør sleppe å lære seg å skrive nynorsk av menneskelege omsyn.

– For ein innvandrar frå Afghanistan eller Syria å lære seg å skrive eit språk han ikkje har noko kjennskap til, er ei så krevjande oppgåve at det er meir enn nok å krevje at dei skal klare elementa i den eine målforma, seier Finn-Erik Vinje.

Sp-politikar Aleksander Øren Heen i Årdal er av ei heilt anna oppfatning enn professor Vinje.

Nynorsk eit naturleg val

– For Årdal sin del så har vi mykje flyktningar og asylsøkjarar vi tar imot. Eg meiner det er heilt naturleg at ein i nynorskkommune i eit nynorskfylke Sogn og Fjordane har nynorsk som opplæringsmål. Det skulle berre mangle.

I Riksmålsforbundet held leiar Trond Vernegg på argumentasjonen om at det er mest fornuftig med bokmål til asylsøkjarane.

– Vi synest nynorsk er ein viktig del av norsk kultur og samfunnsliv. Men i dette tilfellet så trur eg at dei det gjeld vil tene på å få opplæring på fleirtalsforma.