Hopp til innhold

Aldri har behovet for norsklærarar vore større

Både pensjonerte lærarar og lærarstudentar kan bli viktige for dei mange asylsøkarane som trenger språkopplæring.

Flyktninger ankommer Storskog tollstasjon

Bilete er frå Storskog tollstasjon i Kirkenes, der mange asylsøkarar kjem over grensa frå Russland.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

Det finst ikkje nokon oversikt over kor mange lærarar det blir behov for i Rogaland og kor stor tilgangen er på opplæringsressursar, men det hastar med å få i gang konkrete tiltak, ifølge utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland, Sølvi Ona Gjul.

– Eg trur nok me må bruka både pensjonerte lærarar, folk i flyktninggruppene og kanskje også lærarstudentar. Her må me faktisk vurdera alle moglege tilgangar på kompetanse, seier Ona Gjul.

Utdanningsdirektøren seier det er viktig å ha både lærarkrefter med fleirspråkleg kompetanse og pedagogisk kompetanse for dei yngste som nå kjem til landet.

6600 har krav på skulegang

Sølvi Ona Gjul

Utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland, Sølvi Ona Gjul.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Ifølge statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet har om lag 6600 asylsøkarar krav på skulegang i landet.

– Ikkje alle har fått dette umiddelbart fordi trykket har vore så stort, men dei har krav på det. Me jobbar nå med å finna gode løysingar for dette.

Statssekretæren fortel at kommunane har ansvar for skulegang når barna kjem til dei permanente asylmottaka, men at dei treng hjelp med å få oversikt og i nokre tilfelle også hjelp med lærarkrefter.

Bjørn Haugstad

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Me ser på sjansane for ein såkalla lærarpool, altså at ein kan ta i bruk pensjonerte lærarar eller andre som tidlegare har vore i skulen. Uansett er det ingen tvil om at utdanningssystemet blir sett på ein betydeleg prøve for å ta hand om det trykket som nå kjem.

Etterutdanning til lærarar

I tillegg til nok lærarar, må lærarane ha den rette kompetansen, understrekar utdanningsdirektør Ona Gjul.

– Eit vesentleg tiltak vil vera å sikra eit konsentrert etterutdanningstilbod til lærarar, spesielt i språkopplæring. Eg veit at nokre fylkesmenn arbeider med å gi innspel om dette.