Hopp til innhold

Jon (5) og Storm (5) tok Nygårdsparken tilbake

BERGEN (NRK): I mange år var parken ein av dei største opne russcenene i Nord-Europa. Etter tre års ventetid er forvandlinga eit faktum.

Storm Stavrum og Jon Aasebø Sandvik i Nygårdsparken

FULL FART: Jon Aasebø Sandvik og Storm Stavrum, begge fem år, hadde det gøy i dei nye leikeapparata i Nygårdsparken i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er veldig gøy her, smiler Storm Stavrum (5) medan han og Jon Aasebø Sandvik (5) spring mellom dei nye leikeapparata i Nygårdsparken i Bergen sentrum.

Kommunen har brukt tre år på å grave opp og rydda vekk sprøyter frå parken, som i fleire tiår var ein av dei største opne russcenene i Nord-Europa.

Forvandlinga frå korleis parken var då, og korleis den har blitt i dag, kunne ikkje vore større.

– Det er veldig fint at vi og barna kan bruke parken slik den er tenkt og at vi endeleg har fått tilbake ei grøn lunge i byen, seier mor til Storm, Silje Stavrum Norevik.

Nygårdsparken opna på nytt 9.september 2017

FOLKEFEST: Fleire hundre bergensarar møtte opp då opninga av Nygårdsparken vart feira i Bergen sentrum laurdag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Oppussing til 25 millionar kroner

Opprustinga av Nygårdsparken er kjærkomen for bergensarane. Fleire hundre var møtt opp til gjenopninga i dag.

I årevis har nærmijøet på Møhlenpris og Nygårdshøyden levd i frykt for det som gjekk føre seg inne i parken.

Sal og bruk av narkotika skjedde openlyst. Vald, overdosar og lovlause tilstandar var ein del av kvardagen.

I 2014 hadde det sittande byrådet fått nok.

Nygårdsparken vart stengd, rusmiljøet måtte ut og kommunen la over 25 millionar kroner på bordet for å rydde, rehabilitere og ruste opp den øvste delen av parken.

Sprøyter i Nygårdsparken

TATT TID: Det har tatt lenger tid enn venta å ruste opp parken. Mellom anna har kommunen brukt uventa mykje tid på å grave opp og rydde vekk brukte sprøyter gjennom 40 år.

Foto: Grim Berge / NRK

Folkefest

I parken er det no sett opp klatrestativ, trampolinar og sklier, samt ein heilt ny kiosk. Det er også sett opp store benkar langs dei små dammane inne i parken.

Sosialbyråd Erlend Horn (V) kallar gjenopninga av parken ein folkefest.

– Det er viktig at vi har klart å opne Nygårdsparken for alle bergensarar igjen. No står att det å gjere ferdig Flagghaugen her inne i parken. Vi håpar å opne den til våren, seier Horn.

Rusmiljøet flytta seg

Då Nygårdsparken stengde, flytta rusmiljøet seg til andre delar av byen. I dag er særleg undergangen ved Strax-huset på Laksevåg blitt ein belasta stad.

– Mange av dei som var her, er framleis menneske som slit. Dei er på ingen måte gløymd. Men situasjonen slik den var i Nygårdsparken kan ikkje samanliknast med slik den er på Damsgård no, meiner Horn.

– Vi jobbar med å få løyst situasjonen ved Strax-huset. Kanskje det aller viktigaste er å få endra sprøyteromslova.

Sprøyterommet på Laksevåg er i dag berre tilgjengeleg for dei som vil skyte heroin, medan statistikk viser at dei fleste av byens narkomane nyttar amfetamin.

Framover vil kommunen sjå til at Nygårdsparken blir ein stad for bergensar flest.

– Vi har ein god dialog med politiet. Samtidig leiger kommunen inn eigne vektarar som vil patruljere området. Det er mest for at alle skal føle seg trygge no i oppstartsfasen, avsluttar sosialbyråden.

Sosialbyråd Erlend Horn i Nygårdsparken i Bergen

GLAD SOSIALBYRÅD: Erlend Horn (Venstre).

Foto: Jon Bolstad / NRK