Hopp til innhold

Politiet: Kvinne valdteken av fleire menn

Ifølgje politiet skal ei kvinne (30) ha blitt valdteken i området rundt Nygårdsparken i Bergen. Dei jaktar no på fleire gjerningsmenn.

Valdtekt i Nygårdsparken

NYGÅRDSPARKEN: Kvinna kom opp frå den nedre delen av Nygårdsparken. Valdtekta skal ha skjedd i området ved Marineholmen, som ligg like nedanfor parken.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Voldtekt Bergen
Foto: Google Maps / Skjermdump

Kvinna skal ha meldt ifrå sjølv til helsevesen.

– Vi fekk melding frå helsevesenet kl 1511, om at det skal ha skjedd ei valdtekt i området rundt Marineholmen, fortel operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt til NRK.

– Kvinna har forklart at ho vart valdteken av fleire utanlandske menn, held Gjesdal fram.

Kvinna vart tatt hand om og køyrt til legevakt med ambulanse. Ho var til avhøyr hos politiet laurdag kveld. Her har ho forklart at ho vart valdteken av fleire menn, kanskje så mange som fem.

Leitar etter åstaden

Politiet jobbar med å finna ut kor på Marineholmen den påståtte valdtekta skal ha skjedd.

Dei antekne gjerningsmennene er ikkje funne, og politiet veit førebels ikkje meir om åstaden.

Dei er nå i kontakt med verksemder i nærområdet for å sjekke moglege videoopptak.

Ifølgje Bergens Tidende skal kvinna vere i 30-åra. Ho var ifølgje innsatsleiar på staden sterkt medteken og veldig nedbroten.

Tok hand om kvinna

– Vi stod ved fontena i Nygårdsparken då vi såg ei kvinne som kom opp frå nedre del av parken. Ho var sterkt medteken og falt saman framfor oss, fortel ein sjukepleiar til NRK. Ho ynskjer å vera anonym.

Ho var i parken laurdag og saman med ei anna kvinne gjekk dei bort for å hjelpa. Sjukepleiaren fortel til NRK at kvinna var i sjokk og hadde skader fleire stader på kroppen.

– Vi tok hand om kvinna til helse og politi var på staden. Ho var veldig redd og ho gråt.

– Noko av det verste eg har sett

Hilde Sandvik

Kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik var ein av dei første som møtte den forkomne kvinna.

Foto: Lillebø, Jan M. / Lillebø, Jan M.

Kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, var ein av dei første som møtte kvinna etter valdtekta, og var den som varsla politiet om ugjerninga.

– Eg har sjeldan sett eit menneske vere så livredd og så medteken. Ho var rett og slett totalt ute av seg, seier ho til NRK.

Kvinna hadde klart å kome seg opp til Nygårdsparken etter hendinga som skal ha skjedd ved Marineholmen, nokre hundre meter ifrå. Her knakk ho saman.

– Kvinna kom delvis springande, og sank saman i parken. Eg er veldig glad for at me var nokon som kunne fange ho opp, for det er ein frykteleg sårbar stad å vere, seier Sandvik, og viser til det høge talet narkomane som vankar i parken.

Ingen vitne

– Vi har ein patrulje på Bergen legevakt saman med kvinna. Vi prøver å få ut opplysningar, slik at vi kan finna ein åstad og halde fram undersøkingar der ifrå, fortel Gjesdal til NRK.

– Vi har ingen vitneobservasjonar eller anna som kan hjelpe oss i denne saka, legg han til og seier at politiet gjerne tek i mot tips frå publikum.

Han seier klokka 1715 at det framleis er usikkert kor den påståtte valdtekta skal ha skjedd.

– Men det skal ikkje ha skjedd i Nygårdsparken, men i området rundt ved Marineholmen.