Hopp til innhold

No stenger parken etter 50 år som rusarena

I dag stenger Nygårdsparken i Bergen etter 50 år som open russcene. – Eg er mest spent på korleis rusmiljøet vil reagere og agere seinare, seier politistasjonssjef Olav Valland.

Nygårdsparken

SET OPP GJERDE: 700 meter med gjerde blir no sett opp rundt øvste del av Nygårdsparken. Gjerdet skal halde ute folk medan byggearbeidet går føre seg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Når Nygårdsparken i Bergen i dag blir stengt for storoppussing, markerer det slutten på det som i vel 50 år har vorte omtala som Nordens største opne russcene.

Olav Valland

GODT FØREBUDDE: Når Nygårdsparken i dag stenger er politiet til stades for å passe på at verken rusavhengige eller andre er innanfor gjerda når dei kjem opp, fortel politistasjonssjef Olav Valland.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

I dag stengast inngangar, gjerde blir sett opp kring øvste del og patruljerande politi skal sørge for at uvedkommande ikkje tek seg inn.

– Jobben vår i dag er å sørge for at verken rusavhengige eller andre er innanfor gjerda når dei kjem opp, seier politistasjonssjef i Bergen sentrum Olav Valland.

Målet er at rusmiljøet i Nygårdsparken ikkje skal etablere seg på ny når parken opnar igjen sommaren 2015.

LES OGSÅ: Slik blir den nye Nygårdsparken

(Artikkelen held fram under biletet)

Nygårdsparken

STENGER: Etter 50 år som open russcene, stenger kommune og politi Nygårdsparken i Bergen. – I dag skal me sørge for at verken rusavhengige eller andre er innanfor gjerda når dei kjem opp, seier politistasjonssjef i Bergen sentrum Olav Valland.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vil hindre etableringa av nye russcener

Alt på slutten av 1960-talet blei det seld og kjøpt narkotika i Nygårdsparken i Bergen, og sidan 1970-talet har parken vore ein samlingsstad for narkomane.

Når dei rusavhengige no mister samlingsstaden sin, er politisjefen spent på kva som vil skje med miljøet.

– Eg er mest spent på korleis rusmiljøet vil reagere og agere seinare, seier Valland.

Då arbeidet med å stenge Nygårdsparken byrja i dag klokka 8, var det ein tom park som møtte politi og kommune. Men politiet er førebudd på at stenginga av parken vil krevje ekstra ressursar frå deira si side framover.

– Me har etablert ei stor innsatsgruppe som skal kjempe mot kriminalitet i dei opne russcenane. Dei vil ha fokus på å sørge for at det ikkje etablerer seg nye opne russcener i byen.

LES OGSÅ: – Stenginga gjer det verre - Hordaland

(Artikkelen held fram under biletet)

Politi i Nygårdsparken

KROKEN PÅ DØRA: I dag stenger Nygårdsparken i Bergen, etter 50 år som open russcene. Biletet er frå tidlegare i sommar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Fyrste prioritet blir dei utanlandske seljarane

Valland seier ein må forvente å framleis sjå rusavhengige i Bergen, men opne russcener skal byen ikkje lenger ha.

– Slike opne russcener som Nygårdsparken kan me ikkje ha. Det er ein stad for kriminalitet, kjøp og sal av narkotika, trugslar og vald, og det vil me ha ei endring på.

Dei siste åra parken blitt ein marknadsplass der utanlandske seljarar tilbyr narkotika, alkohol og sigarettar.

LES OGSÅ: Frykter selgerne havner i sentrum - Hordaland

– Fyrste prioritet framover blir å jobbe mot dei som sel narkotika, kanskje fyrst og fremst utanlandske seljarar som oppheld seg ulovleg i landet, seier Valland.

Kommunen og Helse Bergen har i forkant av stenginga etablert til saman tre mottakssenter, og eit medisinsk mottakssenter. Dei håpar dette skal bli nye møtepunkt for dei rusavhengige som no mister eit av samlingspunkta sine.

– Kommunen har og auka satsinga på bustadar for bustadlause. Me håper dette kan bli gode alternativ til å opphalde seg i rusmiljøet, fortel Valland.

– Er dette nok?

– Det vil framtida syne.