Hopp til innhold

18 personar jobbar fulltid på sprøyterommet nesten ingen bruker

LAKSEVÅG (NRK): Noreg sitt andre sprøyterom er bemanna for 100 injiseringar kvar dag. Ein månad etter opning er berre ein eller to rusmisbrukarar innom dagleg.

Tilsette ved sprøyterommet i Bergen

ROLEG START: Det er stort sett tomme stolar hos Grethe Nilsen og Torbjørn Falnes på det nyopna sprøyterommet i Bergen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

I desember opna Bergen kommune sprøyterommet ved Strax-huset på Laksevåg, men norsk lov tillèt berre injisering av heroin, noko som stenger ute mange potensielle brukarar.

Sprøyterommet har ei bemanning som kan ta imot 100 injiserande heroinistar i døgnet, men i snitt er det berre ein til to som nyttar tilbodet.

– Me skulle verkeleg ønska at fleire tok i bruk tilbodet vårt, seier avdelingsleiar Grethe Nilsen.

Dei rusavhengige får ikkje bruka rommet

Til trass for mange tilsette, står stolane på sprøyterommet stort sett tomme. Budsjettet i år ligg på 18,3 millionar, noko som inkluderer løn til 18 årsverk.

Sosialbyråd Erlend Horn (V) forklarer den høge bemanninga med krav frå lova, men presiserer at han trur besøkstala vil ta seg opp etter kvart.

Erlend Horn

LOVA ØYDELEGG: Byråd for sosial, bustad og inkludering, Erlend Horn (V), ønsker ei endring av lovverket.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Det tar tid å bygga opp tillit i rusmiljøet, i tillegg er dagens lov svært avgrensande.

Horn siktar til sprøyteromslova frå 2004 som berre opnar for injisering av heroin. Han håper på ei lovendring når Stortinget skal behandla eit representant-forslag 23. mars.

– Stortinget må sjå kor irrasjonelt og ulogisk det er at me opnar for heroin, men ikkje andre stoff. At me opnar for injisering av heroin, men ikkje røyking, som er mindre farleg.

Her kan ein røyka heroin, om lova endrar seg i mars

FORELØPIG VASKEROM: Her kan ein røyka heroin om lova endrar seg. Helsedirektoratet driv ein Switch-kampanje for å få rusmisbrukarar til å røyka heller enn å injisera, men sprøyteromslova legg ikkje til rette for dette.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Lovverket er utdatert

Om forslaget går gjennom i mars skal sprøyterommet snu seg raskt rundt, og bli eit brukarrom som når fleire av dei som treng det, fortel Grethe Nilsen,

– I dag må me avvisa folk i døra fordi dei har med seg "feil stoff". Tilbakemeldingane frå brukarane er at dei ønsker å injisera andre stoff enn berre heroin.

Då blir alternativet å setta sprøyter i kulde og regn. Nede i undergangen ved Strax-huset møter NRK ein mann som har vore heroinavhengig i 25 år, men som i likskap med mange andre, har gått over til andre stoff.

– Det er kanskje 1/4 som bruker heroin, og resten bruker amfetamin, så sjølv om det er kome eit sprøyterom rett ovanfor oss, sit like mange i tunnelen.

Erlend Horn bekreftar utviklinga. Han fortel at heroin er på tilbakegang i Europa, blant anna fordi det blir meir amfetamin- og blandingsbruk.

– Då den gjeldande lova blei laga var rustrendane annleis. Då var det veldig mange som berre brukte heroin. Lovverket me har i dag er utdatert, og burde bli oppdatert ut ifrå dagens verkelegheit.

Sprøyterommet i Bergen

TOMME STOLAR: Dei tilsette på sprøyterommet og byråd Erlend Horn (V) håper at fleire vil ta i bruk tilbodet med tida.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK