Hopp til innhold

Forslag om større kommunar «lagt dødt» etter fem dagar

Berre dagar etter at ekspertutval tok til orde for færre kommunar, er forslaget lagt vekk. Og nesten ingen vil snakke om det i valkampen.

Sunnfjord-skiltet på veg opp i Våtedalen

IKKJE SÅ HØGT: NRK har vore i kontakt med fleire som peikar på det same paradokset: Ekspertutvalet foreslår færre kommunar – men dei færraste ser seg tent med å snakke om det. Sunnfjord kommune vart ein realitet 1. januar 2020.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Det er interessant det som står om samarbeid og innovasjon.

Det sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) då han sist veke fekk tilrådingane til Generalistkommuneutvalget.

Tilrådinga om færre og større kommuneeiningar fall ikkje i like god jord, og vart avvist over bordet.

Å presse kommunane til samanslåing er ikkje ei løysing på utfordringane, sa statsråden.

Han gjentok bodskapen i Politisk kvarter på NRK P2 fredag morgon.

– Det er privilegiet til statsråden og regjeringa å vurdere om dette er eit forslag dei ønskjer å gå for politisk, eller ikkje, seier Tom Cato Karlsen, som leia utvalet.

Bakom tilrådinga syng hovudkonklusjonen om at ingen norske kommunar klarer å løyse alle 220 oppgåvene (sjå under) dei er pålagde å yte til innbyggjarane sine.

I fleire små distriktskommuner er lov-oppfyllinga under 60 prosent.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik står på en scene og holder en tale. Han rekker engasjert ut begge hendene. På veggen bak ham kan vi et kart over Sør-Norge, i tillegg til et bilde av Gjelsvik. Det sitter tre personer på et podium bak ham.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) er i beste fall lunken til deler av tilrådingane frå Generalistkommuneutvalget.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Nabopraten er ei tapar-sak

I mars vedtok Høgres landsmøte at fylkeskommunane må leggjast ned og at det er tilstrekkeleg med to forvaltningsnivå i Noreg: staten og (større) kommunar.

Likevel er det konfliktar internt i Høgre om kor aktivt dei skal oppmode til fleire samanslåingar.

Fleire Høgre-ordførarar NRK har vore i kontakt med omtalar ideen om å «ta nabopraten» som ei tapar-sak som berre er eigna til å skape støy og «mykje drit» inn i valkampen.

Valekspert Yngve Flo ved Universitet i Bergen meiner ambivalensen er like stor hos regjeringspartia.

Han set det opp slik:

  • Senterpartiet har valstrategisk interesse, men ikkje sakleg interesse av at samanslåingar er på dagsorden.
  • Arbeidarpartiet har sakleg interesse, men ikkje valstrategisk interesse av at samanslåingar er på dagsorden.

Forklaringa er at Senterpartiet tradisjonelt har fødd seg på motstand mot reformer, medan Arbeidarpartiet har vore meir reformvennlege.

Yngve Flo legg til at fleire forhold taler mot at samanslåingar blir eit sentralt valkamptema.

Det eine er at avstanden til Sanner-reforma ikkje er stor nok og at det er teikn til «reform-trøyttleik» ute i Kommune-Noreg.

Det andre er at det som blir Saka (med stor s) har ein tendens til å komme bardus på nokon einkvar.

Sist var det bompengane som snudde opp ned på alt.

Samsending med P2.

Leiar i Generalistkommuneutvalget, Tom Cato Karlsen (tidlegare Frp), og kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i duell.

Ingen vil ta i dette med eldtong

NRK har vore i kontakt med fleire som peikar på det same paradokset: Ekspertutvalet foreslår færre kommunar – men dei færraste er tent med å snakke om det.

Eg kan ikkje førestille meg at nokon vil ta i dette med eldtong, seier politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim.

Han legg til:

Dei einaste som mobiliserer på dette er Senterpartiet, og det vil både Høgre og Ap unngå, sidan dei smerteleg har fått erfare kva utfallet kan bli.

I avisa Nationen skriv politisk redaktør Anne Ekornholmen at rapporten til utvalet er «ei påskenøtt» for ein kommunalminister som ikkje er samd i hovudkonklusjonen.

Eg trur ikkje samanslåing blir eit tema i mange kommunar før valet, seier ho til NRK.

Lokalpolitikarane kjenner innbyggjarane sine godt nok til å vite at det er mykje kjensler, identitet og meiningar knytt til kommune og heimstad. Det vil setje mange andre viktige saker heilt i skuggen.

Viken Fylke

Valekspert Yngve Flo meiner Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum (bilete) ikkje har interesse av at samanslåingar er for høgt på dagsorden.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Politisk kryptonitt å snakke om samanslåing

I 2011 tapte Høgre tapte valet i Sandnes etter at dåverande ordførarkandidat sa ja til å slå seg saman med Stavanger. Spørsmålet bana veg for den umake konstellasjonen Ap/Frp, som har bestått i tre valperiodar.

Politisk redaktør i Stavanger Aftenblad, Harald Birkevold, karakteriserer det som «politisk kryptonitt» å snakke for høgt om eit Stor-Stavanger.

Det er frustrerande. Det er veldig mange gode argument for at Nord-Jæren Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg blir éin kommune, seier han.

Høgre og Frp la i 2017 vekk sitt primærstandpunkt om å leggje ned fylkeskommunen i byte mot at KrF og Venstre vart med på kommunereforma til regjeringa.

Det er beintøft å stå fram lokalt som «agent for endringar». Difor trur eg mange lokalpolitikarar frå andre parti vil vere redde for å setje temaet på dagsorden lokalt. Men eg og Venstre heiar på dei som tør. I det lange løp er det ingen veg utanom, seier Alfred Bjørlo (V).

Han karakteriserer situasjonen som «eigentleg heilt uhaldbar», og legg til at det berre er to løysingar:

  • At staten overstyrer kommunar som ikkje maktar å løyse oppgåvene sine
  • Ein gjennomgripande kommunereform med «færre og større kommunar som kan sikre og styrke lokaldemokratiet i staden for at det forvitrar bit for bit»

Les også Regjeringen vil endre loven for å kunne ha folkeavstemning i Søgne-saken

Kristiansand by sett fra sør

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet i Hordaland, Helge André Njåstad seier til NRK at det er «bra om nokon tek nabopraten», men trur ikkje det blir noko stort tema under valkampen.

Eg trur folk er lei av reversering og reformsnakk, og heller vil ha fokus på at nye kommunar skal få setje seg.

Eivind Helleland er ordførarkandidat for Senterpartiet i Vik kommune i Sogn.

Eg trur ikkje samanslåing vert ei sentral sak, men spørsmålet vil liggja i vasskorpa. Kompetansemangel, rekrutteringsvanskar, fråflytting og forgubbing er realitetar som kan blåsa liv i debatten.

Les også Forslag om å ta kraftmilliardar «dødt» etter berre éin dag

Vannkraft

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.