Hopp til innhold

Ny rapport: Fire av ti skular har for dårleg inneklima

Meir enn tusen norske skular har for dårleg inneklima, slår ny rapport fast. – Stor fare for at helseskadelege forhold får halde fram, åtvarar Helsetilsynet.

Elevar på Hyen barne- og ungdomsskule.

LEIE AV Å VENTE: På Hyen barne- og ungdomsskule har dei venta på ny skule i fleire år.

Foto: Marit Straume

– Det skal ikkje vere sånn, for me skal jo ha det bra på skulen, seier Karine Aandstad Ommedal.

Ho er elevrådsleiar på Hyen skule i Nordfjord. Inneklimaet på skulen har vore berykta i ei årrekke.

Ventilasjonssystemet er øydelagt og fleire stader er golvet sikra med ekstra metallplater slik at elevane ikkje skal gå igjennom.

Tilsette og foreldre har i fleire år klaga til kommunen.

– Me har fleire elevar som har vore vekke på grunn av den dårlege lufta, seier rektor Vigdis Henden.

– Krever ekstraordinær innsats

Det er i dag rundt 2600 skular i Noreg. Ein ny rapport frå Rådgjevande ingeniørars foreining viser at lufta er for dårleg ved 40 prosent av dei.

Det vil seie om lag 1040 skular.

Rapporten konkluderer med at det no er behov for ein «ekstraordinær innsats for å sikre eit tilstrekkeleg tilstandsnivå på kommunale bygg».

– Om kommunane held fram med å løyve dei same midlane som dei har gjort til no, så vil tilstanden på skulane bli verre, seier Liv Kari Hansteen i Rådgivande ingeniørars foreining til NRK.

Opplæringslova seier at «alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring».

Ramberg skole. Tydelige mugg på tak og vegger.

VART STENGD: Slik såg gangen på Ramberg skole ut før den vart stengd av kommuneoverlegen.

Foto: RITA R. LORENTZEN

– Helseskadelege forhold får halde fram

Inneklimaet ved Hyen skule går inn i ei større forteljing om norske skular.

I 2018 skreiv NRK om Varden skole i Bergen der ein tredjedel av elevane meldte om astma- og allergiplager. Lungespesialistar konkluderte med at det kunne ha samanheng med inneklimaet.

I 2019 skrev NRK om Ramberg skole i Lofoten, som måtte stenge på grunn av muggsopp.

Folkehelselova slår fast at kommunane, som eig og driv kommunale barnehagar og skular, har ansvar for å gjennomføre tilsyn med inneklimaet.

I 2019 undersøkte statsforvaltarane korleis dei varetek dette ansvaret. Dei konkluderte med at «somme av kommunane ikkje la til rette for å føre tilsyn med helse og miljø i barnehagar og skular.»

Muggsopp på Nye Varden skole i Bergen

MUGGSOPP: Slik såg Varden skole i Bergen ut før den vart stengd.

Foto: Cytox

Lovbrot i 42 av 53 kommunar

Helsetilsynet påpeika i ein rapport året etter at «dagens ordning inneber at kommunen ofte har ei dobbeltrolle, ettersom dei både eig og driv barnehagar og skular, og skal føre tilsyn den same staden.»

Rapporten avdekka lovbrot i 42 av 53 kommunar der det vart gjennomført tilsyn.

Helsetilsynet konkluderte: «Dersom oppfølgingsarbeidet er mangelfullt, og kommuneleiinga heller ikkje spør etter korleis det blir drive, er det stor fare for at helseskadelege forhold får halde fram.»

Arbeidstilsynet lagde den siste samla oversikta over inneklimaet ved norske skular. Det var i 2012. Krav til det fysiske arbeidsmiljøet er regulert i Arbeidsmiljøloven.

– Me har ingen eigen pågåande aktivitet der inneklima er hovudtema i 2021, men me følger opp om me får alvorlege tips om dette, for eksempel i offentlege bygg, seier seksjonsleiar Rosmari Johnsen i Arbeidstilsynet.

På ROBEK for fjerde gong

I Hyen har det vore planar om ein ny og betre skule i fleire år.

Men i år hamna kommunen på ROBEK-lista for fjerde gong. ROBEK er eit register over kommunar som har hamna i økonomisk ubalanse.

Ein ny skule vil difor la vente på seg.

– Kommunen har nedprioritert Hyen skule i fleire år trass i fleire klager, sukkar rektoren.

Kommunedirektør i Gloppen kommune, Anders Skipnes, svarer at dei er i gang med målingar av luftkvaliteten på skulen, men at kommunen ikkje har pengar til å utføre alt arbeid som skulle vore gjort.

– Det blir ikkje nokon god skule i Hyen før det blir ein ny skule, seier han.