Hopp til innhold

Kvar veke blir ein skule lagt ned – her håper dei at gruvedrift skal vere redninga

Færre elevar har gjort at 725 norske grunnskular har blitt lagt ned dei siste ti åra. I Vevring håper dei at gruvedrift skal gjere noko med barnekulla.

Fakkeltog for Vevring skule 25.01.21

FAKKELTOG: Bygdefolket i Vevring mobiliserte eit fakkeltog for skulen i bygda.

Foto: Gunnar Vassbotten

Sunnfjord kommunestyre, 28. januar. På sakslista står framtida til tre av grendeskulane i kommunen.

Éin av dei er Vevring skule, der sju elevar er fordelt på fire trinn.

Ein alvorstung ordførar tek ordet:

– Dette har vore ei vanskeleg og til dels tung sak. Dette har vore nærast ei samvitssak for fleire representantar, seier ordførar Olve Grotle (H) i Sunnfjord kommune.

Tre dagar før møtet har bygdefolket i Vevring mobilisert. Med faklar i hendene slo dei ring om skulen sin.

Over 100 personar møtte opp. Ville kommuneleiinga ta signalet?

– Skulen er så viktig for ei bygd

Overalt i landet er det liknande møte der kommuneleiinga må sjå den demografiske utviklinga i kvitauget, og vege ulike omsyn mot kvarandre.

Tal frå SSB viser at 725 grunnskular har blitt lagde ned dei siste ti åra.

I gjennomsnitt betyr det at éin skule blir lagt ned kvar einaste veke.

– Det er veldig vanskelege saker. Ein skule er så viktig for ei bygd, seier leiar Norunn Lunde Furnes (KrF) i oppvekstutvalet i Sunnfjord kommune.

Ho legg til:

– Dei små skulane kan opplevast trygge, alle kjenner kvarandre. Men det kan også bli for få venner og få læringskameratar.

Finst eit kritisk punkt

Ein analyse frå Utdanningsdirektoratet viser at skulenedleggingane først og fremst rammer små kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar.

«Når skular blir lagt ned, betyr det ikkje at bygda dør. Då er den allereie død», har professor Thomas Nordahl i pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet, tidlegare sagt.

– Det er eit kritisk punkt når elevar har veldig få jamaldra å velje mellom, og det er få som går i same klasse eller same trinn, seier han til NRK.

Han legg til at det sosiale miljøet ser ut til å vere litt meir utsett på mindre skular enn store, og at det ikkje er særlege faglege forskjellar mellom skulane.

Karstad skule

BLIR LAGT NED: Grendeskulen Karstad skule i Sunnfjord kommune skal leggjast ned til hausten. Skulen har seks elevar.

Foto: ARNE STUBHAUG / ARNE STUBHAUG

Kjipt i starten

– Eg syntest det var litt kjipt i starten, seier Kristoffer Karstensen.

For ti år sidan blei skulen hans på øya Batalden i Kinn kommune nedlagt.

Då måtte han staden fram og tilbake til fastlandet. To timar reisetid, kvar einaste dag.

I starten var det tøft å kome inn i ei gruppe der alle kjende kvarandre frå før, minst han.

– Men tenkjer eg tilbake no, er eg eigentleg glad for at eg måtte ha siste året på barneskulen der. Eg kjende folk betre då eg begynte på ungdomsskulen.

Helge Sandvig Thorsen har forska på kva som skjedde med elevane på 76 små ungdomsskular som var lagt ned.

– For eit lokalsamfunn kan det vere mykje som står på spel, men mi oppfatning er at det ikkje ser ut til å vere særleg grunn til bekymring når det gjeld sjølve skulekvaliteten for elevane som blir råka, seier ho.

– Små skular er opne mot omverda

FAU-leiar Terje Sekse Horne ved Verving skule ser at små skular er meir sårbare når noko ikkje fungerer, men at det også er plussider.

– Lærardekninga er god og elevane blir godt følgde opp.

– Du føler ei form for avmakt når du ser nedbygginga av den eine funksjonen etter den andre, seier Horne.

Terje Sekse Horne

ØNSKJER Å BEHALDE SKULEN: FAU-leiar Terje Sekse Horne ved Verving skule seier at foreldra håpar å behalde skulen også etter 2024.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Småskulane har eit fortrinn

Professor emeritus Rune Kvalsund ved Høgskulen i Volda meiner at småskulane har eit fortrinn når det kjem til sosial læring.

– Små skular er opne mot omverda, og særleg godt eigna for sosial læring som peikar utover klasseromsveggane.

Professor i pedagogikk ved Nordlandsforsking, Karl Johan Solstad, peiker på det same:

Brei sosial kontakt for elevane på tvers av alder og kjønn, omfattande vaksenkontakt og nær kontakt mellom skule og heim.

Dessutan:

– Alternativet til små skular er større skular med meir omfattande skyssordningar for elevane.

Håpar å behalde skulen

Attende i kommunestyret i Sunnfjord er det klart for avrøysting. For to av skulane er det over og ut.

Men for Vevring skule er det von i hengande snøre.

I fjellet ovanfor bygda har dei funne store førekomstar av mineralet rutil, og det kan bety gruvedrift og fleire arbeidsplassar.

Og med det: nye elevar og nye barnekull.

I fyrste omgang får difor skulen eksistere fram til august 2024, vedtek kommunestyret.

For FAU-leiar Terje Sekse Horne er berre det ein liten siger.

– Vi håpar det er nok å byggje vidare på, seier han.

Mengde skular etter skulestorleik, 2010 og 2020

FLEIRE STORE SKULAR: Det har blitt fleire av dei aller største skulane og færre av dei aller minste skulane i perioden 2010–2020.

Foto: SSB