Hopp til innhold

Skarp kritikk mot «bleik» og «utvatna» tryggingslov

Bergen Engines-saka gjer at regjeringa skjerpar lova som skal gjere Noreg trygg. Men ikkje nok, hevdar kritikarane.

Fabrikken Bergen Engines sett fra luften, med fjord i bakgrunnen.

BERGEN ENGINES: Det er misnøye i opposisjonen over innstrammingane i tryggingslova, som vert skulda for å vere «slappe» og «utvatna».

Foto: Alrik Velsvik / NRK

I 2021 vart Bergen Engines selt til eit russisk-kontrollert selskap for 150 millionar euro.

Bergen Engines var i utgangspunktet ikkje underlagt Tryggingslova, og alarmen gjekk først då Bergens Tidende omtalte salet.

Saka enda med at Solberg-regjeringa drog i nødbremsen og stansa avtalen med heimel i ein sikringsventil i lovverket.

Alternativt kunne det russiske selskapet, som hadde koplingar til Kreml, fått ansvar for vedlikehald på norske militærskip.

Sidan har det som er karakterisert som «slepphendt omgang med norsk forsvarsteknologi» vore drivaren i det politiske arbeidet med å stramme inn lovverket.

Bergen Engines-saka viste behovet for å ha gode mekanismar og verkemiddel for å sikre nasjonal tryggleik, sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) då ho la fram eit utkast til den nye lova i mars.

To månader seinare ligg lovutkastet på bordet til Justiskomiteen i Stortinget.

Det er ikkje lov å referere frå møta før innstillinga deira er ute, men NRK er kjent med at fleire i opposisjonen er kritiske til utkastet frå regjeringa.

Om det er nok til å velte lovendringa, står att å sjå.

HARDT VÆR: En rekke ledende jurister anbefaler at de foreslåtte endringene i offentlighetsloven ikke blir vedtatt, heller ikke i bearbeidet form.

Emilie Enger-Mehl (Sp) kritiserte Solberg-regjeringa for «tryggingspolitisk naivitet» då Bergen Engines-saka rasa i 2021. Saka representerte gjennombrotet hennar som rikspolitikar.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Høgre, Venstre og Frp er kritiske

Dei føreslåtte innstrammingane (sjå under) skal ifølgje regjeringa «auke den nasjonale motstandskrafta» ved å fange opp og eventuelt gripe inn overfor utanlandske «trusselaktørar» i Noreg.

Regjeringa har samtidig presisert at det er «viktig at det ikkje blir lagt uforholdsmessige byrder på næringslivet eller avgrensingar på handelen med andre land».

Dårleg tryggingspolitikk er ikkje god næringspolitikk, seier Sveinung Stensland, som representerer Høgre i Justiskomiteen.

NRK er kjent med at også Venstre og Framstegspartiet er kritiske til lovutkastet (sjå under).

Saka kjem til votering i Stortinget 9. juni.

Stensland karakteriserer dei nye innstrammingane som ein bleik og nedskalert versjon av eit lovforslag Solberg-regjeringa sende på høyring.

I opposisjon var Emilie Enger Mehl høglydt og utolmodig. No har ho hatt ansvaret i eitt og halvt år, og det har endå ikkje komme noko av substans, seier han.

NRK har lagt kritikken fram for statsråden, men har enno ikkje fått svar.

OPPDATERING klokka 20:45: Ivar B. Prestbakmo svarer på vegner av Senterpartiet (sjå under).

Sveinung Stensland (H)

– Det er grunn til å setje spørsmålsteikn ved om regjeringa har forstått alvoret. Fordekte oppkjøp og investeringar utgjer ein stor trussel mot norske tryggingsinteresser, seier Sveinung Stensland (H).

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Viser at regjeringa er bakpå

Utanrikspolitisk talsperson i MDG, Carl Johansen, støttar forslaget frå departementet, men legg til at det «burde vore på plass for lenge sidan».

Vidare ønskjer han seg strengare reglar ved sal av materiell som kan brukast til etterretning.

– Kjøparar av høgteknologisk materiell frå norske bedrifter bør kontrollerast i langt større grad. Det same gjeld akademisk samarbeid. Å sleppe til propaganda-apparat ved norske universitet undergrev vår eigen tryggleik.

Les også Solgte avansert utstyr til russisk kjøper: Ble mistenksom etter Nord Stream-eksplosjon

Instrumentcomaniet

Måndag melde Dagens Næringsliv at regjeringa godkjenner at eit investeringsfond i Abu Dhabi, som har satsa fleire milliardar dollar i russiske selskap, får kjøpe seg inn i fibernettselskapet GlobalConnect.

På kundelista til selskapet står fleire verksemder av tryggingskritisk betydning i Noreg.

Blant kundane er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Nødnettet og Tolletaten.

Same dag uttalte Nome kommune i Telemark at dei er «sterkt bekymra» for at kinesiske interesser skal få kloa i «deira» mineral i Fensfeltet.

Som eit nasjonalt vern foreslår dei eit norskeigd, statleg selskap til å drive gruvene på Fen. Ei løysing næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier nei til.

Begge desse sakene viser at regjeringa er bakpå i spørsmål om utanlandske oppkjøp av strategisk viktige selskap, seier Sveinung Stensland (H).

Per-Willy Amundsen

– Regjeringa burde stoppa oppkjøpet, seier Per-Willy Amundsen (Frp) om at regjeringa godkjenner at eit investeringsfond i Abu Dhabi, som har satsa fleire milliardar dollar i russiske selskap, får kjøpe seg inn i fibernettselskapet GlobalConnect.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Vi må unngå nye Bergen Engines-saker

Forsvarskommisjonen vart oppnemnt av regjeringa i 2021 for å vurdere kva vegval Noreg bør ta dei neste åra.

I rapporten, som vart lagd fram i mars, heiter det at verda har vorte mørkare og at heile landet «må tenkje breiare» om beredskap og tryggleik.

Rapporten kjem på toppen av stortingsmeldinga Samfunnssikkerhet i ei usikker verd (2020), som varsla at det var «behov for å vurdere behovet for fleire tiltak for å styrkje evna til å hindre uønskte investeringar i norske verksemder».

Lovendringa må føre til at vi unngår nye Bergen Engines-saker, seier Gunnar M. Ekeløve-Slydal, som er assisterande generalsekretær i Den Norske Helsingforskomité.

Han legg til at han «forventar at lovendringane sikrar at sensitiv industri og teknologi ikkje kan kjøpast av aktørar som kan true norsk tryggleik og suverenitet».

Lovgivinga og dei nye prosedyrane må føre til at nødvendige vurderingar blir gjort, sjølv om saka ikkje hamnar i media.

«Spionskipet» Marjata i dokk Harstad 9. desember 2019.

Etterretningsskipet «Marjata» er blant skipa som har motorteknologi frå Bergen Engines.

Foto: Nils Mehren / NRK

Les også Auka press på å stengje russiske fiskarar ute frå norske hamner

Det russiske fiskefartøyet Borey