Hopp til innhold

Har over 60 tonn miljøgift om bord: Ekspertutval vil dekka til naziubåt

Utvalet tilrår å heva mest mogleg av kvikksølvet før vraket og sjøbotnen blir dekka til. – Heving av vraket er for risikofylt, seier utvalsleiaren.

Ubåtvraket utenfor Fedje

VERKEBYLL OG MILJØBOMBE: Vraket av den tyske ubåten U-864 inneheld 65 tonn kvikksølv. På 19 år har Stortinget og skiftande regjeringar ikkje klart å avgjera om vraket skal hevast eller dekkast til.

Foto: Kystverket / Illustrasjon

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ettermiddag mottok fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) rapporten frå ekspertutvalet som hadde i oppdrag å vurdera kva som skal gjerast med ubåtvraket U-864. Utvalsleiar Gro Kielland presenterte hovudfunna og overrekte rapporten til statsråden.

Utvalet skriv at dei «tilrår heving av last (mest mogleg av kvikksølvet) før tildekking av vrak og sjøbotn.»

– Vi vurderer det som for risikofyllt å heva ubåten, seier Kielland.

Til liks med tidlegare utgreiingar, tilrår utvalet at vraket heller blir dekka til enn heva. Men dette siste utvalet føreslår eit kompromiss.

Tidlegare har andre rapportar konkludert på tildekking av både vraket og alt kvikksølvet. Kielland-utvalet meiner derimot at ein bør prøva å få kvikksølvet opp frå havet, men deretter dekka til ubåtvraket.

– Det at vi konkluderer annleis enn kva som er gjort tidlegare, bygger på oppdaterte samfunnsøkonomiske vurderingar og risikovurderingar, at vi meiner dette bør vere teknisk og miljømessig gjennomførbart, og eit stadig sterkare globalt fokus på at forureining skal ryddast opp i. I tillegg har vi vektlagt folk og næringslivs opplevde kjensle av tryggleik, seier utvalsleiar Gro Kielland.

Nye bilder av Fedje-ubåten
Foto: Kystverket

Forureiningsbombe

Det var i februar 2003 at Sjøforsvaret fann vraket av den tyske ubåten U-864 eit par nautiske mil utanfor Fedje. Den var i februar 1945 blitt torpedert av ein britisk ubåt, og alle 73 om bord omkom. Vraket knakk i to og ligg på 150 meters djup. Ombord hadde ubåten 1875 stålbehaldarar med totalt 67 tonn av det svært miljøfarlege stoffet kvikksølv.

Etter funnet er det påvist behaldarar tilsvarande om lag 65 tonn kvikksølv, og målingar tyder på lekkasje av rundt 4 kilo kvikksølv årleg frå vraket eller området rundt.

Frykta er at det skal gå hol på kvikksølv-behaldarane i ubåten, med potensielt katastrofale følger for havmiljøet og fiskerinæringa.

Dei enorme mengdene kvikksølv vil utgjera ei ekstrem miljøbombe dersom dei kjem ut i vassmassane og spreier seg med havstraumane langs det meste av norskekysten.

Politisk verkebyll om kvikksølvrisiko

Lokalbefolkninga, miljørørsla og dei fleste lokalpartia har kjempa for å få ubåtvraket heva og kvikksølvet vekk.

Om vraket skal dekkast til eller hevast, har vore ei politisk hovudpine i 19 år.

Kystverket har blitt sett til å greia ut spørsmålet mange gonger. Kvar gong har det tilrådd å la vraket ligga og dekka det til.

Vraket er 88 meter langt og veg 1616 tonn. Kystverket har meint det er stor risiko for at hevinga skal gå gale, med akutt kvikksølvforureining og enorm havforureining.

Fyllmasser ved U-864

Dei to delane av vraket av kvikksølv-ubåten ligg på ustabil sandbotn, men vart stabilisert i 2016, mens ein venta på ei endeleg avgjerd om løysing.

Foto: Kystverket

Uvisse

Utvalsleiar Kielland poengterer at utvalet har hatt stor respekt og audmjukskap for viktigheita av arbeidet og det å få ei endeleg løysing for U-864 – både for lokalbefolkninga og andre interessentar.

Utvalet skriv i rapporten at det er betydeleg uvisse om kor mykje kvikksølv det dreier seg om, kvar det er, og tilstanden til både kvikksølvbehaldarane og vraket.

Derfor er det uvisst om det faktisk let seg gjennomføra å henta opp det meste av kvikksølvet, sa Kielland på pressekonferansen.

Utvalet meiner hevinga av miljøgifta må gjerast trinnvis, slik at ved kvart avgjerdspunkt vil ein måtta vurdera om ein likevel må avslutta hevingstiltaket og gjennomføra ein tildekking.

Fiskeriministeren: – Byrjinga på slutten

Rapporten blir sendt på tre månaders høyring.

– Med denne rapporten markerer vi forhåpentlegvis byrjinga på slutten for denne vanskelege og svært omdiskuterte saka om ubåten på Fedje.

Det sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran då han mottok rapporten.

– Det er viktig for regjeringa å velja ei løysing som er trygg for miljøet og befolkninga. Eg tar på alvor den uroa folk på Fedje og langs vestlandskysten har levd med i mange år på grunn av denne saka.

Stoltenberg ombestemte seg

I 2007 avgjorde Stoltenberg-regjeringa tildekking, men ombestemte seg to år seinare og vedtok å heva vraket sommaren 2009. Kystverket hadde i mellomtida konkludert at heving var mogleg, men på ny tilrådde dei tildekking.

Stoltenberg stadfesta hevingsvedtaket i 2010, men bestilte endå fleire rapportar. Og då han gjekk av som statsminister i 2013, låg ubåten framleis på havbotnen. Til saman ombestemte hans regjering seg to gonger, og bestilte ein ny rapport like før regjeringa gjekk av.

Solberg ombestemte seg

Både Høgre og Framstegspartiet garanterte i 2013 at dei ville heva ubåten.

Men den påtroppande statsministeren Erna Solberg (H) sa same hausten verken ja eller nei til heving og regjeringspartia blei tause om saka.

Også dåverande KrF-leiar Knut Arild Hareide, som no er statens sjøfartsdirektør, ønska heving, men meinte det var riktig å «ikkje låsa seg no».

I 2014 gjentok Kystverket rådet om tildekking, og i 2018 hadde Solberg-regjeringa snudd og gjekk inn for å la vraket ligga. Ho sette av midlar til tildekking innan sommaren 2020.

Men i oktober 2020 sette Solberg-regjeringa ned eit nytt utval som skulle greia ut spørsmålet nok ein gong. Rapporten deira skulle eigentleg vore klar i november, men utvalet fekk utsetjing til 1. juli i år. Også den fristen sprakk, men i dag har utvalet omsider konkludert.