Hopp til innhold

Lisbeth har kjempa for å heva tysk nazi-ubåt sidan ho var småbarnsmor – no er ho bestemor

I over 20 år har befolkninga i øykommunen kjempa for å få vekk eit gammalt ubåtvrak på havbotn. No varslar regjeringa avgjerd før sommaren.

U-864 animasjon

Slik skal vraket liggja på havbotn i farvatnet utanfor Fedje i Vestland. Så mykje som 60 tonn kvikksølv kan vera ombord.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein følgjetong. Både i det offentlege og i media.

For heilt sidan fartøyet KNM «Tyr» lokaliserte vraket av U-864 på havbotnen utanfor øya Fedje på Vestlandet i 2003 har debatten gått om kva som skal skje med den tyske ubåten.

Om bord kunne det vera så mykje som 67 tonn kvikksølv.

Prøvetaking viste enorme konsentrasjonar av kvikksølv i farvatnet rundt.

– Me får pressa på for å verta kvitt svineriet, sa dåverande ordførar Erling Walderhaug til NRK i 2003.

Ubåtvrak ved Fedje

Her er vraket av ubåten på havbotnen. Dei som har sett serien Das Boot på NRK kjenner kanskje igjen detaljar frå utsida.

Foto: KYSTVERKET / SCANPIX

Har kjempa i lang tid

Ifølgje ei tidslinje som regjeringa sjølv har lagd kom det allereie i 2005 råd frå Mattilsynet om at gravide, ammande og små barn ikkje burde eta sjømat frå området ved vraket.

Sidan den gong har det vore produsert tallause artiklar og utgreiingar om vraket.

I den seinaste rapporten, som kom i 2022, var rådet tildekking.

Helga Pedersen på Fedje

Dåverande fiskeri- og kystminister Helga Pedersen (Ap) går i land på Fedje i 2008. Temaet var ubåten i farvatnet utanfor øykommunen.

Foto: Hommedal .Marit / SCANPIX

Men vraket ligg framleis på havbotnen.

– Då saka starta var eg småbarnsmor. No er eg bestemor, og det seier noko om kor lenge denne saka har gått føre seg. Diverre. Det er heilt ufatteleg, seier Lisbeth Stuberg som har stått i front for kampen for heving av ubåtvraket i lang tid.

No føler ho seg resignert. Men det skal ikkje mykje til for aktivistgneisten vert tent igjen.

– Om dei prøvar seg på eit nytt tildekkingsvedtak vil dei oppleva at dette ikkje er akseptabelt, legg ho til.

Lisbeth Stuberg har kjempet for heving av ubåten på Fedje siden hun var småbarnsmor. Nå er hun bestemor.

Sidan tidleg på 2000-talet har Lisbeth Stuberg kjempa for å få vekk ubåtvraket ved Fedje. Då kampen starta var ho småbarnsmor, no er ho bestemor.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Innbyggjarar på Fedje: – Me har resignert

I 2022 anbefalte eit ekspertutval fjerning av kvikksølv i ubåten. Deretter tildekking.

Førebels har det heller ikkje skjedd noko etter denne rapporten. I alle fall ikkje med ubåten.

– Me er resignerte. Det er det rette ordet.

Orda kjem frå Ingrid Handeland og resten av damene på strikkekafeen i rådhuset på Fedje.

Ingrid Handeland og de andre damene på Strikkebua på Fedje diskuterer ubåtsaken.

Praten går laust på strikkekafeen i Fedje rådhus. Temaet er ofte det same, nemleg vraket av U-684.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Kvar gong det kjem nye parti på Stortinget så lovar dei at det skal skje noko med kvikksølvet. Og så skjer det absolutt ingenting, slår dei fast.

Ordførar Stian Herøy (H) meiner den lokale kampen for heving har forseinka prosessen.

– Men me gjev oss ikkje. Ubåten skal vekk, seier han.

Das Boot ep8

Her er ein tysk ubåt frå serien «Das Boot». Serien er lagt til åra under 2. verdskrig.

Kjem avgjerd før sommaren

No, innan midten av 2024, kan det endeleg vera håp om at noko skjer med ubåten.

Då har det gått over 20 år sidan han vart funnen.

Nærings- og fiskeridepartementet har planar om ei sak til Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett før sommaren.

Det skriv statssekretær Kristina Hansen (Ap) til NRK.

Kva har skjedd sidan september 2022 då ekspertutvalet leverte den siste rapporten?

Sidan september 2022 har ekspertutvalet si rapport vore på høyring. Deretter har departementet brukt tid på å vurdera rapporten og høyringssvara. Det er krevjande og komplekse vurderingar regjeringa no er i gong med, og dette arbeidet har difor teke noko tid. Me meiner det har vore viktig å bruka den tida som er naudsynt for å sikra at regjeringa treff den rette avgjerda, svarar ho.

Tilbake på strikkekafeen er deltakarane klare på at dei har eit lite håp.

Me håpar ho liksom kvar dag at det skal komma ein beskjed om at no, no skal me ta opp kvikksølvet. Det er jo det me håpar på, seier Ingrid Handeland.

Bildene er så tydelig at de kan se tøyduker og kartlegge havbunnen i 3D.

Slik ser det ut på havbotnen.