Hopp til innhold

– Forstår usikkerheit rundt ubåt-heving

Krf-leiar Knut Arild Hareide meiner det er klokt av den nye regjeringa å ikkje vera for bombastiske om Fedje-ubåten.

Knut Arild Hareide

VIL VENTA PÅ FAGLEGE RÅD: KrF-leiar Knut Arild Hareide vil ha ubåten heva, men vil likevel ikkje kritisera den blåblå regjeringa for deira formuleringar kring ubåtvraket.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Nye bilder av Fedje-ubåten

HER LIGG UBÅTEN: Vraket av den tyske ubåten vart oppdaga i 2003.

Foto: Kystverket

Hareide er sjølv tilhengar av at kvikksølvet frå U-864 bør hevast. Han har likevel forståing for det nye standpunktet til Høgre og Frp.

Sjølv om dei kommande regjeringspartia har vore for heving, opnar dei for noko anna i regjeringsærklaringa. Erna Solberg har likevel gjordt det klart at alle moglegheiter forsatt er opne.

LES ÓG: Ein del av U 864 er heva

– Klokt å avventa

– Det er klokt av regeringa å ikkje låsa seg no, seier Hareide, som sjølv er erklært tilhengar av heving. Han viser til sprikande faglege råd.

– Eg forstår at dei har vald den type formulering. No kan dei få faglege råd sjølv. I regering sit dei på heile det faglege apparatet.

Hareide meiner likevel at det viktigaste er at den nye regeringa har tatt med saka i regjeringserklæringa.

U-864 3D kartlegging

INNEHELD KVIKKSØLV: U-864 hadde 65 tonn flytande kvikksølv om bord. I tillegg var båten lasta med 27 torpedoar.

Foto: Kystverket

Sprik i faglege råd

– Det er viktig at dei har ein ambisjon om å gjera noko med denne store miljøsaka, seier Krf-leiaren, som var førstekandidat for KrF i Hordaland.

– Når det no står i regjeringserklæringa, må det å finna den beste løysinga vera noko av det første dei går i gang med.

Hareide var leiar for transportkomitéen på Stortinget i forrige periode som hadde open høyring om Fedje-ubåten.

– Det var tydeleg at dei faglege råda sprikte, så det er bra at den nye regjeringa tek tak i dette dette. Arbeidet har stått i ro i fleire år. Me må få gjort noko med denne miljøfaren no, seier Hareide.

LES ÓG: Ein del av U 864 er heva